Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Norsk Tidend 5 / 0216

Slaget om Vestlandsregionen

Styret i Noregs Mållag, dei tilsette på skrivarstova og ikkje minst medlemmene land og strand rundt utgjer ein god lytte- og peilestasjon for det som skjer på språkfronten i Noreg. Vi har også ei eiga presselesingsteneste som gjer at vi snappar opp nyheiter rimeleg fort. Kvar dag strøymer det inn små gleder og utfordringar som vi prøver å handtere så snøgt vi kan.

Enkelte dagar er det likevel slik at alarmen går. Det er når vi får melding om utviklingstrekk som verkeleg kan endre stoda for nynorsken. Ein slik dag var torsdag 15. september. Ved lunsjtider melde NRK Sogn og Fjordane at dei tre fylkesordførarane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane var i ferd med å signere ei avtale om å slå fylka saman til ein ny «region», den såkalla Vestlandsregionen. Dramatikken kom i det siste avsnittet i NRK-meldinga: «I intensjonsavtalen er det eit punkt som understrekjer nynorsken sin sterke posisjon på Vestlandet, men Rogaland motsette seg at målforma skulle vere hovudmål i det nye fylket. – Nynorsk er viktig på Vestlandet, men for oss i Rogaland er det unaturleg om nynorsk skal vere hovudspråket, sa fylkesordførar i Rogaland Solveig Ege Tengesdal, som ser ut til å fått vilja si.»

Noregs Mållag reagerte skarpt på denne utsegna – såpass skarpt at NRK inviterte meg til radioduell med Tengesdal dagen etter. Seinare har fylkesordføraren innrømt at det ho sa til NRK, ikkje var verdas klokaste formulering, men likevel ligg spørsmåla framleis opne: Vil politikarane i Rogaland bli med på ein vestlandsregion som krev nynorsk i kommunikasjon frå staten og som blir styrt på nynorsk? Vil Hordaland og Sogn og Fjordane, som er nynorskfylke i dag, stå hardt på nynorskkravet sjølv om det kan føre til at den store regionavtalen ryk? Her blir det snakk om press og mot-press, og eg er glad for å konstatere at medlemsengasjementet er stort. Folk skriv til aviser og politikarar over heile «regionen». I Stavanger opplevde eg sjølv engasjementet på gata 29. september, da 50 menneske trassa regn og liten storm for å gjere ei markering under banneret «Nynorsk er naturleg i Rogaland.» Noregs Mållag har også fått over 150 nye medlemmer på fire veker sidan regionvedtaket kom.

Nynorsk kultursentrum med råd, styre og direktør har engasjert seg med full tyngd i denne saka og har både utarbeidd «Språkfakta om Vestlandsregionen» og eit komplett framlegg til «Språkreglar for Vestlandsregionen». Begge dokumenta ligg på Aasentunet.no. Språkreglane for dei tilsette er lette å forstå, og dei språklege rettane til innbyggarane blir tatt vare på – også rettane til dei mange bokmålsbrukarane på Vestlandet. Det blir slått fast at statleg kommunikasjon med denne regionen må vere på nynorsk, og at nynorsk må vere administrasjonsspråket. Dessutan må forvaltninga bruke klart og godt språk.

Vestlandet har lange nynorsktradisjonar. Berre tre av 85 kommunar har kravd bokmål i skriv frå staten. Om eit nytt storfylke ikkje skal ha nynorsk, vil det svekkje statusen til nynorsk i regionen. Utan nynorskvedtak får hundretusenvis av nynorskbrukarar eit dårlegare vern om språketenn dei har i dag. Nasjonalt representerer nynorsken eit språkleg mindretal. Dei som skriv bokmål, ser språket sitt rundt seg heile tida, medan dei som skriv nynorsk ofte må leite for i det heile å finne språket sitt i media, i bøker og på internett. Den store produksjonen av nynorsk tekst i fylkeskommunane inn i havet av bokmålstekst er eit viktig bidrag for å gjere nynorsken synleg.

Nøytralitet må ikkje forvekslast med jamstelling. Utan språklege retningsliner vinn det største språket. Det er røynslene frå både kommunar, fylkeskommunar og statlege verksemder. Språkval kan aldri vere nøytrale, ein må anten velje det eine eller det andre. Vestlandet må velje nynorsk. Staten, kommunen og fylkeskommunen har eit språkpolitisk ansvar for språka våre. Offisiell norsk språkpolitikk legg opp til styrking av nynorsk i offentleg målbruk. Kva kan du gjere?

Skrivarstova har på kort tid utarbeidd ein brosjyre som heiter Vestlandet + nynorsk = sant. Denne brosjyren samlar dei viktigaste argumenta for ein nynorsk vestlandsregion. Når dette nummeret av Norsk Tidend går ut, er det framleis tid til at lag og privatpersonar sender høyringssvar i denne saka. Rogaland har frist 25. november, Hordaland 30. november og Sogn og Fjordane 23. november. Noregs Mållag ønsker at fleire hundre lag, institusjonar og enkeltpersonar engasjerer seg i dette. På nettsida www.nm.no finn du konkrete opplysningar om korleis du kan skrive innlegg, høyringsfråsegner eller sende e-post til politikarar du kjenner eller ikkje kjenner. Det er slett ikkje sikkert at det blir ein ny vestlandsregion. Om det skjer, må regionen vedta nynorsk administrasjonsspråk og at regionen vil ha nynorsk i brev frå staten. Eg oppmodar alle medlemmer til å gjere ein konkret innsats slik at vi vinn dette slaget. Skriv e-postar med høyringsutsegner, og send lesarbrev. Hugs: det er heilt i orden om du berre gjer det som privatperson. Det blir ein dramatisk haust, og nynorsken treng DIN innsats.

Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no