Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Stadnamnlova Nynorsk Grunnlov Normering Næringsliv Kyrkjemål Skule IT Media Offentleg målbruk Stortingsmelding om målbruk i offentleg teneste - brev til KD Verkeområde for mållova - framlegg om endringar Val Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Offentleg målbruk - ein gjennomgang

Noregs Mållag arbeider for å fremje nynorsk i offentleg verksemd. Ved fleire høve har Mållaget vedteke målsetjingar og krav for dette feltet. Nokre av desse vedtaka og grunngjevingane kan lesast på samlasida Mållaget meiner.

Mållova
I lov 11. april 1980 nr. 5 om målbruk i offentleg teneste (mållova) og forskriftene til lova er det slege fast at det skal nyttast minst 25% av kvart mål i statleg verksemd. I dag er det særs få av statorgana som stettar dette kravet.
- Nyttig samleside (Språkrådet) med mållova, forskriftene, liste over målval i dei einskilde kommunane, statistikkar over målbruken i staten og andre sentrale dokument.
- Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) er talerøyr for kommunar, fylkeskommunar og interkommunale tiltak som nyttar nynorsk.

Tilsynet med lova - mållovsmeldingane
Språkrådet (tidlegare Norsk Språkråd) har sidan 1994 hatt ansvaret for å følgje opp praktiseringa av mållova i statsinstitusjonar under departementsnivå. Kulturdepartementet har framleis ansvaret for å følgje opp dei andre departementa.

Dette arbeidet har blitt styrkt på 2000-talet, men det er framleis for små ressursar til arbeidet, og det er heilt avgjerande at målrørsla og nynorskbrukarar reagerer når språklege rettar vert krenkja.

Kvart fjerde år legg Kulturdepartementet fram ei stortingsmelding om målbruken i offentleg teneste. Den siste Stortingsmelding nr 7 Målbruk i offentleg teneste vart lagt fram desember 2005 og var til førehaving i Stortinget våren 2006.
- Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om målbruk i offentleg teneste (Stortinget 16.02.06)
Mållaget vedtok denne fråsegna på sitt landsmøte: Noregs Mållag samla til landsmøte i Oslo 28. - 30. april 2006 viser til positive signal i Stortingsmelding nr. 7 (2005-2006) om målbruk i offentleg teneste. Landsmøtet ber statsministeren skjerpe inn at mållovas krav om 25 % nynorsk skal gjelde i statsadministrasjonen. Ein vil minne om at det i dag finst språkverktøy som på ein effektiv og god måte omset frå bokmål til nynorsk. Det finst programvare som mellom anna er i bruk i femten departement og ved Universitetet i Oslo.

Stortingsmeldinga frå 2001:
- St. meld. nr. 9 (2001-2002) Målbruk i offentleg teneste og pressemelding frå Kulturdepartementet Ny giv for nynorsk språkbruk i staten (21.12.01)
Noregs Mållag meinte dette om saka.
- Meir nynorsk i staten, men ikkje i dataprogram (pressemelding 21.12.01 frå Noregs Mållag)
- Krav til mållovsmeldinga: Ja til nynorsk byråkrati (fråsegn frå landsmøtet 29.07.01)
- Stortingsmelding om målbruk i offentleg teneste - brev til Kulturdepartementet frå styret i Noregs Mållag, 05.06.01)
- Verkeområdet for mållova - framlegg til endringar (brev til Kulturdepartementet frå Noregs Mållag 07.12.00)

Stortingsmeldinga frå 1997:
- St.meld. nr. 13 (1997-98) Målbruk i offentleg teneste
- Innst.S. nr. 174 (1997-1998) Om målbruk i offentleg teneste (Stortinget)
- Referat frå Stortinget 18.05.98 - ordskiftet om mållova (Stortinget)

Verkeområdet for mållova
På 2000-talet har staten skilt ut tidlegare statsføretak og gjort dei om til anten AS eller BA. Dette har ført til at stadig fleire samfunnsinstitusjonar fell utanfor mållova slik ho er utforma, og ei utviding av verkeområdet for lova har vore tema og eit viktig krav frå Noregs Mållag i mange år. Av større verksemder gjeld dette til dømes Posten BA, Telenor AS, NRK AS og Postbanken.

I oktober 2000 kom rapporten frå ei arbeidsgruppe (Lilleholt-utvalet) nedsett av Kulturdepartementet som har sett på verkeområdet for mållova.

Dette skriv Språkrådet om korleis ser på saka om verkeområde for mållova i dag.

Regjeringa sa i mållovsmeldinga (desember 2001) at spørsmålet om verkeområdet vert teke opp i kulturmeldinga i 2003.
- Målbruken i samferdsleføretaka (brev 02.04.02 til samferdsleministeren)
- Norsk Språkråd vil ha målkrav til statlege aksjeselskap. Nyhendesak i NRK Sogn og Fjordane (31.12.01)
- Språkleg katastrofe i samferdselssektoren (pressemelding 07.12.01)
- Verkeområdet for mållova - framlegg til endringar (brev til Kulturdepartementet frå Noregs Mållag 07.12.00)

- St.meld. 48 Kulturpolitikk fram mot 2014 vart lagt fram av Kulturdepartetmentet i 29.08.03.
- I Innstilling. S. nr. 155 (2003-2004) skriv kulturkomiteen på Stortinget mellom anna denne merknaden: "Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, viser til at målformene er likestilt, og at denne likestillingen er hjemlet i lov om målbruk i offentlig tjeneste. Flertallet mener meldingen er meget uklar når det gjelder beskrivelsen av mållovens virkeområde, og flertallet mener at de antydninger som er gjort i forhold til mulige skjønnsmessige tilnærminger for dette ikke er tilstrekkelig operative. Flertallet er således enig med departementet i at mye taler for at det er behov for en gjennomgang av loven med sikte på klarere definisjoner av lovens virkeområde."

- Samferdsledepartementet gjorde klart i pressemelding (26.06.07) at Posten Noreg AS, Avinor AS og NSB AS skal i all kunderetta informasjon følgje prinsippa i målbrukslova.
- Noregs Mållag var nøgd med dette språkkravet.

Namn på statsinstitusjonar
Alle statsinstitusjonar skal ha namn både på nynorsk og bokmål. Eit oppdatert rundskriv med offisielle namneformer vart sendt ut i september 2001.
- Namn på statsorgan med ulik namneform på nynorsk og bokmål, rundskriv V-10/2001 (Kultur- og kyrkjedepartementet)


Målvedtak i kommunar og fylkeskommunar
Målvedtak i kommunar og fylkeskommunar blir kunngjorde i Norsk lysingsblad og Norsk lovtidend. Vedtaka ligg på Lovdata på nettet. Gå inn på Forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar.

Oddmund Løkensgard Hoel / Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no