Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Norsk Tidend 1 / 2016

Ny + norsk = nynorsk


I haust rett etter valet lanserte Noregs Mållag sin kampanje NyNorsk – kampanje for nynorsk opplæring for vaksne innvandrarar.

Etter å ha undersøkt feltet hadde me funne ut at av 113 nynorskkommunar, var det berre 39 som gav opplæring til vaksne innvandrarar på nynorsk. Voss gjorde vedtak ikkje lenge etter valet, og i desember kom dei som perler på ei snor: Hjelmeland, Ullensvang og Årdal. I januar har norskopplæringa i Florø avgjort at dei skal fasa inn nynorskopplæring, og i Osterøy kommune skal saka opp i kommunestyret på nyåret med positiv tilråding frå formannskapet. På få månader endar me altså mest sannsynleg på 6 nye kommunar som vil gje nye innbyggjarar med anna morsmål, opplæring på nynorsk.

Etter ein månad med jubel i målrørsla byrja ein gamal kjenning å vakna. Riksmålsforbundet fekk tørka svevnen or augo etter vedtaket i Årdal. Ikkje overraskande var det velmeinande rådet frå herrane på Oslo vest at innvandrarane måtte læra bokmål, dei kom uansett til å flytta til byen, og då var det ingen vits i å læra dei noko anna enn det lokale språket.

Dette er eit kjent argument som har vore nytta mot nynorskundervising i nynorskkommunane lenge. Mållaget sitt utgangspunkt for kampanjen er at statistikken syner oss at folkeveksten i distrikta i dag faktisk kjem frå utanlandsk innvandring. Bak statistikken løyner det seg to grupper: flyktningar med opphaldsløyve og arbeidsinnvandrarar. Begge gruppene skal læra seg norsk. Flyktningane av plikt,  medan arbeidsinnvandrarar må melda seg på og betala sjølv. Men begge desse gruppene går stort sett på norskkurs som kommunen held.

Nett no aukar straumen av flyktningar, og kommunane får stadig førespurnader om å ta imot fleire. Difor er det naturleg at vi har merksemda retta mot flyktningane. Men i mange mindre kommunar er norskopplæring til arbeidsinnvandrarar ein like viktig del av kommunen sitt arbeid som den lovpålagde norskopplæringa til flyktningar. Og det er eit viktig perspektiv i denne saka. For kommunen er det norskopplæring til framtidige borgarar dei driv, uansett korleis dei har kome seg hit. Målet med norskopplæringa er rask integrering i lokalsamfunnet, og det er òg målet for det statlege integreringsarbeidet. Dei som kjem, skal verta verande.

Mållaget har merka seg avisartiklar og munnlege vitnesbyrd frå folk med anna morsmål enn norsk. Dei melder at det er problematisk at kommunen gjev dei nye innbyggjarane opplæring i eit anna språk enn det kommunen sjølv nyttar, og som ungane får opplæring i på skulen.

Det er openbert at det finst ulemper og føremoner både med bokmålsopplæring og med nynorskopplæring. At nokon meiner opplæring på fleirtalsspråket er lettast, er ikkje eit syn me berre møter på dette feltet. Nesten kvar dag kan ein i ei eller anna lokalavis i Noreg lese om nokon som meiner det same om media eller skuleverk. Fleirtalsspråket er nok.

Det umoglege i å vera språknøytral bør bankast inn som ålmenn kunnskap: I språkspørsmål kan ein aldri vera nøytral, ein må velja det eine eller hitt. Frå dei som ikkje ynskjer nynorskundervising, høyrer me at dette ikkje må verta språkpolitikk. Svaret mitt på det er at det alt er språkpolitikk. Sjølvsagt er spørsmålet om kva språk ein lærer dei som kjem til kommunen, språkpolitikk. I nokre nynorskkommunar har så mange som 15 prosent av dei som bur i kommunen, innvandra frå andre delar av verda. Om kommunen heilt medvite lærer 15 prosent av folket eit anna språk enn det kommunen brukar, så er det klart det er ein massiv bokmålskampanje som ikkje berre er språkpolitikk frå dag til dag, men som får språkpolitiske konsekvensar på sikt.

Under nynorskstafetten i Ryfylket i fjor haust såg me fleire døme på korleis denne bokmålsproduksjonen får konsekvensar. Nynorskskular melde at dei skilta skulemiljøet på bokmål for at foreldra som kommunen gav bokmålsopplæring, skulle forstå og kunna orientera seg. Lærarar og innbyggjarar la om språket og tok til å tala bokmålsnært. Effekten som majoritetsspråksbrukarar som ikkje meistrar mindretalet sitt språk, har, er velkjend. Treffer 10 samisktalande kvarandre saman med éin norsktalande, vil alle tala norsk. I tekstsamarbeid mellom 4 bokmålsskrivande og 6 nynorskskrivande er det oftast dei nynorskskrivande som må gje seg.

Likevel er me heldige i Noreg. Bokmål og nynorsk er jamstilte språk, og skal kunna brukast over alt i samfunnet. Alle skal få opplæring i begge språka på skulen, og dei er gjensidig forståelege. Difor er det ikkje noko stort problem om ein nynorskbrukande eritrear med norsk pass flyttar frå Sandane til Bergen. Sjølv om Bergen er ein by der majoriteten brukar bokmål. Nynorsken er open for kven som helst, uavhengig av hudfarge og etternamn. Og hamnar du på sjukehus i Bergen finst det berre éin måte å orientera seg på, nemleg på nynorsk.

Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no