Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Norsk Tidend 2 / 2017

Nynorsk lønner seg

Ei av dei beste sidene ved å vera mållagsleiar, er at du får sett mange delar av landet som du truleg elles ville ha forsaka for heilt andre himmelstrok.

Dei aller fleste stadene eg har vore, ligg naturleg nok i randsonene der nynorsken er pressa og det gjeld å vise musklar, som i Rogaland og på Nordmøre. Nå i mars har eg endeleg også fått møte hyggelege målfolk i det nynorske kjerneområdet – i Førde og på Sandane arrangerte Sogn og Fjordane fylkesmållag ved Torleik Stegane seminar om nynorsk i næringslivet.

Dagen før vestlandsturen var eg i den lokale Kiwi-butikken der eg bur i Fredrikstad. Som om det skulle vera ein del av «nynorsk-i-næringslivet»-opplegget mitt, hadde butikkeigarane i Plankeby’n sett ut ein stor utstillings-stand for Lerum-produkt midt i sjappa. På slike står det som kjent: «Ekte vare smakar best» og «Utan tilsett sukker». Så kom min gamle lærar-venn Bjørn ruslande med handlekorga, og eg kunne ikkje dy meg for å gjere eit eksperiment.

– Du Bjørn, ser du noko spesielt med denna utstillingsgreia her? spurde eg.
– Ne-eei, sa han Bjørn, – det er vel kanskje det der, da?
 Han hadde oppdaga eit Nora-glas som var plassert blant Lerum-glasa.
– Men ser du ikkje at all denne reklamen er på nynorsk, da? sa eg.
 Bjørn kika ein gong til, og først da såg han det.
– Åja, sa han.
 

Bjørns reaksjon var ei lissepasning for meg når eg skulle halde innlegga mine i Førde og på Sandane. Den viste at folk generelt har vant seg til nynorsk i samfunnet nå. Eg trur nynorskfolk har lett for automatisk å drive «sjølvsensur» andsynes bokmålsfolk. Det er litt for lett å tenke at dei som framleis legg dansk skrift til grunn for skrivinga si, blir plaga av å sjå nynorsk. (Det er kanskje ikkje rart at ein tenker slik, gudane skal vite at pressa framleis har nok av sure oppgulp om nynorsken, både frå dyrlegar og vanlege kverulantar.) Men så er det altså slik at fleirtalet ikkje legg spesielt merke til at det er nynorsk, ein gong.
Det trur eg er fordi folk i heile Noreg er vande med å sjå nynorsk nå etter kvart, ikkje minst takk vere filmtekstinga til NRK. Om du spør ein person etter at hen har sett ein krimepisode om det var teksta på bokmål eller nynorsk, så har dei rett og slett ikkje lagt merke til det.

Ein annan innleiar på seminara i Sogn og Fjordane, Einar Måseide, kunne fortelje at gjennom ein lang karriere som forsikringsagent i Trøndelag, så hadde han ikkje fått ein einaste negativ kommentar på at det skriftlege materialet han gav kundane, var på nynorsk. Om dei sa noko, så var det at dei syntest det var fint. Kundane stolar på ein person som tør å vera seg sjølv, og i forsikringsbransjen er det ekstra viktig å inngi tillit.
Det nære sambandet mellom nynorsk og identitet kom også tydeleg fram blant andre som snakka om nynorsk og næringsliv på seminara i Sogn og Fjordane. Ei av dei var Mona Steiner Brekkan, som fekk Noregs Mållags nynorskstipend i 2015 og brukar nynorsken aktivt i marknadsføringa av mange produkt med utgangspunkt i Basthaugen Gard på Radøy i Nordhordland.

Eit veldig spennande innslag på seminara kom frå Frydenbø Bil, eit bergensfirma som har tre filialar i Sogn og Fjordane. Der kunne regiondirektør Lars Endre Gimmestad fortelje at dei brukar nynorsk aktivt og medvite i annonseringa. Ekstraarbeidet dei må gjennømføre da, inneber ekstra kostnader, men det blir meir enn vege opp med at det bygger opp om kundelojaliteten. – Skal vi få ei tett tilknyting til marknaden, må vi ha noko som styrkjer forholdet, sa Gimmestad. – Bruk av nynorsk er difor blitt ein naturleg del av strategien vår og knyter oss nærare til kundane. Nynorsk er også eit klart og tydeleg språk. I all marknadsføring er det viktig at kunden forstår det vi prøver å formidle.
For mange næringsdrivande som vil nytte nynorsk, kan det bli naudsynt å ta ein strid med «kjeden» som ligg bak og på autopilot produserer alt reklamemateriell på bokmål. Frydenbø har tatt den kampen, og nå angrar tydelegvis ingen av partane på det.

Eit synleg resultat av denne politikken hos bilfirmaet, er at i nynorskavisene i fylket finn du heilsides, profesjonelt laga annonsar for noko så handfast som bilar. For den jamne lesaren styrker dette inntrykket av at nynorsk ikkje berre er eit «kulturspråk», men òg eit språk som kan nyttast i praksis når større summar skal skifte eigar. Det er nett i næringslivet bruk av nynorsk har eit stort utviklingspotensiale.
Eit fint hjelpemiddel for dei som vil nytte nynorsk i ved kjøp og sal, er elles heftet «Blest» som blei produsert av Ulstein Mållag i 2014. Her finn ein framlegg til annonsar, råd for å unngå vanlege feil og ikkje minst ei ordliste. Kva heiter «høstens mote» på nynorsk? «Haustmoten» så klart. Heftet kan tingast frå Skrivarstova til Noregs Mållag.

Næringsdrivande som vil gå over til nynorsk, må vere budde på eit oppgjer med «strigla marknadsfolk» som Firda tidend kallar motstanden. Men når den striden er overstått, ventar auka kundelojalitet. Og forresten nynorskannonsane til Frydenbø blir laga av eit reklamebyrå i Moss – så der fekk vi også eit prov på at nynorskkunnskapar gir jobb og inntekt over heile landet, altså eit argument for sidemålsundervisning.

Så er det vel kanskje dei som vil kritisere meg denne gongen for at eg har gått for langt i å drive tekstreklame for namngitte firma? Vel, til den innvendinga har eg berre eitt svar – og det står i overskrifta her.

Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no