Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Val 2015 Val 2001 Val 2005 Val 2011 Val 2013 Val 2017 Val 2015 Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kommunevalkamp 2015

Måndag 14. september er det kommune- og fylkestingsval. Mållaget meiner det er fire viktige saksfelt for nynorsken i lokalvalkampen i 2015.

– Det er viktig å peike på at lokalval kan vere viktig for utviklinga av nynorsken lokalt og dermed nasjonalt, difor vert lokallaga oppmoda om å ta bruke valkampen så godt som råd i sin kommune, seier Sigbjørn Hjelmbrekke, nestleiar i Noregs Mållag. 

– I denne lokalvalkampen er det fleire saker som kan bli diskusjonsemne i lokalt. Det er peika ut fire saksfelt som vi sender ut informasjon om til våre lokal- og fylkeslag. Det er kommunereform, språkdelte ungdomsskular (Odda-modellen), nynorskopplæring for vaksne innvandrarar og målbruksplanar.

Debattmøte
Når fylkesmållaga står for debattmøte, opnar det for at saka om kommunereforma og nynorsken også blir valkampsak. Nokre mållag planlegg lokale debattmøter og dette kan vere viktig for å få opp interessa for sakene våre i valet. 

– Me meiner at slike debattmøte er det viktig at styret og skrivarstova stør opp om fordi dei kan føre til meir interesse for sakene, meir informasjon og kunnskap ut til kandidatane og fleire saker i media, peikar Sigbjørn Hjelmbrekke på. 

Fire saksfelt: Noregs Mållag meiner det er fire viktige saksfelt for nynorsken i lokalvalkampen i 2015. Desse fire emna er ikkje nødvendigvis like aktuelle i alle kommunar, så korleis og kva lokallaga gjer i valkampen er ei lokal vurdering. 

> Kommunereforma: Ei samanslåing av små nynorskkommunar med store bokmålskommunar eller nøytrale kommunar vil få konsekvensar for nynorsken. Det er i nynorskkommunane ein i dag møter mest nynorsk. Det vert vanskeleg å halda på språket sitt i det ein hamnar i tydelege mindretal.

> Nynorskopplæring for vaksne innvandrarar:  Innvandring er ein viktig ressurs for mange nynorskkommunar. Ved å gje opplæring på bokmål i nynorskkommunar  undergrev kommunane sine eigne språkvedtak. 

>  Språkdelt ungdomsskule – Odda-modellen: God språkopplæring kjem langt ned på lista når ungdomsskulane skal fordela elevar i nye klasser. Dette råkar nynorskelevane i dei delane av Noreg med språkblanda skular. Noregs Mållag vil at elevar skal ha rett til å få opplæring på eige språk ut grunnskulen. 

> Målbruksplan: Dette er eit styringsdokument for språk som eit kommunestyre eller fylkesting kan velje å vedta for sin kommune eller sitt fylke. Dokumentet kan gjerne berre vere eit par sider. Men det kan vere svært nyttig for å gje retning for språkval i alle deler av kommunen. Sjå saka om Målbruksplanar hjå LNK. 

Saka om sidemålsopplæring i Noreg kan også vere aktuell i ein lokalvalkamp. Les meir om sidemåls-saka her

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no