Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Norsk Tidend 4 / 0216

Fagrørsla + målrørsla = sant

Dei fleste kjenner seg vel igjen i denne situasjonen: Du veit om ein person du gjerne vil bli betre kjend med. Han eller ho verkar veldig sympatisk, de har mykje felles og de har mykje å snakke om kvar gong de tilfeldig møtest. 

Men så blir det liksom ikkje noko meir med det. Ikkje fordi viljen til å komme saman manglar, heller – nei, det er berre slik at livet drar tak i dykk frå andre kantar. Så går tida – og eit godt vennskap har ikkje blitt noko av.

Fagrørsla er ein slik venn som vi har visst om lenge, og som Mållaget burde ha knytt seg sterkare til for lenge sidan. Vi har mykje felles: strukturen, alt det frivillige lagsarbeidet og ikkje minst det at begge organisasjonar handlar om at folk seier ifrå at dei har ein rett til noko og så står saman for å krevje den retten. Samhald gir styrke, og med grunnlag i eit demokratisk lovverk bygger ein eit samfunn som gir fridom og rettferd til dei mange, ikkje dei få. Den typen samfunn som UNESCO kårar til verdas beste.

Alle likskapane burde ha ført til nær tilknyting for lenge sidan, men det store samarbeidet mellom fagrørsla og målrørsla har ikkje komme i gang – før landsmøtet i Noregs Mållag i Bergen i år tok tak i stoda. Møtet ville ha eit auka samarbeid mellom LO og målrørsla. LO-sekretær Are Tomasgard deltok og heldt eit fyldig og godt innlegg der utgangspunktet var vedtaket LO-kongressen gjorde i 2013: «LO vil arbeide for likestilling mellom nynorsk og bokmål. Dette innebærer at alle skal kunne bruke sin målform i arbeidslivet, at det blir gitt god opplæring i begge målformer i skolen, og at mållova følges i praksis.»

Dei store arbeidsområda for Landsorganisasjonen handlar om tariff, forhandlingar, arbeidsvern og juridisk bistand til medlemmene. Målsaka er viktig for LO, men har aldri vore den store kampsaka. – Det er ikkje fordi vi ikkje bryr oss, sa Tomasgard til landsmøtet, – men fordi det ofte har vore andre saker ein har prioritert når ein går i krigen med arbeidsgivarsida. Tomasgard viste til at det har gått tre år sidan kongressvedtaket, og han skjønte at Noregs Mållag lurte på kva som var status. – Situasjonen er betre, men ikkje bra nok, var konklusjonen hans. Alle LO-tilsette er stilte fritt når det gjeld språkval, men bokmål dominerer. Dei som meistrar nynorsk, meistrar ofte minst like godt bokmål, og slik er det ikkje andre vegen. Dermed er det lett for nynorskfolket å tilpasse seg og velje minste motstands veg.

Ei anna utfordring for nynorsken i fagrørsla er multinasjonale selskap. På arbeidsplassane pressar engelsken på, og det er mange utanlandske arbeidstakarar.
Da blir det ein kamp berre for å halde kommunikasjonen gåande på norsk. I praksis er det slik at det er lett å vere nøgd med at språket som er i bruk, berre er noko som liknar norsk. Likevel avslutta Tomasgard med gode eksempel på at skriftleg tilfang som var sendt ut frå LO-kontoret i Oslo, kom tilbake frå lokallaga med spørsmål om kva tid nynorskvarianten kom. Slikt er viktig: «At ein er på – og krev sin rett.»

Innlegget til Tomasgard gav god medvind da landsmøtet vårt vedtok eit utvida samarbeid med fagrørsla heretter. Kontakt og samarbeid med fagforbunda i og utanfor LO vil såleis vere ei prioritert oppgåve, og som godt er, ligg det positive vedtaket frå den førre LO-kongressen der og er styrande for arbeidet. Det er viktig at nynorsken er med i alle samanhengar der det blir skrive tekst, til dømes skilting, bedriftsinformasjon, regulativ og nettsider. Ei handbok med ei ordliste for god nynorsk språkbruk i fagrørsla er ein god idé.

Det digitale er viktig, og LO-sekretariatet bør gå gjennom programvare og syte for at alt er kompatibelt med nynorsk språkform, og at saksbehandlingsprogram, postprogram og liknande finst både i nynorsk- og bokmålsversjonar.

Når det gjeld dei enkelte forbunda, bør dei få opp bruken av nynorsk i medlemsblad, på nettsider og elles i kontakt med foreiningar, klubbar og medlemmer. På klubbnivå bør ein streve etter å gi ut informasjonsmateriell og anna eigenprodusert skriftleg tilfang på nynorsk, og det særleg i nynorskområde.

Dette arbeidsområdet er enormt, og det vil ta tid å gjennomføre små og store skritt. For oss i styret i Mållaget er det moro å konstatere at godhugen er stor i LO-kontora i Oslo; det første arbeidsmøtet mellom dei to rørslene har alt funne stad når eg skriv dette. Noregs Mållags eigne faglege ekspertar er alt i arbeid som eit initiativ med utspring på Sørvestlandet og i Bergen. Der er eg som leiar ikkje i tvil om at vi har fått dei rette folka på saka.

Språk er makt, og med LO på vår side skal vi også sette makt bak språket.

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no