Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Norsk Tidend 5 / 2015

Bokmålskampanjen

Godheitstyranniet rir det norske samfunnet seier Sylvi Listhaug. Ho snakka om innvandringsdebatten. Sett frå språkdebatten er det vanskeleg å sjå noko godheitstyranni, men heller eit fleirtalstyranni.

Noregs Mållag har nett vore tre veker på vegen med nynorskstafetten. Tre veker med samtalar med ordførarar, rådmenn, rektorar, inspektørar, barnehagestyrarar, lærarar, elevar, norskopplæringssenter og lokallag i Agder og i Rogaland. Me har reist gjennom eit område der delar av området er ei randsone for nynorsken. Mange språkdelte skular og språknøytrale kommunar. Men òg sterke nynorskkommunar. Me har snakka om nynorsk i skulen, i barnehagen, i norskopplæringa for vaksne innvandrarar og nynorskbruken i det kommunale systemet. Me har snakka om språkvalsmekanismar og språkassimilering, og me har villa at kommunane skal sjå og ta ansvaret dei har for språket. Me har hatt mange positive samtalar og møtt mange som ser kva nynorsken treng og som vil gjera noko med det. Men, men har møtt det motsette òg. Godheitstyranniet rir i alle fall ikkje språkpolitikken til det kommunale Noreg.

For i nokre av dei kommunane me vitja, trekkjer rådmenn, ordførarar, rektorar, lærarar og barnehageleiarar på akslene. Trass i at dei arbeider i kommunar med ein stor del nynorskelevar og med lange tradisjonar for nynorsk i kommunen. Med ein gong kommunen ikkje har nokon plikter, slik mange ikkje har om dei er språknøytrale kommunar, slår dei berre ut med armane og seier at dette ikkje er noko dei kan eller vil gjera noko med. Dette er utanfor deira makt. ”Eg veit at med ein gong du seier ansvar, så kostar det pengar”, som ein sa.

Og i desse kommunane blør nynorsken utan at nokon gjer noko og fordi ingen gjer noko. Og ingen ser at dei to tinga heng i hop.

Ein styrar i ein av barnehagane me var innom, meinte at den språklege utviklinga gjekk mot bokmål i kommunen, og at det var synd. Ho peika på bokmålspåverknaden i ålmenta som ein av grunnane. Samstundes føregjekk alt i barnehagen ho styrte på bokmål. Alle bøkene var på bokmål, alle songane var på bokmål og alt av skrift som hang rundt på veggane i barnehagen var på bokmål, både til foreldre og ungar.

På barnehagen sine eigne nettsider står det: ”Vi jobber med tidlig innsats, og har spesielt fokus på språkarbeid. Barnas språk og uttrykksformer er viktig for hvordan de klarer seg i hverdagen, og videre i resten av livet.”

All språkstimulering til desse ungane føregjekk på bokmål. Barnehagen hadde altså innført tidleg start med bokmål for alle ungane som sokna til den barnehagen. Trass i at nokre av dei mest sannsynleg vil koma til å gå i ei nynorskklasse når dei tek til på skulen. I denne kommunen der om lag ein tredel av ungane går i nynorskklasser, badar dei ungar og foreldre i barnehagen i bokmål til bokmålet vert det normale og nynorsken noko annleis og underleg. Om dette var noko dei hadde tenkt på og reflektert rundt? Nei, det var det ikkje. Om dette var noko dei ville gjera noko med? Nei, det var veldig vanskeleg. Dei tilsette måtte no få bruke bokmål om dei ville det.

Språkval kan aldri vera nøytrale, anten vel du det eine eller så vel du hitt. Og i denne kommunen vel kommune og barnehagane nesten alltid bokmål. Resultatet er at nynorsken er på vikande front. Og sjølv om det ikkje verkar som ein medviten politikk, så er det i alle fall ein effektiv politikk: ein badar ungane i bokmålet til lokalsamfunna er reine for nynorsk. Språkassimilering heiter det på fint.

Og på toppen av kommunen sit ei kommuneleiing og ein administrasjon med stor overvekt av bokmålsbrukarar og avgjer at dette får styra seg sjølv. Det er vanskeleg å få sentrale politikarar og byråkratar i desse kommunane til å sjå at det å gjera ingenting er det same som å vedta ein kjempekampanje for meir bokmål. Om ein hadde fylt kommunen og barnehagane og skulen med like mykje nynorsk som ein i dag gjer med bokmål, ville det vore eit knakande godt tiltak som ville hatt effekt på nynorskbruken. Bruk avlar bruk. Og meir nynorsk ville gjeve nynorskelevane eit betre pedagogisk opplegg og ei betre språkopplæring enn dei i dag får. Nynorskbrukarane treng å sjå og lesa meir nynorsk for kunne læra seg språket sitt lettare og for at det skal vera lettare å halda fram med å bruka språket sitt.

Om dagens nøytrale politikk går an å endra? Varaordføraren ristar på hovudet. Det er umogeleg. Og slik får bokmålskampanjen halda fram, med heile det kommunale apparatet i ryggen. Utan debatt og utan politisk kontroll. Berre som frie val for kvar einskild. Til saman gjer desse vala nynorskbrukarane ufrie.

Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no