Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Norsk Tidend 1 / 2017

Sidemålet ut av skuggen

2016 blei eit år da vi i målrørsla opplevde store framgangar. Vi hadde svært god medlemsauke og fekk Stortinget på vår side i fleire viktige saker.

Det var også slik at det faktiske talet på nynorskelevar i grunnskolen auka, noko som braut ein tendens med langsam nedgang i ei rekke år. Rett nok blei det enda fleire bokmålselevar, så den prosentvise andelen blei enda nokre hundredels prosent lågare, men likevel er det grunn til å glede seg over at 160 fleire elevar har nynorsk hovudmål i dette skoleåret enn i det førre.
Dei som ikkje har nynorsk hovudmål, har som kjent nynorsk som sidemål. Det dreier seg om over 85% av elevane i ungdomsskolen og i vidaregåande. Derfor er kvaliteten på sidemålsundervisninga svært viktig for heile utviklinga av nynorsken.

Eit vanleg argument frå sidemålsmotstandarane er at  nynorskopplæringa hindrar elevane i å optimalt kunnskapsnivå i bokmål. Etter det synet er språk-kapasiteten og hjernen til barn og unge som eit oppbevaringsboks-system med avgrensa plass slik at om eit språk skal inn, så må eit anna ut. Men det er ikkje slik at om ein del nynorsk skal inn, så må ein tilsvarande del bokmål ut. Språkkunnskap aukar språkkunnskap, og tospråklege barn skjønner raskare korleis «det andre» språket fungerer.
Det finst lærarar som klagar på at bokmålselevar plutseleg må byrje å tenke grammatikk når dei skal skrive nynorsk. Det kan tyde på at dei ser på det som heilt greitt å lære bort norsk bokmål utan å trekke inn noko så byrdefullt som grammatikk. Bokmål har ikkje grammatikk, liksom.
Eg har vore lektor i norsk og andre fag i på ein bokmålsskole sidan 1985, og eg har ein god del erfaringar frå klasserommet: For det første må all språklæring (sjølvsagt også den i bokmål) støttast opp med grammatikk-kunnskapar, og for det andre er det nettopp slik at grammatikken som inngår i nynorskopplæringa, gjer elevane meir bevisste på bokmålet dei skriv. Eksempel: Konsekvens i val av kjønn på substantiv – brukar eg «boka» eller «boken», «døra» eller «døren» på bokmål, «ei bok» eller «en bok»? Eller tenk på bokmåls-feilen stadig fleire gjer, bruken av «de» som objektsform: «Guttene skremte de».
På enkeltord-nivå kan læraren samanlikne bokmålsordet og nynorskordet og på den måten få elevane til å sjå begge formene på ein meir bevisst måte. På eit seminar i Bergen som Odda Mållag tok initiativet til i desember, gav lektor Øyvind Indrebø ved Firda vgs. nokre gode døme på korleis kunnskapar om dei to norske språka kan gi utvida medvit om begge. «Styresmakter» forklarer kva «myndigheter» er, og «gravferd» forklarer kva ein «begravelse» er.

Ein underliggande tankegang hos sidemålsmotstandarane er at nynorsken er på vikande front, og at dette er eit fag elevane i framtida ikkje kjem til å få bruk for. Men den stadig aukande mobiliteten blant nordmenn er også ein god grunn til å ha så mykje nynorsk i bagasjen som mogleg. Elevane ved ein skole i Akershus kan vi like gjerne finne igjen som lærar på ein barneskole på Stord, som rådmann i Ål kommune eller som kjøpmann i Sogndal. Der er nynorsk det vanlege språket, og innflyttarar utan nynorskopplæring bør ikkje vere dei som spenner beina vekk under det kvardagslege språktilbodet til elevane i desse områda.

Det er hundretusenvis av jobbar unge menneske kan få i dette landet der dei må kunne nynorsk. Ved nyttår gjekk startskotet for den nye, fusjonerte Høgskolen på Vestlandet som skal administrerast på nynorsk, og tingretten i Bergen skal også administrerast på nynorsk frå 2017. I næringslivet er nynorsk bruksspråket til alt frå store regionale verksemder som Dyrsku’n i Telemark til nasjonale og internasjonale bedrifter som Skogstad sport og Kleven verft.


Eit tospråkleg land

Det lærarstanden må vere bevisst på, er at dei skal førebu elevane på å leve og arbeide i eit land med to offisielle og sidestilte norske skriftspråk. Dette er slått fast i overordna språkpolitiske dokument frå Stortinget, spesielt i Språkmeldinga Mål og Meining frå 2007-2008. Der står det at det skal vere reell jamstilling mellom målformene. Eventuelle endringar i norskopplæringa i skolen må vere i samsvar med dei overordna språkpolitiske føringane.
Slik det ser ut hos dei politiske partia nå, ligg det heller ikkje i 2017 an til at det skal bli noka politisk endring i dette, men sidemålet blir eit viktig tema for Noregs Mållag i valåret vi nå er inne i.  Arbeidsprogrammet vårt går inn for at alle elevar skal møte nynorsk alt frå barnehagealder, og at dei lærer å bruke språka gjennom heile skolegangen. Vi arbeider òg for at styresmaktene skal sette i gang eit positivt sidemålsforsøk for nynorsk, der alle bokmålselevar på eit årskull nyttar nynorske læremiddel og får undervisninga på nynorsk i eitt fag.
Barn og unge i dag badar i eit hav av språk, og derfor har dei heller ikkje i utgangspunktet  noka frykt for språkleg mangfald, slik eldre generasjonar hadde. Derfor bør det vere ei mykje lettare oppgåve å motivere for sidemålet i 2017, og det bør vere mykje å gå på for å gjere sidemålsundervisninga betre. Tidleg start og mengdetrening er det som gjer susen.

Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no