Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Norsk Tidend 3 / 2017

Det er lov å drøyme

Alle parti er meir eller mindre kløyvde i språkspørsmålet, og oppgåva vår før stortingsvalet måndag 11. september har vore å styrke dei nynorskvennlege kreftene der dei finst. Heilt sidan våren 2016 har difor vi i Noregs Mållag arbeidd med å få våre prioriterte saker inn i partiprogramma.

I påverknadsarbeidet har vi hatt fem klare krav:
   For det første vil vi at sidemålsordninga skal bli tatt vare på og styrkt. For det andre vil vi ha språkdelt ungdomsskole, slik at nynorskelevane også blir sikra opplæring på sitt hovudmål.
   Tredje krav er at vi vil ha lovfesta at læremiddel til vaksenundervisning av innvandrarar må vere på begge målformer.
   Fjerde krav er at barnehagepolitikken må bli meir språkmedviten og definert med lov og føresegner.
   Femte krav er at ein må ta tak i lærarutdanninga slik at ikkje nye lærarar går ut av lærarskolen utan å kunne nynorsk.

Sidemålsspørsmålet har vore aller viktigast å få avklart. Der har nå både SV, Senterpartiet, Venstre og MDG klare programpunkt som stør eigen karakter i sidemål. Kristeleg Folkeparti skriv at undervisninga i sidemål må halde fram, men stadfestar ikkje eigen karakter.
   I det førre partiprogrammet nemnde ikkje Arbeidarpartiet nynorskpolitikk med eit ord, men nå står det svart på kvitt at «nynorsken skal sikres gode utviklingsmuligheter». Det er ei formulering som forpliktar. Samstundes er vi uroa for formuleringar som at partiet vil «prøve ut fleire alternative vurderings- og eksamensformer» både i grunnskole og vidaregåande. Vi må vere på vakt slik at ikkje sidemålseksamen likevel ryk ut bakvegen.
   I tillegg til støtteerklæringa hos Arbeidarpartiet, har både Venstre og KrF droppa formuleringar om felles karakter i bokmål og nynorsk. Både Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti har tatt inn punkt som stør innføringa av språkdelt ungdomsskole. Og det er mykje godt og bra i programmet til Raudt.

Det er ikkje til å stikke under stol at arbeidet vårt det siste halvåret har fått god hjelp av debatten om Vestlandsregionen og den massive responsen i høyringsprosessen. Når folk kjende at nynorsken var pressa, stod dei opp for han – og denne bølgja nådde heilt fram til rikspolitikarane som sat og skreiv arbeidsprogram.
   Regjeringspartiet Høgre har mange gode målfolk i rekkene, men heller ikkje før dette stortingsvalet har dei kulturkonservative nynorskvennene nådd fram med argumentasjonen sin. Høgre går til val på at dei vil avvikle ordninga med eigen karakter i sidemål både på ungdomsskolen og på vidaregåande, sjølv om fylkespartia i Sogn og Fjordane og Hordaland røysta imot på landsmøtet. Elevane skal møte nynorsken gjennom heile skoleløpet, seier Høgre, – men dei som har nynorsk som sidemål, skal ikkje lære å skrive språket. Dermed fjernar partiet dugleik i skriftleg nynorsk frå 85 % av befolkninga.
   Ein får håpe at ved neste korsveg så har fleire krefter i Høgre skjønt at dei fagre programformuleringane om å sikre norsk kulturarv absolutt må gjelde nynorsken.

Sett med nynorsk-vinkling er det også problematisk å legge setelen til Framstegspartiet i val-urna – partiet vil som før at undervisning og eksamen i sidemål skal vere valfritt.
   Gjennom vinteren og våren har vi sett at det kan ligge an til stortingsfleirtal for partia som vil fremje våre gode tiltak. I så fall er det grunnlag for å drøyme om monaleg betre vilkår for nynorsken etter valet. Det nye programmet kan gi armslag til målpolitikarane i Arbeidarpartiet og gi oss Kunnskapsdepartementet i ryggen når vi seier at barn må møte nynorsken som ein naturleg del av lesing og song i barnehagen og få oppleve dei to norske skriftspråka som sjølvsagde frå den første veka i barneskolen. I ungdomsskolen får elevane som har hatt nynorsk hovudmål på dei lågare trinna, halde fram i nynorskklassen sin slik at dei ikkje gir slepp på språket berre fordi dei er 13 år og redde for å skilje seg ut frå gruppa – og etter ein oppvekst der nynorsk har vore tydeleg til stades på alle skoletrinn, blir det sjølvsagt at dugleiken skal bli eksaminert på lik linje med den i hovudmålet.

Med eit politisk løft for tydeleg likestilling i barnehage og skole, er det lov å håpe at også språkhaldningane elles i samfunnet vil flytte seg eit hakk i riktig lei. Fleire vil ha mot til å halde på nynorsken.
   Om valet blir godt, er det opp til Noregs Mållag å levere gode praktiske framlegg for å betre nynorskpolitikken til både Storting og Regjering.
   Lenge har det vore lett å føle som nynorsking at ein strir mot «det langsame tapet» som kjem på grunn av urbanisering og endra samfunnsstrukturar. Slik tidene skiftar i våre dagar, er det lov å drøyme at den utviklinga er i ferd med å snu, og at nynorsk snart rett og slett blir eit heilt greitt skriftspråk over heile landet. Valresultatet er svært avgjerande, så hugs for all del å gå og røyst.

Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no