Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Norsk Tidend 4 / 2015

Udir skal skrive søknadane om valfritt sidemål

Det siste året har Unge Høgre hatt ein kampanje for å få gjennom vedtak om forsøk med valfritt sidemål.

I Bærum, Kristiansand, Stavanger og Tromsø har dei fått fleirtal, og søknader er sende. I Bergen gjekk det rett nok ikkje som Høgre hadde håpa, og opposisjonen fekk gjort eit omvendt vedtak, nemleg vedtak om tidleg start med sidemål. I Oslo har unge Høgre levert inn forslag om forsøk, men det er enno ikkje handsama. Til no har Utdanningsdirektoratet avvist alle slike forsøk. Etter Oslo-forsøket har ikkje Utdanningsdirektoratet villa godkjent nye forsøk med valfritt sidemål. I 2008 la dei ei melding på nettsidene om at dei ikkje godkjende forsøk. Men det har ikkje skorta på søknader. Dei siste åra har Buskerud fylkeskommune søkt om forsøk med valfritt sidemål heile tre gonger.

Me var mange som pusta letta ut då det var klart at støttepartia sytte for at det ikkje vart noka valfri sidemålsundervisning med ei ny regjering. Då Per Sandberg sa på nyheitene at Frp ikkje ville gå ut av noka regjering for nynorsken, forstod me kvar det bar. Men der ein ikkje får gjennomslag for det store politikkskiftet i språkpolitikken, kan ein tydelegvis snike seg inn bakvegen.

No har Kunnskapsdepartementet sendt brev til Utdanningsdirektoratet og bede dei hjelpe fylkeskommunane. Dei ber no Utdanningsdirektoratet om å hjelpe fylkeskommunane med å skrive betre søknader.

Søknadene er fyrst og fremst sende inn med ynske om å få sleppe sidemålsundervisning der ho er nynorsk. Fleire av søknadene er så dårlege og så dårleg grunngjevne at det er klart at det vil vera svært vanskeleg å innvilga dei. Buskerud fylkeskommune har søkt om å få sleppa nynorsk heilt. Altså at elevar i vidaregåande skule korkje skal skriva eller lesa nynorsk. Dei vil fjerna nynorsk heilt frå pensum. Det må tyde at dei meiner elevar ikkje skal få høyra om store delar av den norske litteraturhistoria og at dei vil stryka ut eitt av dei to norske språka heilt frå språk og litteraturopplæringa på studiespesialiserande liner i den vidaregåande skulen.

Forsøk i skulen har heilt klart noko for seg for å søkje kunnskap om sider ved skulen og opplæringa ein vi finne meir ut av. Kunnskapsinnhenting og interesse for å finne ut noko nytt bør stå i fokus. I rundskrivet til Utdanningsdirektoratet om forsøk står det at forsøk som skal innvilgast, skal gje elevane betre undervisning. Ingen av forsøka om valfritt sidemål er slike forsøk. Dette er forsøk der intensjonen er å sleppe ein del av undervisninga, og den tynne faglege grunngjevinga er betre skrive- og lesekunne. Om ein ser på kompetansemåla i norskfaget på studiespesialiserande line, ser ein fort at kompetansemåla på dette nivået er eit heilt anna enn setningsbygnad og rettskriving. Dei som skubbar ynsket om betre lese- og skrivekunne framfor seg for å kvitta seg med nynorskundervisninga, bør verta spurde om kvifor dei ikkje foreslår forsøk der dei verkeleg kunne ha gjort nokon, nemleg i barneskulen. Men det som pregar ordskifta rundt desse forsøka er vikarierande motiv og eit sterkt ynske om å sleppa sidemålsundervisninga der ho er nynorsk.

At Utdanningsdirektoratet no skal setja seg ned med fylkeskommunane og hjelpa dei å skrive gode nok søknader, grensar til det absurde. Utdanningsdirektoratet skal altså bruka arbeidstid på å få direkte nynorskfiendtlege initiativ til å verta etande for Kunnskapsdepartementet. Og dei skal bruka arbeidstid på ein forsøksaktivitet som har blitt forsøkt fleire gonger før, i tvilsame forsøk som ikkje har synt effekt.

I tilegg vil dei her innføra eit slikt forsøk på toppen av eit allereie pågåande forsøk med færre karakterar i norsk. All fornuft og kunnskap om god forsking tyder på at det er uheldig å innføra eit nytt forsøk oppå eit allereie eksisterande, utan at det første forsøket er ferdig evaluert.

Om Kunnskapsdepartementet no skal innvilga alle forsøk som kjem om valfritt sidemål, vil det vera ei utholing av sidemålsordninga. Og om elevar i alle dei store byane i Noreg no skal ha høve til å velja om dei vil få opplæring i nynorsk eller ikkje, er det svært uheldig. Nynorskkompetanse er mange stader vanskeleg å få tak i. Mange vegrar seg heller ikkje for å nekta å skriva nynorsk. Om regjeringa gjennom dette forsøket skal gjera den typen kompetanse endå vanskelegare å få tak i, vert situasjonen for nynorskelevar og -brukarar rundt om i Noreg dårlegare. Berre det at nynorskfylket Buskerud er eitt av fylka som no vil lata ungdomen sjølv avgjera om dei vil læra nynorsk eller ikkje, er dårleg nytt for nynorskkommunane øvst i fylket.

Kunnskapsdepartementet har instruert Utdanningsdirektoratet om at dei bør innvilga søknadene om dei innfrir krav til god forskingsdesign. Utdanningsdirektoratet bør svara med eit stort forsøk med nynorsk i andre fag enn norsk.

Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no