Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Norsk Tidend 4 / 2017

Med nye kort på handa

Den mest spennande augneblinken i kortspel er når du tar opp bunken du har fått lagt på bordet framfor deg og ser kva du har fått tildelt. Lyser det i biletkort, har du mange av same farge, er det eitt og anna ess der?

Når vi i målrørsla plukkar opp bunken etter stortingsvalet 2017, er det om lag den same kjensla. Ved første augnekast er det vanskeleg å få totalt oversyn over kva dette spår for spelet framover. Ein får begynne med å sortere.
   Når dette blir skrive, er sorteringa knapt ferdig. Det som står fast, er at i dei første rundane skal vi spela med ei mindretalsregjering med Høgre og Framstegspartiet som dei største partia.
   Lakmustesten vi brukte for å skilje mellom parti før valet, var å sjekke haldninga til sidemål i programma deira. Som til førre stortingsval var det slik at Framstegspartiet programfesta valfritt sidemål, og Høgre programfesta at dei vil avvikle ordninga med eigen eksamen og karakter i sidemål. I regjeringserklæringa i 2013 blei det likevel slik at gjeldande sidemålsordning med trekkeksamen i Vg3 på vidaregåande fekk leva vidare. Det kan ha vore fordi regjeringspartia skjønte at det ikkje var fleirtal for noko anna på Stortinget, eller kanskje rett og slett fordi saka ikkje var viktig nok for dei.

Denne gongen er det all grunn til å gleda seg over at dei fire partia som hadde framgang i valet – Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt og MDG – alle har programfesta sidemålsordninga. Senterpartiet vil at det skal vera obligatorisk opplæring i begge målformer og karakter/eksamen i både nynorsk og bokmål på ungdomstrinnet og i den vidaregåande skolen. Sosialistisk Venstreparti nemner òg både karakter og eksamen eksplisitt, og Raudt meiner sidemålsundervisninga må styrkast gjennom positive forsøk og meir sidemålspedagogikk i lærarutdanninga. Til saman fekk desse tre partia 14 stortingsrepresentantar i pluss.
   Det største partiet, Arbeidarpartiet, vil at «nynorsken skal sikrast godt utviklingsrom».
   I avgjerande posisjon framover har vi Kristeleg Folkeparti og Venstre. Slik valresultatet har blitt, er vi veldig glade for at båe to enda opp med gode sidemålsformuleringar i programma sine.

Parti med god nynorskpolitikk har blitt styrkte på Stortinget 2017–2021, og dermed bør det vera grunn til å tru at sidemålspolitikken i alle fall ikkje kjem til å bli svekt i den neste perioden, og at det faktisk er god sjanse for å få ein politikk med betre ordningar. Her er det gledeleg at Høgre har programfesta at dei vil bruke tekstar på både nynorsk og bokmål gjennom heile skoleløpet, noko som i praksis jo tyder tidlegare start med sidemål.
  I denne samanhengen er det godt å sjå det Liv Kari Eskeland, nyinnvald Høgre-representant frå Hordaland, seier til LNK-nytt:  «Me treng å løfta fram nynorsken, både i stortingsdokument og i samfunnet elles. Tidleg start med nynorsk er viktig, difor er det så viktig dei satsingane som Landssamanslutninga av nynorskkommunar jobbar med for barn og unge, og difor er det så viktig med tilgang til god nynorsk litteratur for barn og unge på alle flater, anten det er digitalt eller på papir.»
   Eskeland legg også til at det er viktig at det finst gode læreverk på nynorsk for vaksne framandspråklege innvandrarar og seier at ho vil gjera sitt for å få det til.

Slik stoda har blitt, må Noregs Mållag følgje godt med denne hausten. Som organisasjon er vi opptatt av å få gjennomslag i politiske saker, derfor har vi tenkt å invitere oss sjølve til møte med dei vi trur vil vera dei viktigaste målpolitikarane i dei ulike partia. Vi har òg tenkt å gi spesiell merksemd og oppmuntring til dei om lag 22 politikarane som vil bli refererte på nynorsk frå talarstolen på Tinget.
   Ei viktig sak som kjem opp i denne stortingsperioden, er omarbeidinga av læreplanen for norskfaget. «Generell del» har alt vore ute til høyring. Ei innvending Noregs Mållag hadde mot førsteutkastet, var at planen ikkje tok høgd for den spesielle norske situasjonen med dei to språka bokmål og nynorsk, der nynorsk er det mindre brukte språket som treng ekstra støtte. Det er godt å sjå at nynorsken i alle fall nå er med i den vedtatte versjonen.
   Neste trinn blir sjølvsagt at striden går vidare til den meir konkrete delen av planverket. Læreplanar har status som forskrift og kan slik sett bli bestemte av Kunnskapsdepartementet aleine, men det er lite truleg at ein minister vil gjera noko slikt utan å ha Stortinget med på laget. Det gjer det mogleg og nødvendig for oss å påverke eit vidt spekter av parti – også dei partia som nett nå ikkje ser ut til å bli ein del av regjeringsgrunnlaget.

Når vi ser tilbake, så har vi i rørsla makta å få gjennom viktige målkrav under skiftande regjeringar og fleirtal, så nå er det opp til organisasjonen å bli like dugande i dei neste fire åra.
   Ein ting som er heilt sikkert, er at stadig aukande medlemsmasse er ein god inspirasjon og politisk maktfaktor i striden som står framfor oss. Meir enn før er det viktig med verving slik at Noregs Mållag blir ein sterk spelar ved bordet.

Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no