Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Språkteknologi Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk språkteknologi - korleis er stoda?

Dette oversynet viser korleis det står til med nynorsk språkteknologi i desember 1999. Nynorsken har lenge vore eit digitalisert språk, men bokmålet ligg eit hestehovud framfor, og både nynorsk og bokmål ligg kraftig etter engelsk og dei andre store verdsspråka.
  • Skriftspråksteknologi
  • Korrekturprogram
  • Elektroniske ordbøker
  • Grammatikk- og stilkontrollar
  • Omsetjingsprogram
  • Taleteknologi
  • Bruksområde for taleteknologien
  • Telenor
  • Sintef
  • Nordisk Språkteknologi
  • Sail Port Nord Europa
  • Philips Speech Processing

Skriftspråksteknologi
Korrekturprogram
Det har funnest stavekontrollar og orddelingsprogram for både bokmål og nynorsk i over ti år:

- Dag og Tid utvikla alt på 80-talet ein nynorsk stavekontroll for WordPerfect. Blir no levert for alle versjonar av WordPerfect og Claris, sjå http://www.dagogtid.no/dt-butikk.html.

- Tansa Norge har utvikla eit servarbasert korrektursystem for storbrukarar både for nynorsk og bokmål. Det er brukt av fleire store aviser, forlag, organisasjonar og etatar, mellom anna Bergens Tidende, Nynorsk Pressekontor og Dag og Tid, sjå http://www.tansa.no/.

- Microsoft Word har hatt stavekontrollar både for nynorsk og bokmål som standard i lang tid. Til den siste versjonen av programmet som kom i 1999, Office 2000 (Word 2000/9.0), er det utvikla heilt nye stavekontrollar for båe språk som er mykje betre enn dei gamle. Dei godtek alle former i rettskrivinga, både hovud- og sideformer, og nynorskversjonen byggjer på Nynorskordboka. Dei fylgjer som standard i Word 2000, og kan i tillegg kjøpast laust av dei som har Word 7.0 (Office 95) eller Word 97/8.0, eller utanlandske versjonar som manglar norsk stavekontroll. Dei er utvikla av det finske språkteknologifirmaet Lingsoft, sjå http://www.lingsoft.fi/no/.

- Scarrie, eit EU-støtta skandinavisk prosjekt, har utvikla prototypar av meir avanserte stavekontrollar for svensk, dansk og bokmål, men ikkje nynorsk. Det har vore leia av det svenske språkteknologifirmaet Wordfinder, og Universitetet i Bergen har vore med frå norsk side. Stavekontrollen for bokmål var ferdig hausten 1999, og ein versjon som kan brukast saman Microsoft Word skal etter planen vera på marknaden hausten 2000. Sjå http://fasting.hf.uib.no/scarrie/.

Marknaden er i dag dominert av verkty som finst på båe språk, men det er framleis eit problem å få tak i nynorske stavekontrollar for ein del program, særleg for Macintosh og meir spesialiserte tekstredigeringsprogram.

Elektroniske ordbøker
Det finst éi elektronisk ordbok for nynorsk:
- Samlaget har utvikla ein elektronisk versjon av synonym- og ordleggingsordboka Med andre ord av Magne Rommetveit (lansering i januar 2000). Ordboka er særleg godt eigna for den som er ute etter gode nynorske ord og uttrykk for tunge og uheldige bokmålsformuleringar. Kan brukast saman med Word 7.0 eller nyare og finst berre i PC-versjon. Produsert av Lingsoft. Sjå http://www.samlaget.no/mao/.

Elles finst det berre elektroniske ordbøker for bokmål, og dei leiande på marknaden er Kunnskapsforlaget og Clue. Ingen av dei har laga noko for nynorsk.

Grammatikk- og stilkontrollar
For nynorsk og bokmål finst det ikkje slike verkty enno, men det er utvikla grammatikkontrollar for dei største språka. Microsoft Office 2000 blir levert med grammatikkontroll for mellom anna svensk (utvikla av Lingsoft).

Med nokre unntak har stavekontrollar og elektroniske ordbøker til no berre vore i stand til å kontrollera eitt og eitt ord i isolert utan å sjå på samanhengen dei står i. Dersom den ordforma ein skriv, er innanfor rettskrivinga (dvs ordlista i stavekontrollen), får ein såleis ikkje feilmelding sjølv om ein både har galen ordstilling, skriv inkonsekvent og skriv ugrammatiske setningar. Dersom han er avansert nok, vil ein nynorsk grammatikkontroll både kunna kontrollera at ein held seg konsekvent til a- eller e-infinitiv, at ein ikkje gløymer verbet i setninga, at samsvarsbøyinga er rett osb.

Grunnteknologien er utvikla både for nynorsk og bokmål, det vil seia at det finst program i dag som analyserer morfologi (bøying) og syntaks (setningsbygnad) med brukande resultat. Nordisk språkteknologi har sagt til media at ei vil ha klår ein grammatikkontroll for ”norsk” våren 2000. Dei sentrale utviklingsmiljøa og prosjekta som har planar for nynorsk, er:
- Lingsoft -– http://www.lingsoft.fi/
- Tekstlaboratoriet ved Universitetet i Oslo – http://www.hf.uio.no/tekstlab/
- NorGram (samarbeid mellom Xerox PARC og Universitetet i Bergen) – http://www.hf.uib.no/i/LiLi/SLF/Dyvik/norgram/
- Nordisk Språkteknologi – omtale i digi.no 13.4.99, http://w3.digi.no/digi98.nsf/pub/dd71921904er5850309000

Omsetjingsprogram
Maskinomsetjing vil bli viktigare og viktigare etter kvart som nettbruken og den internasjonale kontakten i samfunnet aukar. For norsk finst det berre eitt omsetjingsprogram:
- Nyno – eit program som omset tekst frå bokmål til nynorsk. Det er utvikla av Nynodata AS, sjå http://www.nynodata.no/

Det er ikkje utvikla program som omset tekst mellom nynorsk eller bokmål og andre språk, og i dag finst det berre slike program for dei største verdsspråka. På AltaVista, ein av dei største søkjemotorane på nettet, har det ei god stund vore mogleg å få omsett nettsider mellom engelsk, fransk, tysk, italiensk, portugisisk og spansk. Dette omsetjingsprogrammet er utvikla av Systran som er leiande i verda på dette feltet. Sjå (og prøv sjølv) på http://altavista.com/ og http://www.systransoft.com/.

Taleteknologi
Taleteknologi er datamaskinell behandling av naturleg tale. Taleteknologi for norsk har vore under utvikling i fleire år, og den fyrste kommersielt tilgjengelege tenesta kom våren 1999 (e-postlesar frå Telenor). Internasjonalt reknar ein med ein kraftig vekst i bruken av taleteknologi dei komande åra. Dei to hovudtypane taleteknologi er:
- talesyntese – at datamaskina ”snakkar”, det vil seia er i stand til å lesa opp ein tekst slik at det er skjøneleg for lyttaren.
- taleattkjenning – at datamaskina omset naturleg tale til tekst eller kommandoar.

I tillegg til spørsmålet om nynorsk og bokmål, er det òg interessant kor stor dialektvariasjon taleteknologien vil greia. Talesyntese vil oftast vera snakk om å lesa opp tekst på eit standardmål. Spørsmåla vil då vera om systema greier å lesa nynorsktekstar utan bokmålsuttale av sume ord (som /meg/, ikkje /mei/ når det står ”meg”), og kva regionalt underlag uttala skal ha (t.d. ”Det Norske Teatret-uttale” eller vestlandsk tonefall). For taleattkjenningssystema vil det fyrste spørsmålet vera kva mål systemet skjønar, altså om ein må knota bokmål eller om ein kan snakka nynorsk eller jamvel ha ein del dialektinnslag. Dei enkle dialogsystema vil jamt over kunna godta større dialektvariasjon enn tale-til-tekst-systema. Dersom det skal koma ut tekst etter at systemet har dekoda talesignala, vil det neste spørsmålet vera om denne teksten skal koma på nynorsk eller bokmål.

Bruksområde for taleteknologien
Taleteknologien blir brukt i mykje meir enn tradisjonelle datamaskiner (PD-ar). Alt i dag er teknologien teken i bruk av teleselskap og industri.
- Dialogsystem for telefon: det vil kunna gje store innsparingar på personalbudsjetta i næringsliv og offentleg administrasjon dersom informasjonssystem, sentralbord og andre teletenester kan gjerast heilautomatiske.
- E-post på telefon: talesyntese gjera det mogleg å bruka telefonen til å lytta på e-posten sin, og talegjenkjenning vil gjera det mogleg å senda e-post ved å snakka i telefonen.
- ”Handfri” bruk av mobiltelefon: bruk av mobiltelefon i bil er eit stort tryggleiksproblem i trafikken, og det blir arbeidd med regelverk både i Noreg og i utlandet med sikte på å forby slik bruk. Mobilselskapa har difor ei sterk interesse i å få utvikla talestyrte mobiltelefonar (”ring mamma!”) slik at folk kan halda fram med å bruka mobiltelefonen medan dei køyrer. Når mobiltelefonane blir til små dataterminalar som kan brukast t.d. på Internett, vil det òg vera interessant å gjera dei talestyrde sidan ein knøttliten telefon aldri vil kunna få eit brukande tastatur.
- Talestyring av datamaskiner: Microsoft har sagt at taleteknologi vil bli ein integrert del av operativsystemet (Windows) om få år, det vil seia at ein kan be maskina henta e-posten i staden for å bruka musa. Fleire og fleire dataprogram vil truleg kunna styrast med tale. Microsoft-sjefen Bill Gates blir ofte sitert for å ha sagt at at ”Speech is not just the future of Windows, but the future of computing itself”. I visse delar av industrien, t.d. oljeindustrien, er det stor interesse for å utvikla talestyrt prosesstyring. Då kan arbeidaren styra produksjonen ved å snakka i ein mikrofon på hjelmen i staden for å måtta opphalda seg der instrumenta er.
- Dikteringsprogram: for engelsk og dei andre store verdsspråka har det i fleire år funnest program som gjer det mogleg å diktera tekst til datamaskina. I tillegg til å omsetja tale til rein tekst, har desse programma talestyrte kommandoar slik at ein både kan lagra, få ulike skrifttypar og laga lister utan å bruka tastatur eller mus. Interessa har særleg vore stor i den juridiske og den medisinske sektoren, og det er her språkindustrien ser den største marknaden, òg i Noreg. Det vil liggja ein rasjonaliseringsvinst i at det ein lækjar dikterer medan han opererer, automatisk vil bli til tekst utan at ein sekretær treng å skriva.
- Hjelpemiddel for funksjonshemma: taleteknologi gjer det mogleg å utvikla høyre- og taleprotesar for stumme og dauve, og det vil vera til stor hjelp for sterkt rørslehemma å kunna styra apparat og hjelpemiddel med røysta. Ein vil til dømes kunna be fjernsynet slå seg på, døra opna seg osb.
Dette vil seia at det offentlege kjem til å bli ein stor kunde for språkindustrien. Dette er viktig fordi det vil gjera det mogleg for staten å sikra utvikling av nynorsk språkteknologi gjennom å stilla målpolitiske krav ved offentlege innkjøp.

Telenor
Telenor Forsking og Utvikling har i fleire år arbeidd med talesyntese og talegjenkjenning for norsk i samarbeid med Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Siktemålet er å utvikla ein teknologi for automatiske talestyrte teletenester (t.d. ruteopplysning, nummeropplysning, sentralbord, opplesing av e-post, handfri mobiltelefon). Det er lagt inn uttaleopplysningar i Nynorskordboka og Bokmålsordboka og laga databasar der alle dialektområde er representerte. Systemet skal dermed greia stor uttalevariasjon.
Tilgjengelege produkt og tenester:
- E-postlesar: dei som har Internett-abonnement gjennom Telenor Nextel kan ringja eit nummer og få e-posten sin opplesen på telefon, sjå http://epostleser.nextel.no/
- ”Talsmann”: demoversjon av opplesingsprogrammet som ein kan bruka til å få lese opp tekstar på si eiga datamaskin. Ein lastar det ned frå nettsidene til Telenor og kan prøva det ut i 30 dagar, sjå http://www.telenor.no/fou/prosjekter/
- ”Omvendt” nummeropplysning: prøveteneste frå Telenor FoU som ein kan bruka dersom ein har eit telefonnummer og vil vita kva namn og adresse det er registrert på. Ring nummer 63 84 85 30
Prosjekta til Telenor er omtalte på http://www.telenor.no/fou/prosjekter/

Sintef
SINTEF samarbeider med NTNU om utvikling av taleteknologi. Databasane som Telenor og NTNU har utvikla saman ligg til grunn. SINTEF har utvikla ei automatisk ruteopplysning for Trondheim Trafikkselskap (prøveteneste), ring nummer 73 51 78 30.
Sintef og NTNU er saman med NRK i gang med å utvikla eit system som brukar talegjenkjenning for å teksta fjernsynsprogram på direkten. Omtala seier ikkje noko om dette gjeld teksting både på bokmål og nynorsk.

Omtale av taleteknologiprosjekta til SINTEF og NTNU:
- Sintef: http://www.informatics.sintef.no/SignalProcessingAndSystemsDesign/index.shtml
- Institutt for teleteknikk, NTNU: http://teleipcn.tele.ntnu.no/signal/talebeh.html
- NRK-prosjektet (omtale i digi.no 15.11.99): http://w3.digi.no/digi98.nsf/pub/dd19991113103700ero2540474556

Nordisk Språkteknologi (NST)
NST er eit relativt nytt firma på Voss som satsar tungt på utviklinga av språkteknologi for norsk, svensk og dansk. Firmaet er delvis eigd av det store belgiske språkteknologikonsernet Lernout & Hauspie (L&H) og brukar teknologien deira. Aksjekapitalen er på 102 millionar kroner, og ved årsskiftet 1999/00 hadde selskapet vel 70 tilsette. NST vil utvikla fleire typar språkteknologiske løysingar, som skrive- og retteverktøy, dikteringsprogram og omsetjingsprogram. NST har ingen produkt på marknaden enno. Eit dikteringsprogram for bokmål vil liggja føre i 2001. NST har uttala at dei ikkje ser det som kommersielt interessant å utvikla dikteringsprogram for nynorsk.

Det finst lite stoff på nettet om prosjekta til NST, men noko omtale finn ein her:
- Nordisk Språkteknologi, http://www.ide-as.com/nst/
- Lernout & Hauspie, http://www.lhs.com/
- ”Dataspesialister "styrter" til Voss”, Bergens Tidende 26.11.99, http://www.bergens-tidende.no/vis.html?id=44361
- ”Kast tastaturet i år 2001”, digi.no 13.4.99, http://w3.digi.no/digi98.nsf/pub/dd71921904er5850309000

Sail Port Nord Europa
Dette skal bli eit stort språkteknologisk kompetansesenter på Voss. Grunnleggjarane av Lernout & Hauspie står bak eit senter i Belgia og har garantert at dei vil gå inn med 70 millionar kroner i kapital dersom private og offentlege interesser i Noreg går inn med like mykje. Staten løyvde hausten 1999 25 millionar kroner på statsbudsjettet for 2000, og Voss kommune og Hordaland Fylkeskommune går truleg òg inn med aksjekapital.

Staten har gjort det klårt at jamstelling mellom bokmål og nynorsk vil vera eit vilkår for den statlege medverknaden i senteret.
Omtale i Hordaland, sjå http://www.avisa-hordaland.no/sailport.htm

Philips Speech Processing
Philips er mellom dei leiande i verda på språkteknologi, og dei gjekk i 1999 i gang med å utvikla taleteknologi for norsk som skal brukast i dialogsystem for telefon og dikteringsprogram. Philips held ein svært låg profil med denne satsinga, og det er ikkje kjent om dei satsar på nynorsk. Internasjonalt konkurrerer Philips med L&H der dei har ei sterk stilling i helsesektoren, og i Noreg vil dei bli ein konkurrent til NST.
Omtale av Philips Speech Processing, sjå http://www.speech.philips.com/

Oddmund L. Hoel, 3. januar 2000
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no