Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Stadnamnlova Nynorsk Grunnlov Normering Næringsliv Kyrkjemål Skule IT Media Offentleg målbruk Val Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Norsk Tidend 3 / 2015

Når fleirtal køyrer over mindretal (eller omvendt)

Den nasjonale majoriteten som bokmålet utgjer, påverkar nynorsken også der nynorsken er ein majoritet.

Det fekk me eit godt døme på i Ryfylke for nokre veker sidan. Rådmennene i dei tre kommunane Strand, Hjelmeland og Forsand har saman utarbeidd ein intensjonsavtale om dei tre kommunane skulle slå seg saman. Her hadde dei òg handsama spørsmålet om språket i ein eventuell framtidig storkommune. Rådmennene hadde landa på at den nye kommunen burde verta nøytral, men at han burde sikra eit minimum av 25 prosent nynorsk.

I dag er Strand kommune språknøytral, medan Forsand og Hjelmeland er nynorskkommunar. Strand er den største av dei tre kommunane. Når rådmannsgruppa vel å lansere ein ”25-prosentregel”, har dei nok sett til mållova og NRK, som begge har slike krav, mållova andsynes statsorgan som er nasjonale. Om ein legg velviljen til, kan ein mistenkja dei for å villa nynorsken vel, gjennom raust å slå fast at nynorsken skal ha ein plass i den nye kommunen, og å gripa til eit målsetjing på 25 prosent som mange meiner er vel raus i nasjonal samanheng. Å vera språknøytral i dag, tyder ikkje anna enn at det fritt er opp til dei tilsette kva språk dei vil bruka. I praksis er dei alle fleste språknøytrale kommunar bokmålskommunar.

Problemet med den (tenkte) slutninga til rådmennene er at dei forvekslar den nasjonale språkstoda med den lokale. Sidan nynorskelevar i grunnskulen er den einaste måten ein kan telja nynorskelevar på, lyt me sjå på språkstoda ut frå dei tala: I desse tre kommunane fordeler nynorskbruken seg slik: Forsand kommune 100 prosent nynorskelevar, Hjelmeland kommune 93 prosent nynorskelevar og Strand kommune 52 prosent nynorskelevar. Samla er det altså 64 prosent nynorskelevar i dei tre kommunane. Såleis vert det som sikkert er meint som ei sikring av dei språklege rettane og behova til nynorskbrukarane, meir ei sementering av statusen til bokmålet også i dei kommunane som i dag er nynorskkommunar. I Forsand og Hjelmeland vil difor nynorskbrukarane mest sannsynleg koma mykje dårlegare ut enn dei gjer i dag.

Prosentargumentasjon i mindretalsspørsmål er ei vanskeleg øving. Mindretalet har, uavhengig av prosent, eit anna behov enn fleirtalet. Skulle den nye kommunen verta ein nynorskkommune, ville det på ingen måte vore vanskeleg for bokmålsbrukarane å finna, og lesa, språket sitt rundt seg. Bokmål er rundt oss alle, uansett kva språk kommunen vel å verta administrert på. For nynorskbrukarane er det annleis. Dei må leita for å finna støtte for sitt språk, og vert kommunen i hovudsak administrert på bokmål, vil dei finna mindre nynorsk rundt seg enn dei gjer i dag. Vil ein nynorsken vel, bør ein ikkje laga reglar som i praksis ikkje sikrar nynorsken i det heile.

Noregs Mållag sitt hovudargument i spørsmål om kommunale språkval er at nynorsken som eit mindre brukt og mindre sett språk i ålmenta, treng strukturar som hegnar om han og held han oppe, på ein heilt annan måte enn bokmålet treng. Når rådmannsgruppa føreslår berre å garantera at ein skarve fjerdedel av den viktige tekstproduksjonen som den eventuelt nye kommunen skal produsera, skal vera på nynorsk, vitnar det om mangel på forståing for situasjonen åt nynorsken.

Skulle ein ta nynorskbrukarane og nynorsken på alvor og dei behova språket har for nokre stader å vera i fleirtal, så burde den nye kommunen verta ein nynorskkommune. Alt anna er ei svekking av nynorsken i dei to nynorskkommunane.

Språket i skulekrinsane er ikkje automatisk påverka av det kommunale språket. Men presset aukar på nynorskkrinsane med mengda bokmål rundt dei. Den språklege assimileringa frå nynorsk til bokmål liknar på den me ser i alle andre språksamfunn med fleirtal og mindretalsspråk. Me treng ikkje sjå lenger enn til dei samiske forvaltingsområda før me ser den same uroa for kommunereforma som me er opptekne av.

Dømet frå Ryfylke illustrerer svært godt kva som kan koma i utgreiingar om nye kommunekonstellasjonar på tvers av språk: På mange måtar ovrar desse prosessane seg som det nokre nasjonalismeforskarar kallar ”majoritetsnasjonalisme”. I det norske språkspørsmålet kjem det til uttrykk gjennom at bokmålet vert det ”normale”, og at det er den nasjonale majoriteten som får avgjera kva som er bra og rettferdig i språkspørsmålet.

Vegen er lang før dei tre kommunane eventuelt slår seg saman, og nokre meiner at dei aldri kjem til å gjera det. Dei folkevalde har ikkje fått høve til å seia sitt enno, men det er likevel rett av mållaget å gjera som Bjella syng: ”som haren står eg vaken og fylgjer med”. 

Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no