Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 4 / 14

Reinspikka populisme

Programnemnda i Oslo Ap gjer i programmet til neste kommuneval framlegg om eit forsøk med ein standpunktkarakter i norsk i Oslo-skulen. Oslo Ap vil såleis ha omkamp om sidemålskarakteren. I haust skal saka ut på høyring i lokallaga i Oslo. Berre eitt år etter at den raudgrøne regjeringa vart samde om å halda på eigen karakter i sidemålet, vil altså Oslo Ap fjerna sidemålskarakteren. Og det samstundes som deira eiga regjering i førre periode oppretta ei forsøksordning over heile landet med felles karakter i sidemål og hovudmål dei to fyrste åra på vidaregåande. Det vil vera svært uheldig å innføra eit nytt forsøk oppå det allereie pågåande forsøket som fleire Oslo-skular er med på.

At Libe Rieber-Mohn kallar nynorsken ei plage, syner kva som ligg attom framlegget: Eit simpelt forsøk på å trekkja til seg veljarar på kostnad av nynorsken. Når Oslo Ap heller ikkje vil møta Noregs Mållag til debatt i Dagsnytt 18, må me gå ut frå at det ikkje ligg nøye kunnskapsbaserte vurderingar til grunn for framlegget, men reinspikka populisme, som gjer det vanskeleg å forsvara i debatt med mållaget.

Libe Rieber-Mohn og nemndsmedlemene hennar har neppe lese den nett utkomne rapporten frå Proba samfunnsanalyse (utarbeidd på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet). Hadde dei gjort det, hadde dei sett at han slår fast at vantande nynorskkunnskapar og mangel på nynorsk i ålmenta, er hovudgrunnen til at elevar i randsonene byter frå nynorsk til bokmål. Rapporten slår vidare fast at lærarutdanningane ikkje sikrar at lærarar som skal ut i skulen, har god nok kompetanse i nynorsk. Dei måler heller ikkje denne kompetansen på ein måte som gjer at framtidige arbeidsgjevarar kan vera visse på om søkjarar meistrar nynorsk godt nok. I ein slik kontekst er det lett å sjå at Oslo Ap sitt framlegg om at elevane i Oslo-skulen skal læra mindre nynorsk, er eit direkte åtak på nynorsken. Oslo Ap vil ikkje at elevane i hovudstaden lenger skal ha noko ansvar for å læra seg begge dei to norske språka, og ser ikkje at mindretalet er avhengig av at fleirtalet tek det ansvaret for at mindretalet skal få dei språklege rettane sine oppfylte. Dei som skriv nynorsk får sigle sin eigen sjø, meiner tydelegvis Oslo Ap.

Sist ein svekte vurderingsordninga i sidemål, melde sensorane frå om at nynorskkompetansen var lægre. Karakterar er undervisningsstyrande, det ein får karakter i, det øver ein på. Fjernar ein karakteren i sidemål i Oslo-skulen, vil elevane øva mindre på nynorsk. Det seier seg sjølv, det er sjølve intensjonen bak framlegget. Målet er altså å utdanna heile kull med Oslo-elevar som er endå dårlegare i nynorsk enn i dag. Attpåtil vil ein gjera det uråd for framtidige arbeidsgjevarar på leit etter god nynorskkompetanse, å kunna finna prov på det på vitnemålet.

At norskfaget i dag tek for stor plass på vitnemålet, som Rieber-Mohn uttala i samband med framlegget, vitnar om eit underleg syn på det viktigaste faget vårt. Det skulle berre mangla at ikkje norsk tok meir plass på vitnemålet. Gode norskkunnskapar er ein føresetnad for all anna læring. Norskfaget er basisen for å forstå og kunna delta i det norske samfunnet.

Som ein slags overbygnad for framlegget forsøker Oslo Ap å hevda at ein tidlegare har forsøkt valfritt sidemål med stort hell i Oslo. Slik påstandar er mest eigna til å minna om at konklusjonane frå den gongen, kan ein knø og dra i til dei vert forma til det ein vil dei skal seia. Forsøket med valfritt sidemål i Oslo gav oss ingen nye innsikter om korleis sidemålsordninga verkar inn på læringa. Forsøket med valfritt sidemål skulle den gongen forskast på, men det hasta slik med å koma i gang at ein ikkje tok seg bryet med å kartleggja nokon før-situasjon. I tilegg endra skulen det pedagogiske opplegget for norskundervisninga til prosessorientert skriving og mappeevaluering. Elevane som hadde hatt fritak frå nynorsk, gjorde det ørlite betre i hovudmål. Om det skreiv seg frå fråveret av nynorsk eller dei nye pedagogiske metodane, er det umogeleg for forskinga å seia noko om. Sentrale forskingsinstitusjonar kritiserte forskinga for å vera useriøs, og NIFU STEP, som laga rapporten om forsøket, gjekk langt i å seia seg samd.

Når så Oslo Ap til slutt skubbar innvandrarungdomen framfor seg med dårleg skjult adresse til alle dei som i dag har fritak, er det eit sleipt triks. Mykje tyder på at fritaksordninga vert praktisert svært romsleg. Har du dansk far, er det grunnlag for fritak. Oslo Ap burde heller vore oppteken av at dei som verkeleg trong fritak, fekk det, medan alle andre fekk nett den same utdanninga uansett hudfarge eller talemål i heimen.

I staden for å vera med på å spreia dårlege haldningar til sidemålsopplæringa, burde Oslo Ap sjå til vellukka forsøk i Oslo-skulen med positiv sidemålsundervisning, som t.d. Holmlia-forsøket. Men det skaffar dei kanskje ikkje like mange røyster?

Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no