Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Norsk Tidend 2 / 2016

Nynorskbyen Bergen

Eg var på mitt alle fyrste landsmøte i Bergen i 2000. I strålande sumarsol rett ved Bryggen vart eg kjend med organisasjonen som eg no har leidd i tre år. I 2000 var det 54 år sidan sist Noregs Mållag hadde landsmøte i Bergen.

15. april fyller me Terminus hall i Bergen med målfolk for det som kjem til å verta det fjerde bergenslandsmøtet i soga åt Noregs Mållag. Fram til no har me hatt landsmøte fleire gonger i Trondheim enn i Bergen. Det er ikkje tilfeldig at me legg landsmøtet vårt til Bergen i år. Det var eit sterkt ynske frå styret å kunna samla organisasjonen i byen der det har skjedd så mykje bra for nynorsken dei siste åra. Det er mange i Bergen som har eit hjarte som bankar for nynorsk, og både i soga og i samtida skil Bergen seg frå andre storbyar i Noreg med sitt tilhøve til nynorsken.

I mai 2015 kom nok eit døme på at Bergen ikkje er som andre storbyar. Jacob Mæhle frå Høgre hadde føreslege at bystyret skulle innføra valfritt sidemål på vidaregåande som eit forsøk i Bergen, etter mal frå det store sidemålsforsøket i Oslo. Nett det same har unge Høgre sine representantar føreslege i alle større byar i Noreg. Men i Bergen var svaret frå ein samla opposisjon å innføra meir sidemål i grunnskulen gjennom tidleg start med sidemål frå 3. klasse. Etter valet i haust var det denne opposisjonen som tok over makta i byen. I januar kom nynorsk opp på ny i bystyret. No gjennom ein interpellasjon om rettane til nynorskelevar i mindretal i ungdomsskulen. Saka kom opp etter ei stygg sak på Storetveit ungdomskule der ei handfull nynorskelevar vart spreidde på fleire klasser og har måtta kjempa for alle rettane dei har, utan at skulen har løfta ein finger. No har bystyret vedteke retningsliner for korleis skulane skal ta imot desse elevane, og ikkje minst skrive at så langt som råd, bør dei få gå i same klasse. Desse to sakene er grunn god nok til at Bergen sigla opp som ein favoritt i styret når me skulle avgjera staden for eit nytt landsmøte.

Når BT etter bystyremøtet i januar på leiarplass skriv at: «Hele byen bør omfavne byrådets arbeid for å styrke nynorsken», er det eit teikn på at Bergen vil verta ein vestlandshovudstad, og BT ser at språkspørsmålet er ei av konfliktlinene i tilhøvet mellom byen og omlandet. For BT skriv: «Vestlandets største by skal være samlende for hele regionen, og bærer et stort ansvar for å ivareta ny norsken. Det ser byrådet ut til å ta på alvor. Den nye flertallskoalisjonen, bestående av Arbeiderpartiet, KrF og Venstre, har i flere vedtak vist at Bergen kan føre en offensiv språkpolitikk. Det forplikter dem til videre arbeid, men er også et sterkt signal til hele byen. Det krever mer enn politiske vedtak å gjøre Bergen til nynorskhovedstad».

I 2014 rista det godt i grunnmuren til Den Nationale Scene då Jon Fosse kritiserte dei for berre å setja opp bokmålsstykke. Orsakingane frå teatersjefen var dårlege og vitna om eit forelda språksyn: Dei ville bruka nynorsk der det var «naturleg». Då skreiv eg ein kronikk i BT om at Bergen ikkje var min hovudstad. Men no trur eg jammen eg er på glid. Det ser ikkje ut til å ha blitt så mykje betre på teateret, men nett no går i alle fall Tonje Glimmerdal på scena der. Den Nationale Scene får no også konkurranse frå eit nynorskteater i sentrum, når Hordaland teater flyttar til byen.

Eg er på glid mot Bergen, og det er sjølvsagt ei sanning i det BT skriv at det krevst meir enn politiske vedtak for å gjera Bergen til nynorskhovudstaden. Men nokre gonger kjem ein langt med berre å gjennomføra politiske vedtak. Som når Haukeland la heilt om og vart eit sjukehus administrert og skilta på nynorsk. Vert du sjuk i Bergen, får du ein dose nynorsk saman med dei andre medisinane. Eller Hordaland når politidistriktet sende alle på kurs fordi dei fekk pålegg om å tvitra på nynorsk. Til liks med dei to næraste fylka i nord så er Bergen ein fylkeshovudstad som må ta nynorsken på alvor.

Det er sjølvsagt skjer i sjøen. Me har ikkje vorte heilt vener. Med skulebruksplanen til kommunen vil to av dei attverande reine nynorskskulane verta lagde ned. Det står òg att å sjå kor mykje godvilje dei ulike foreldregruppene som arbeider for nynorskklasser på fire ulike skular i Bergen, møter når det kjem til stykket. For sjølv om politiske vedtak ikkje er nok, kjem ein langt med politisk vilje og ikkje minst politisk innsikt i språkspørsmålet. Det Bergen treng, er ein heilskapleg språkpolitikk med mål om å stogga språkskiftet i ungdomsskulen i byen, auka talet på nynorskelevar på nynorskskulane og leggja til rette for fleire nynorskklasser i heile byen.

Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no