Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Språkteknologi Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Ei innføring i språkteknologi og nynorsk

Språkteknologi


Språkteknologi er dataprogram som behandlar naturleg språk – frå enkle stavekontrollar som dei fleste har på datamaskina si, til avanserte dikteringsprogram som gjer flytande tale om til tekst. Språkteknologiske produkt og tenester vil i sterkare og sterkare grad prega kvardagen til folk, språkutviklinga og tilhøvet mellom språka. Dei teknologisk avanserte språka vil vinna fram på kostnad av språk som har ein mindre utvikla teknologi i ryggen, og språk som ikkje blir digitaliserte, vil truleg døy ut som fullverdige bruksspråk.

Noreg er det ein langt større fare at bokmål vinn fram på kostnad av nynorsk og samisk enn at engelsk tek over. Styresmaktene har ein dårleg utvikla politikk på feltet og er på etterskot i høve til språkindustrien. Når digitaliseringa av nynorsk og norske dialektar likevel har kome langt, er det på grunn av at forskingsmiljøa og delar av språkindustrien har teke den norske språksituasjonen på alvor. Framover er det mindre sannsynleg at dei som driv halv- og heilkommersielt forskings- og utviklingsarbeid vil ta dei naudsynte omsyna til det norske språkmangfaldet av seg sjølv. Dei nye produkta, særleg innanfor taleteknologi, er særs ressurskrevjande å utvikla, og einast ein tung innsats frå det offentlege kan sikra nynorsk (og bokmål!) på dette feltet i framtida.

Noregs Mållag arbeider parallelt på tre felt for å sikra nynorsken og dialektane ei digital framtid:

> Styresmaktene må koma tyngre og meir aktivt inn på det språkteknologiske området for å sikra ei utvikling som er i tråd med norsk språkpolitikk.

> Utviklingsmiljøa (kommersielle aktørar og forskingsinstitusjonar) må få ei auka forståing for at det både er kulturpolitisk viktig og kommersielt interessant å satsa på nynorsk.

> Kundane – dei som kjøper språkteknologiske produkt – må bli langt meir medvitne på den marknadsmakta dei har og bruka ho til å pressa fram utvikling av nynorskprodukt.

Oddmund Løkensgard Hoel, 3. januar 2000
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no