Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Norsk Tidend 2 /2018:

Nynorsk framtid i søraust

Denne utgåva av Norsk Tidend kjem til medlemmene like før det store landsmøtet i Vinje i Telemark. Vinje er ikkje den mest praktiske staden å arrangere eit slikt stemne (dét vil nok alltid vera eit flyplasshotell ved Gardermoen), men like fullt gjekk vi i styret inn for denne staden både på grunn av historie og geografi.

I 2018 er det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje blei fødd, mannen som var den første som tok Ivar Aasens landsmål i bruk på alvor. Han voks opp i ei lita stove på Plassen med utsyn mot Vinjevatnet og blei i sitt liv ein som opna dører for både norsk mål og journalistikk. I tillegg skreiv han lyrikk som dei fleste nordmenn kan sitere linjer frå ennå i dag.

Frå Aasmund Olavsson går det så kulturelle linjer vidare i Vinje, til Aaslaug Vaa, Halldis Moren, Tarjei Vesaas og Stein Versto. Når Nordstoga-familien nå eig og driv Plassen gard, er det som om ein ring er slutta.

Vest-Telemark er òg ein svært strategisk stad, geografisk sett. Vi er i eit nynorsk kjerneområde i det indre av det som blir eitt av fire sør- og austlandske «storfylke» etter fylkesomgjeringa. Fylkesnamna er ikkje heilt bestemte ennå, men for praktisk bruk her, kallar eg fylka «Agder», «Vestfold og Telemark», «Vika» og «Hedmark og Oppland». Det som er likt i alle desse fire storfylka, er at alle i hop kjem til å få eit nynorskskrivande mindretal med kjerneområde «inne i landet». Hadde det blitt noko av det store Fjellfylket ein del drøymde om, ville det kunne blitt eit sterkt nynorskfylke. Nå er i staden nynorskskrivarane splitta i fire administrative einingar.

I Skiensavisa Varden 8. mars skriv leiaren for den nyskipa Målungdomen i Telemark, Nikolai Hagevold Krohne, følgjande: «No som regionsforhandlingane allereie er fastslått, er det derfor viktigare enn nokon gong at me som ynskjer å halde på språkmangfaldet på Austlandet, står saman mot politikarane som utslettar det.» Arbeidet for å få i gang eit slikt samarbeid mellom målfolk har tatt mykje av leiartida mi på slutten av denne perioden.

I framlegget til arbeidsprogram som styret legg fram på landsmøtet, er dette eitt av fire prioriterte punkt. Vi skriv at nynorskbrukarane må tene på omorganiseringa av kommunar, fylke og stat. Det er viktig at ingen strukturreformer slår negativt ut for nynorskbrukarane. Tvert om bør slike reformer vera eit høve til å innføre tydelegare regelverk og betre rettar. Så langt har det vore telefonmøte med leiarane i fylkeslaga som omfattar dei ulike fylka, og vi har arbeidd med korleis dei konkrete språkbruksvedtaka i dei ulike fylka skal sjå ut. Vi har byrja dei mange samtalane med politikarar, og medieutspel er alt ute.

Krava våre er rimelege og burde ikkje vera omstridde: Utetterretta informasjon frå dei nye storfylka må veksle mellom bokmål og nynorsk, med ein plan som seier tydeleg at ein viss prosent av innlegga på nettsida, til dømes, skal vera på nynorsk. Saker som omhandlar nynorskområde særskilt, vera på nynorsk. Fylka styrer dei vidaregåande skulane, og da må styringsdokumenta seia svart på kvitt at det ikkje skal vera vanskelegare å vera nynorskbrukar enn bokmålsbrukar for vidaregåande-elevar i Agder/Vestfold og Telemark/Vika/Hedmark og Oppland.

Dei skulane som tar imot flest nynorskelevar, har eit særskilt ansvar for å gjera det lett for elevane å halde på nynorsk. Og altså må det aktive omsynet til nynorsken femne lenger enn nynorskkommunane. Alle dei vidaregåande skulane i dei nye storfylka må ha valskjema, læringsressursar og informasjonsmateriell tilgjengeleg som i praksis viser at nynorskelevar er like gode som bokmålselevar.

Vestfold og Østfold som i dag er fylke med bokmålsvedtak, må droppe desse vedtaka til fordel for å bli ein del av «språknøytrale» storfylke. Så veit vi i målrørsla alt om at «nøytralt» ofte ikkje tyder «tospråkleg» i det heile tatt i offentleg administrasjon. Derfor må planar komma inn som gjer dei nye fylka reelt tospråklege.

Om nynorsken i søraust kjem styrkt ut av fylkesreforma, vil det styrke legitimiteten nynorsken har som riksspråk. Det igjen vil trygge posisjonen nynorsken har som administrasjonsmål etter gode vedtak i fylka Vestlandet og Møre og Romsdal og gjera det enda lettare å fremme nynorsk i Rogaland.

Med vekst i medlemsmassen og ei haldningsendring på gang i folkedjupet, har rørsla faktisk ein god sjanse til å vri fylkesreforma til ei betring for nynorskbrukarane. Vi bør òg kunne rekne med god støtte frå sentrale styresmakter i og med denne formuleringa i Jeløy-erklæringa: «Regjeringen vil sikre gode bruks- og opplæringsvilkår for de offisielle språkene i Norge og de to likestilte målformene i norsk.»

Om det som til nå har vore reint bokmåls-administrerte landslutar, som Hedmark, Akershus, Vestfold og Østfold, får prinsippet nynorsk inn i det offisielle styringsverket – ja, da har Noregs Mållag bidratt til å flytte nynorskbrikkene i det store norske språk-sjakkspelet fleire felt framover.

Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no