Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Val 2015 Val 2001 Val 2005 Val 2011 Val 2013 Val 2017 Val 2015 Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Innspel til partiprogramma

Vi har oppmoda dei om å sende brevet vidare til deira lokalparti, og oppmodar no dykk om å fylgje opp partia lokalt. I brevet finn de nokre sentrale punkt Noregs Mållag oppmodar lokalparti – særleg i nynorskområde – til å ta med i programma sine. I tillegg er det sjølvsagt flott om lokallaga kontaktar partia lokalt dersom de har andre saker de meiner partia bør ta med i programma sine. Slik sikrar vi at flest mogleg parti hugsar på målsaka dei neste fire åra, og at veljarane veit kva parti dei bør røyste på dersom dei er opptekne av stoda for nynorsken.

Dersom de har spørsmål eller innspel, er det berre å ta kontakt!

***

Innspel til partia:

Noregs Mållag
Noregs Mållag organiserer over 10.000 medlemmer i 200 lokallag og arbeider for nynorsk og dialektane på alle samfunnsområde. I tillegg er vi opptekne av vilkåra for samisk og andre nasjonale minoritetsspråk, nyare minoritetsspråk og språk- og kulturmangfaldet i stort. Noregs Mållag ynskjer å kome med innspel til kommunal- og fylkesprogramma som no er under skriving. Det viktigaste arbeidet for nynorsken blir gjort lokalt, og det er difor viktig at lokalparti forpliktar seg gjennom valprogrammet til å fylgje opp dette. Desse innspela er mest retta mot nynorskkommunar, men vonleg kan dei vere til inspirasjon òg for kommunar flest. Vi oppmodar òg lokalpartiet om å skrive heile eller delar av programmet på nynorsk.

Barnehagane
Alle barnehagar i kommunen skal ha eit rikt tilfang av nynorsklitteratur og anna nynorskmateriell, og dei tilsette skal få opplæring i korleis dei kan gje ungane ei fleirspråkleg barnehagetid.

Skule
Alle nynorskelevar skal få rettane sine oppfylte når det gjeld nynorske læremiddel. Skulen skal aktivt ta i bruk nynorskstimulerande tiltak i undervisninga, som bruk av nynorske nettsider, nynorsklitteratur og liknande. Kommunen skal ikkje kjøpe inn læremiddel som berre ligg føre på bokmål.

Integrering
Alle vaksne innvandrarar til kommunen skal få norskopplæring på nynorsk, og dei pedagogisk tilsette skal få kursing i korleis dei kan lære bort nynorsk og lokal dialekt til innvandrarar.

Kommuneadministrasjonen
Dei kommunalt tilsette skal få kurs i god nynorsk språkføring for å betre kommunikasjonen med innbyggjarane i kommunen.

Dersom partiet ynskjer meir informasjon om tiltaket eller har andre spørsmål, er de hjartleg velkomne til å kontakte Noregs Mållag sentralt: 23 00 29 30 eller på e-post: nm@nm.no. På heimesida vår ligg lokallagsoversyn med kontaktinformasjon til mållaget i dykkar kommune.

Lukke til med programskrivinga!

Beste helsing

Noregs Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no