Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Norsk Tidend 5 / 2017

God morgen – god morgon!

I haustferien var eg nokre dagar i Toronto i Canada.  Det er eit spesielt interessant land fordi dei har to offisielle språk, som oss. I Quebec-området er det fransk som rår, mens i resten av landet høyrer og ser du mest engelsk. Likevel har Canada ei mållov som seier at dei to skriftspråka skal vera likestilte.

På gata i Toronto – som er den fjerde største byen på det nordamerikanske kontinentet – er det engelsk som er språket. Derfor var det interessant for meg å vera på utkikk etter fransk. Det likna ikkje lite på når eg går rundt i Oslo og er nyfiken etter å sjå skriftleg nynorsk.

Frå storbyen Toronto i Canada kan eg melde at på fly, flyplass, tog og museum så er jamstillinga bortimot total. Det byrja med det glansa magasinet frå Air Canada i flyseteryggen – på kvar side stod den engelske teksten til venstre og den franske til høgre. På flaska med vatn vi fekk delt ut, stod det «water» og «eau», og på mini-syltetøypakka stod det «Strawberry» og «Fraises». Filmtilbodet i kabinen var mellom anna ein dokumentar om språkstrid. «Om det ikkje var for at folk tok ansvar for sitt eige språk, så ville det ikkje eksistert fransk i Manitoba i dag», sa ei eldre dame i intervju.

På flyplassen i Toronto går det same igjen med all skilting på to språk, dei tar det så langt at den munnlege standardhelsinga frå personalet er «hello bonjour!» Det gjeld òg toga; på skilt og billettar er alt både på engelsk og fransk. På Royal Ontario Museum er skilta todelte, det gjeld til og med skiltet på fortauet utanfor med orsaking for at det er sperra på grunn av oppussing.

Dette er den typen jamstilling som vi har mellom bokmål og nynorsk på pengesetlar: at begge språka står der. På den eine sida står det Noreg og på den andre står det Norge. Einfrid Perstølen, som i si tid stod på for å få nynorsk på frimerke, henta inspirasjon frå mellom anna Canada.

I Noreg er sjølve språkgrunnlaget noko annleis fordi bokmål og nynorsk står nærare kvarandre reint språkleg enn det engelsk og fransk gjer. Det er ikkje nødvendig å krevje at tryggleikskontrolløren på Gardermoen skal seie både god morgen og god morgon. Og det er kanskje pirkete å krevje at vassflasker som eventuelt blir delte ut av SAS skal ha både «vatn» og «vann» på etiketten. Likevel har all den synlege fransken i Toronto ein effekt som er svært viktig. Han viser i praksis at fransk er eit likeverdig språk i dette samfunnet. Sett bort frå pengesetlar og frimerke er det langt mellom slikt her til lands. Grunnen er nok i hovudsak praktiseringa av mållova. Her til lands kan Språkrådet berre oppmode institusjonane til å følgje paragrafane, i Canada blir brot på mållova bøtelagde, og bøtene begynner på 600 dollar og går opp til 20 000. 

I april i år viste det seg at ingen norske universitet eller høgskolar oppfylte mållova i 2016. Lova seier at i alt publikumsretta, skriftleg tilfang som sentrale statsorgan lagar, skal begge målformene vera representerte med minst 25 prosent. Dette gjeld òg på heimesider, i sosiale medium, og andre tekstar som institusjonane publiserer. Alle skjema skal vera tilgjengelege både på nynorsk og bokmål. Statsorgana skal sjølv rapportere om målbruken, men til fristen var det ni institusjonar som ikkje hadde greidd å svare, blant dei Høgskolen i Lillehammer og NTNU. Dessutan var det ingen av institusjonane som oppfylte krava når først rapporten låg føre.
Om ikkje det blir ei betring, må norske styresmakter vurdere å lære av den strenge praksisen i Canada.

Eit nytt, norsk døme gjeld spesielt skilting på flyplassar.
På flyplassen Vigra i Ålesund oppdaga Andreas-Johann Ulvestad ein detalj i sommar. Det gjaldt dispenserane for vatn. Der står det «vann», «water»,  «wasser», «eau», «agua» osb. – men «vatn» har ikkje funne nokon plass. «Nynorsk - det er det ikkje plass til,» skreiv Andreas-Johann til Språkrådet. «Burde ikkje dei ha det?»
Vidare tok han opp at Vigra Lufthamn ligg i Møre og Romsdal som er nynorskfylke og i Giske kommune som er nynorskkommune. Kvifor er ikkje det noko som helst nynorsk der?

Resultatet av engasjementet blei at i juli så gav Språkrådet klagaren rett på begge punkt. På dispenserskilt som dette skal nynorsk også vera representert, og Ålesund Vigra lufthamn og andre nasjonale lufthamner i område med nynorsk som tenestemål, skal ha skilt, oppslag, nettsider og anna skriftleg informasjonstilfang på nynorsk.

Ikkje uventa har Avinor, som har ansvaret for lufthamnene, gitt Språkrådet eit svar som tyder at i praksis er det berre enkelte småflyplassar som skal ha nynorsk, som Ørsta og Leirin i Valdres. Språkrådet svarar tilbake at her tolkar Avinor mållova feil – og der står saka når eg skriv dette.
 
Kvifor skrid verda så langsamt fram? Ein kjenner på ein trong til å sende enkelte med makt i dette landet til gjennomlysing for å finne ut kva det eigentleg er som gjer at dei har så mykje imot at skriftspråket nynorsk skal vera synleg. Kva er eigentleg problemet, Avinor? For 600 000 nynorskbrukarar er det summen av alle desse småtinga som skapar framtida for språket vårt.

For min del ønsker eg at Avinor-leiinga og andre med makt som ennå ikkje har oppfatta at vi har to sidestilte språk her i landet, set seg i eit fly og drar – ikkje dit peparen gror, men til Canada. I Canada er det ikkje vill vest om språklova gjeld eller ikkje, men det er det her.

Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no