Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 5 / 2014

Bokmålsreforma

Me som bur ytst ute eller inne i Distrikts-Noreg, veit alle at smått er truga. Me må slåss for skulane våre, bankane våre, butikkane våre og bensinen vår. Store ”robuste” einingar vil ikkje ha bankfilialar i småbygdene i Hardanger eller køyra milevis for å levera drivstoff til ein liten butikk på ein utpost i Finnmark. Fri flyt er ikkje alltid like lett når ferga berre går to gonger om dagen.

Nedlegging og sentralisering av tenester ute i distriktskommunane skubbar sakte men sikkert folk frå dei minste bygdene og inn til dei større. Med ei ny kommunereform vil sentraliseringspresset auka. Dei minste kommunane vil tape arbeidsplassar og tenester til dei større. På same måte som anna politisk styrt utvikling som t.d. større einingar i landbruket, konkurranseutsetjing av posttenester og helsetenester, er alt politikk for sentrale strok.

Sjølv om det har vore nynorskklassar i både Bergen, Oslo, Trondheim og Tromsø, så er det i distrikta at nynorsken er rotfest. I mange av dei mest utsette distriktsområda er det nynorsken har slege seg ned og blitt det lokale språket. Her er det produksjonen av nye nynorskbrukarar går føre seg. Difor er nynorsken heilt avhengig av at staten Noreg driv ein aktiv distriktspolitikk. Ein distriktspolitikk som gjer at det kan bu folk ute i distrikta. Slik at nynorskkrinsar som t.d. Sel og Heidal i Sel kommune slepp å kjempa mot nedleggingstrugsmål og verta innlemma i bokmålskrinsen Otta.

Noregs Mållag har fått utarbeidd ein rapport om kommunesamanslåing som er presentert i dette nummeret av Norsk Tidend. Han syner at førre reform var med på å skubba nynorsken ut or mange kommunar i Noreg. Nynorsken mista det administrative fotfestet han trong, då han mange stader vart røysta ut av dei nye kommunane. Ofte gjennom det tilsynelatande kompromisset: nye språknøytrale kommunar. Då, som no, står kampen for språket i dei nye kommunestyra. Det kan verta ein tøff kamp, det syner soga, og det syner alle andre debattar der mindretalet sine språkrettar vert utfordra av fleirtalet her til lands.

Rapporten teiknar risset av eit språk som treng strukturar rundt seg som er med på å hegna om det. Og nynorskkommunane er slike openberre strukturar, med ei gjerdeplikt som er med og lèt språket på innsida få gro og veksa. Kommunale arbeidsplassar med nynorsk som administrasjonsspråk er viktige, saman med sterke nynorske sentrum.

Om kommunereforma sentraliserer arbeidsplassar til bokmålssenter og slår saman kommunar med ulikt tenestemål, vil posisjonen til nynorsken verta utsett. Det syner rapportane frå førre samanslåing.

Me er ikkje åleine om å vera uroa over språklege fleirtal og mindretal ved eventuelle samanslåingar. Til Klassekampen 7. november uttrykkjer sametingspresident Aili Keskitalo den same uroa. Sametingspresidenten er uroa for at det samisktalande folket skal tapa språkrettar dei i dag har, ved at nye majoritetar røystar samisken ut av dei nye kommunane. Også i nord er det uro for at reforma vert ei bokmålsreform.  

Regjeringa og Stortinget har lagt vekt på at samisk ikkje skal koma dårlegare ut av ei samanslåing. Dei har teke inn over seg at språklege styrketilhøve er ein faktor i samanslåingar. No har dei sett ned eit utval for å finna ut korleis ein kan løysa utfordringane i dei samiske forvaltingsområda. Og sametingsrådet har gått inn for tiltak som må på plass, om samisk språk og kultur ikkje skal lida i reforma: dei vil at nye storkommunar som «sluker» samiske kommunar, må få status som samiskspråklege, sjølv om fleirtalet i kommunestyret skulle vera imot. Dei vil at offentlege institusjonar som i dag må følgja språkreglane i samelova, må halda fram med dette etter ei samanslåing. Og dei vil at samiskspråklege arbeidsplassar på bygda må haldast oppe i dei nye storkommunane.

Eit slikt særomsyn til samisk som sametingsrådet her krev, er heilt i tråd med liknande asymmetriske rettar for små språk rundt om i verda og lovgjevinga kring samisk språk i dag. Å få til det same for nynorsk vil krevja ein ny måte å sjå på tilhøvet mellom nynorsk og bokmål på. Men det må til om ikkje kommunereforma skal verta ei bokmålsreform ikkje berre i nord, men òg i nynorskområda.

Nynorskbygdene, til liks med dei samiske bygdene, er avhengige av gode ordningar og gode tenester. Skal nye bedrifter etablera seg der, må posten koma, skal nye innbyggjarar produserast, er ein avhengig av arbeidsplassar og ein bruksstruktur i landbruket som sikrar meir enn to bønder i kvar i bygd. Difor er kampen for nynorsk og samisk mange stader nett den same som kampen for butikk, bensin og basseng. Ein kamp mot dei store sentraliserande kreftene.

Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no