Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 2 / 2015

NRK og dei andre

Regjeringa kjem i juni med ei ny stortingsmelding om NRK, og for kort tid sidan letta dei på sløret og uttala at dei ville avgrensa NRK sin aktivitet på nett.

NRK er i dag den største nettavisa i Noreg, og regjeringa ser ut til å meine at ho såleis er ein for stor konkurrent til dei andre nettavisene som ikkje skal leva av lisenspengar.

Det er usemje i det mediefaglege miljøet om kor stor konkurrent NRK er, og i kor stor grad NRK sin storleik øydelegg for dei andre aktørane i marknaden. Men ikkje uventa meiner altså Høgre og Frp at NRK sin posisjon bør avgrensast. Fordi ålmennkringkastingsoppdraget er knytt til NRK sin aktivitet på radio og fjernsyn, er det aktiviteten på nett som skal avgrensast. I ein marknad der papiravisene strevar med å tena pengar på nettjournalistikk kan det synast urettvist at ein stor aktør som nrk.no skal kunna få breia seg på nett heilt gratis, der dei må kjempa for reklamekroner og ta betalt frå lesarane.

Likevel er NRK noko anna. Dei er pålagde eit ålmennkringkastingsoppdrag. Dei skal stø opp om demokratiske, kulturelle og språklege behov i Noreg. Det held dei seg til på nett òg.  Nrk.no er den einaste av dei store nasjonale nyhendenettstadene som produserer godt med saker på nynorsk. Dei er også dei einaste som har ein medviten politikk kring nynorsk tekstproduksjon og rekruttering av nynorskjournalistar. Ein kan heile tida lesa om det aller siste som skjer her i landet eller i utlandet på nynorsk. Om nrk.no som tekstbasert nyhendekjelde på nett skulle forsvinna eller hamna bak ein betalingsmur, ville det vore dårlege nyhende for omfanget av og tilgjenget til nynorsktekst i ålmenta.

Så lenge ingen av dei store riksdekkjande avisene publiserer nyhende på nynorsk på nett, vil eit krav om å vengjeklippe NRK på nett vera med å gjera nynorsken mindre synleg i ålmenta. Å krevja at riksavisene opphevar det redaksjonelle forbodet mot nynorsk i avisene, er den einaste rimelege motytinga frå regjeringa om dei no fjernar ein brysam konkurrent for nettavisene.

Sterke ålmennkringkastarar er med på å sikra eit kulturelt mangfald i framtida – ikkje minst språkleg. Når ingen andre av dei store nettavisene slepp nynorsken til, er det NRK som i dag sikrar at nynorsk er eit levande mediespråk som er synleg i heile Noreg, ingen andre.

Den geografiske plasseringa av NRK har mykje å seia for kva nyhende me får og kva språk dei kjem på, og ikkje minst for rekrutteringa av medarbeidarar. NRKs desentraliserte profil, mellom anna med distriktskontor, spelar difor ei viktig rolle i bruken av nynorsk og dialektar. Ser ein på nrk.no sine nettsider i dag, er ein stor del av dei sakene som er skrivne på nynorsk, produsert av eit distriktskontor med eit sterkt nynorskmiljø.

Historisk har NRK gått framfor i arbeidet med å stø opp om dialektbruk og nynorskbruk. Klåre føringar i NRK-plakaten for nynorskbruk har fungert og gjort nynorsken meir brukt og synleg enn hjå nokon annan rikskringkastar. Dette arbeidet er minst like synleg på nett som i resten av NRK sine produksjonar.

Det tradisjonelle kravet om 25 prosent nynorskdel i NRK er ei påminning om at nynorsken har hevd på ein rimeleg representasjon. Det er avgjerande at me tek inn over oss at kulturen og den kulturelle utviklinga vår i stor grad blir prega av media.

 

På lik line med andre mindre brukte språk, så treng nynorsken plass i ålmenta, skal han verta brukt. I dag gjer det redaksjonelle nynorskforbodet i dei største riksavisene nynorsken usynleg i store delar av rikspressa, NRK er eit heiderleg unntak.

Det at NRK produserer nyhendesaker, barne-tv og underhaldningsprogram på fjernsyn, radio og på Internett hevar statusen til nynorsk, og gjer det lettare for nynorskbrukarar å halda på og å læra nynorsk. Det gjer òg at alle i Noreg må lesa både nynorsk og bokmål. Og for skriftspråket nynorsk er den skriftlege produksjonen på nett ekstra viktig. At ein så stor tekstprodusent som NRK produserer så mange av sakene sine på nynorsk, er avgjerande.

Ein løyser få av problema til dei andre mediebedriftene ved å avgrensa aktiviteten til NRK på nett, men faren er altså at ein straumlineformar og sentraliserer innhaldsproduksjonen på nett. Det er dårleg nytt for nynorsken, og det er dårleg nytt for alle dei som bur utanfor dei store byane.

 

Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no