Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Norsk Tidend 3 / 0216

Å samle Noreg til eitt rike

Politisk sett har Noreg vore samla til ein nasjon i lang tid – men i språkpolitikken skurrar det med heilskapen framleis. Sidan 1885 har vi hatt offisiell språkleg jamstelling, men mange stader er det ennå slik at det språklege likeverdet ikkje gjeld i praksis. 

Bokmål blir sett på som standard norsk, mens nynorsk er eit skriftspråk for spesielt interesserte. Slik eg ser det, er ikkje Noreg eit samla språkrike før begge målformer er hundre prosent aksepterte i bruk same kvar du er og same kva du driv med. Slik det er nå, blir det sett på som normalt at ein austlending som får arbeid i «Nynorskland» held fram med å skrive bokmål i alle fall, men viss ein vestlending flyttar til Austlandet er det «rart» om han eller ho ikkje skiftar til bokmål i skrift. Bokmålet har ei slik tyngd.

Eg merka det tydeleg i mai da eg blei invitert til å halde foredrag om dialekter i ein by i sør-aust og skreiv at eg ville ha omtale på nynorsk i programheftet. «Vi mener at det er unaturlig å ha nynorsk i programmet vårt,» var svaret da. For slik er det: Vil du skrive nynorsk i kvardagen i visse delar av landet, blir det tolka som at du utfordrar naturens orden. Om du ikkje er Are Kalvø eller NRK-kjendis, da. 

Når eg har fått den store tilliten å bli vald til leiar i Noregs Mållag, går eg på med liv og lyst fordi eg ser teikn i tida til at reelt språkleg likeverd er innan rekkevidde. Det bør vere mogleg nå, å gjere ein framstøyt slik at språk-Noreg kan bli eitt rike «før tiåret er omme», slik amerikanaren sa da han skulle til månen.

Utkikksposten eg har i dette, er at eg har nær kontakt med oppveksande generasjonar takk vere arbeidet mitt som lektor i den vidaregåande skolen. Byen min er Fredrikstad, det er der eg har følgt utviklinga på nært hald sidan 60-talet.  Den tidlegare «Plankeby’n» er nå ein multikulturell by. I ei undervisningsgruppe med 15 elevar i fjor, viste det seg at 5 verdsdelar var representerte. Sett i forhold til det fleirkulturelle samfunnet spør ungdom seg sjølv: kven er eg, kva er min identitet? Da er det plutseleg ikkje nok berre å vere vandrande kopiar av amerikanske college-kids, ein leitar etter røter og samanheng. Så oppdagar stadig fleire at norske bunader på 17. mai står veldig bra til kurdiske og somaliske folkedrakter – og at vi er så heldige i dette landet at vår form for patriotisme er ei anna enn den som utviklar seg i andre land i Europa. Der blir kampen for eigen kultur fort farga av det mørkeblå, på grensa mot det brune. Pegida marsjerer i gatene. Men den norske patriotismen får best uttrykk i denne linja frå «Nordmannen»: millom Jamningar helst er eg nøgd. Ivar Aasen, 22-åringen med ein radikal idé, gjorde alvor av dette demokratiske idealet, og før han stridde Henrik Wergeland både for eit norskare språk og mot jødeparagrafen.

Ja, og før Wergeland igjen var det Hans Nielsen Hauge som lærte folk i Noreg å tenke sjølv og ta det øvrigheita sa bokstaveleg talt med ei klype salt (han lærte folk å starte saltkokeri). Hauge er ein god mann for meg å vise til, for han voks opp på ein gard i heimkommunen min, ikkje langt unna handlehallane der moderne fredrikstadfolk framleis går rundt og prekær.

Det som er veldig hyggeleg etter at eg fekk leiartilliten, er at østfoldingane rundt meg ser så glade ut når dei gratulerer. Med eit nynorsk verv! Det ligg ei kjensle der av at endeleg er også det munnlege språket lengst nede til høgre på kartet fullt ut akseptert i fagforeininga for norske dialekter. Nye innmeldingar vitnar om at fleire nye frå traktene mot svenskegrensa skjønner at dei au kan skrive nynorsk med eige talemål «på øyret». Det krev berre ein liten tilvenningsprosess.
  Så håpar eg òg at fleirtalet som les dette venner seg til ein leiar som brukar andre former her og der enn dei er vande med. Sånn blir det når eg tar utgangspunkt i mi dialekt for å skrive normalisert nynorsk; det er altså slik – for å sitere Vinje i diktet Nasjonalitet – at sola speglar seg litt ulikt «i kver si Bylgje» på havet.

Elles må eg få nemne at arrangørane i byen i sør-aust gav seg. For første gong kjem det faktisk nokre avsnitt på nynorsk i programheftet deira, sjølv om enkelte småby-bornerte sikkert vil reagere. Langsamt blir landet vårt eige.

Med hjelp av ein god organisasjon og gode tilsette er det mitt håp dei neste to åra at eg skal få bidra til å gjere nynorsk til eit kurant skriftspråk for alle i kongeriket – og at det ikkje nødvendigvis går så langsamt, heller, før dette er røyndom.

Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no