Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Norsk Tidend 1 / 2018

Framtida i eit nummer av Jærbladet

Eg skriv denne leiarteigen med eit nummer av Jærbladet framfor meg. Som oftast er avisene eg les, på ein skjerm, men når det gjeld Jærbladet fredag 12. januar 2018, så har eg faktisk tinga papirutgåva særskild. Det er fordi eg skal bruke denne papiravisa til noko spesielt, og det skal eg røpe på slutten av artikkelen.

På framsida av avisa ser ein to unge hender og ein iPad. På den svarte skjermen står det: «Elevar får ikkje nynorsk på digitale verktøy». Inne i avisa blir oppslaget følgt opp av ein reportasje som fortel at 83 prosent av elevane på Jæren har nynorsk som hovudmål, men meldingar, menyar og retteprogram dei har på nettbrett og PC, kjem berre på bokmål.

Jærbladet siterer framtida.no som har gjort ei større undersøking på nynorske barneskular, og da er det 77 prosent som berre nyttar læringsressursar som berre finst på bokmål. IKT-ansvarlege i Klepp fortel at tilsynelatande kan ein stille inn på nynorsk retteprogram i Word-appen, men det fungerer berre ikkje likevel. Slike digitale problem i skuleverket får vi i Noregs Mållag meldingar om frå alle kantar i landet. Seinare i år kjem vi til å lansere ein kampanje som skal rydde opp i slike soleklare brot på opplæringslova.

Så blar eg om ei side i Jærbladet 12. januar 2018.  Da finn eg eit nytt oppslag om Klepp kommune. Der er overskrifta «Klepp testar chat-robot». Kommunen prøver nemleg ut robotløysinga «Kari» som er utvikla av Stavanger-selskapet Boost AI. Poenget med den er at dei som vil kommunen noko, kan skrive inn spørsmålet sitt på ei nettprat-side og så få eit relevant, automatisert svar. Introduksjonsreplikken til Kari er: «Hei, jeg heter Kari og er kommunens chat-robot». Ingen tvil om at det er ei ekte bokmålsdame som nå er tilsett i nynorskkommunen Klepp.   

Kari skal lære seg nynorsk etter kvart, heiter det i artikkelen i Jærbladet. Om ikkje så mange veker skal det fungere, og om nynorsken blir haltande i førsten, så kjem han til å bli betre og betre. Etter kvart er visst planen også at ho skal forstå talt normalnynorsk og dialekt. Men kan vi stole på læreevna til Kari?

Djevelen ligg i detaljane, seier engelskmennene. For nynorskbrukarane viser begge desse to døma frå Klepp at djevelen ofte ligg i teknologien. Digitaliseringa av det offentlege Noreg fossar fram, og midt i ein flaum av ny teknologi gløymer både utviklarar og dei som skal passe på lov og rett, at vi har to likestilte språk i dette landet.

Det førre arbeidsprogrammet til Noregs Mållag blei vedtatt i 2014. I år skal eit nytt opp på landsmøtet i Vinje. Språkteknologi er eit viktig punkt i det gode utkastet frå arbeidsprogramnemnda. «Sidan marknaden rår, må nynorskbrukarane vere synlege på statistikken til selskapa som styrer marknaden,» heiter det i framlegget. «Politisk press på dei store selskapa og på dei store prosjekta som skal arbeida med språkteknologi, er viktig.» Dette veit vi er sant - og det vi òg veit, er at riket ikkje har nokon organisasjon betre enn Noregs Mållag til å øve motpress slik at ikkje teknologibølgja svekker nynorsken dramatisk.

Tilhøvet til teknologi er berre eitt av mange samfunnsfelt der Noregs Mållags nye arbeidsprogram stakar ut tiltak som vi vonar skal gjera skilnad. Sjølve organiseringa av Noreg har vi synspunkt til; vi skal arbeide for at nynorsken skal komme sterkare, ikkje svakare ut av samanslåingsprosessane. Språket vårt må hjelpast fram i næringslivet og i fagrørsla – og ikkje minst må barn som veks opp i nynorske barnehagar og skular, få betra utviklingsvilkår. Eg vil oppmode alle som er engasjerte i desse og andre utfordringar til å uttale seg om arbeidsprogrammet. Frist er 20. februar – nødvendige opplysningar finn du på nettsida vår.

Likevel er det slik at sjølv om eit Noregs Mållag med rekordarta medlemstal har ei viss makt, så ligg den verkelege makta hos styresmaktene som har til oppgåve å vedta lover og passe på at allmugen følger dei. Ein viktig instans i dette er Utdanningsdirektoratet, der Noregs Mållag møter toppleiinga denne februarmånaden. Det er ved det høvet papirutgåva av Jærbladet skal fram og klaskast ned på eit viktig skrivebord. «Elevar får ikkje nynorsk på digitale verktøy» skal dei som bestemmer få lesa. Svart på kvitt. – Dette er eit lovbrot, skal eg seie da.

Eg veit ikkje kor stor makt det er i ei papiravisframside lenger, men noko er det vel, og saman med mange andre verkemiddel i eit framtidsretta arbeidsprogram skal det hjelpe oss til å få digital nynorsk no.

Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no