Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Stortingsmelding om målbruk i offentleg teneste - brev til KD Verkeområde for mållova - framlegg om endringar Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kulturdepartementet legg hausten 2001 fram ei ny stortingsmelding om målbruken i offentleg teneste. Styret i Noregs Mållag har oppsummert sine framlegg, vurderingar og forventningar til den komande meldinga i dette brevet.

Til:
Kulturdepartementet
Postboks 8030 Dep
0030 Oslo


Dato: 5. juni 2001

Stortingsmelding om målbruk i offentleg teneste

Noregs Mållag er kjent med at Kulturdepartementet har byrja arbeidet med stortingsmeldinga om målbruk i offentleg teneste som skal leggjast fram til hausten. Me ønskjer her å gje eit oversyn over kva Noregs Mållag ser som dei mest sentrale punkta i samband med førehavinga av meldinga. Dette brevet er i stor grad ei oppsummering og på nokre punkt ei utdjuping av tidlegare innspel til departementet.

1 Trongen for ei språkpolitisk mobilisering på riksplan

Språkpolitikken har jamt over vore eit rikspolitisk ikkje-tema sidan Stortinget i 1970 slutta seg til hovuddraga i tilrådinga frå Vogt-komiteen (1964-66). Det overordna siktemålet – språkfred – vart nådd i den tydinga at ein fekk språkpolitikken ut av stortingssalen.

For ein nynorsk under press skapte dette eit naudsynt pusterom og eit grunnlag for stabilitet og indre vekst, men det hadde òg ein pris både for nynorsken og for heile det norske språksamfunnet: Presset mot nynorsken er der framleis, sjølv om det er mindre artikulert, og det vantande språkpolitiske engasjementet på riksplan har lagt landet ope for det stadig aukande presset frå engelsk.

Me registrerer med glede at fleirtalet i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen i budsjettinnstillinga si i desember 2000 bad om at språk vert sett øvst på saklista i den nye kulturmeldinga. Me er òg glade for at kulturministeren har signalisert eit sterkt engasjement for språk og språkpolitikk. Samstundes må me registrera at denne prioriteringa ikkje er synleg i langtidsprogrammet til regjeringa for 2002-05 (St.meld. nr. 30).

Det er positivt at språk vert sentralt i kulturmeldinga og at kulturministeren har signalisert at ”eit viktig formål med den meldinga [om mållova] som kjem til hausten, er ... å skissere ei ramme for eit språkpolitisk program som famnar vidare enn det tidlegare meldingar av dette slaget har gjort (tale 21.4.2001).

Dette er likevel ikkje nok!

Skal det rikspolitiske miljøet og ålmenta elles vekkjast frå den språkpolitiske tornerosesøvnen, trengst det kraftigare lut. Noregs Mållag vil med dette be regjeringa bruka mållovsmeldinga til å ta initiativet til eit offentleg utval eller ein kommisjon som skal gå gjennom heile den norske språksituasjonen med sikte på at det skal leggjast fram ei eiga stortingsmelding om språksituasjonen i 2003. Noregs Mållag har tidlegare omtala dette som ei språkleg maktutgreiing. 35 år etter Vogt-komiteen er det på høg tid med ein ny fullstendig gjennomgang av utfordringane for norsk språk som går inn på:

· kva som skal til for å oppnå røynleg jamstelling mellom bokmål og nynorsk på alle samfunnsområde

· den sterke private språkmakta som held nynorsken nede, til dømes nynorskforbodet i dei største riksavisene og mykje av næringslivet

· språklege verknader av sentraliseringa

· dei følgjene globaliseringa og den teknologiske revolusjonen har for heile det norske språkområdet

· den aukande internasjonale fokuseringa på trongen for eit aktivt forsvar av språkleg og kulturelt mangfald, som m.a. har resultert i den europeiske konvensjonen for region- og minoritetsspråk

· korleis ein kan samordna distrikts- og regionalpolitiske, næringspolitiske utdanningspolitiske og kulturpolitiske verkemiddel (m.a. media, teater, bokbransje, IT, underhaldningsindustri) for å få til ein sterkare samla offensiv for å styrkja norsk språk mot engelsk og for jamstelling mellom bokmål og nynorsk

· stillinga til norskfaget og norskopplæringa, særleg i nynorsk, på alle nivå i utdanningssystemet

· det nye språklege mangfaldet Noreg har fått den siste generasjonen gjennom innvandrarspråka

· ei styrking av Norsk språkråd

2001, som både er Det europeiske språkåret og Garborg-året, burde vera eit framifrå år å ta eit slikt initiativ i. Eit slikt initiativ vil dessutan stø oppunder dei positive utviklingsdraga me har sett dei siste åra som større språktoleranse, meir positive haldningar til dialekt og nynorsk i folket enn for tretti år sidan, og framvekst av nynorsk marknadsføring i næringslivet i nynorskområde.

Informasjonsteknologi og nynorsk

Den veike stoda for nynorsk på IT-feltet har vore ei sak i samband med to mållovsmeldingar alt, og spørsmålet har særleg vore mykje i fokus det siste året. Hausten 2000 streika 21.000 elevar over heile landet i protest mot mangelen på nynorske dataprogram i undervisninga, og 10. mars fekk næringsminister Grete Knudsen overlevert eit opprop frå 110 ordførarar og mest 500 rektorar om at det må stillast språkkrav ved offentlege IT-kjøp. Noregs Mållag ser på arbeidet med ”Handlingsplan for norsk språk og IKT” som eit viktig steg framover og ventar at mållovsmeldinga inneheld konkrete og offensive tiltak på dette feltet.

Me har i brev til Kulturdepartementet 13. mars gjort greie for synet vårt og nemner berre kort dei fire punkta:

1. Klare måljamstellingskrav i regelverket for offentlege innkjøp: Dette er det klart viktigaste verkemiddelet for å stimulera utviklinga av nynorskversjonar. Signal frå NHD i april tyder på at departementet ikkje ser det som aktuelt å innarbeida dette i forskriftene til ’lov om offentlige anskaffelser’ som tek til å gjelda 1. juli. Det er i så fall svært skuffande, og KD må anten pressa på for å få inn måljamstellingsreglar i denne forskrifta eller koma opp med eit fullgodt alternativ (jf. høyringsmerknaden vår til føresegnene, kopi til KD 20. mars).

2. Andre verkemiddel for å fremja utviklinga av nynorsk programvare: språkversjoneringsverkty, anbodstevlingar

3. Elektroniske læremiddel: gjennomgang av regelverket, oppheving av unntaket som administrativ programvare i dag har frå parallellitetskravet, og betre oppfølging frå KUF/Læringssenteret

4. Norsk språkbank – Noregs Mållag stør skipinga av ein språkbank og bed om at det vert laga rabattordningar slik at det løner seg å driva produktutvikling på båe språk framfor einsidig utvikling på bokmål. Eit svært aktuelt døme er grammatikkontrollen i Microsoft Office XP som berre har kome på bokmål trass i at språkressursane var like godt utvikla på båe mål (jf. <a href="http://www.nm.no/maalsaker_side.cfm/4794/32564">brev frå NM til KD 31. mai</a> om boikott av Office XP).


3 Mållova – oppfølging og endring

3.1 Bakgrunn
Hovudproblema er no som tidlegare at altfor få statsorgan oppfyller krava i lova, og at ikkje alle statlege organ og føretak fell innanfor verkeområdet til lova.

Noregs Mållag vonar at meldinga denne gongen vil setja den offentlege målbruken inn i ein vidare samanheng og i større grad enn før analysera grunnane til at mange statsorgan framleis bryt mållova. Nokre moment som det vil vera svært aktuelt å nemna:
· Dei fleste og i alle høve viktigaste arbeidsplassane som er underlagde mållova, ligg i hovudstaden og rekrutterer dei tilsette hovudsakleg frå Oslo og Akershus. Dette gjer at bokmålsbrukarar er kraftig overrepresenterte i statsorgana i høve til talet på nynorskbrukarar totalt sett, som utgjer 10-15% av folket. Dette mistilhøvet vert endå meir slåande når ein veit at kring 25% av norske kommunar og skulekrinsar og over ein tredel av norske kyrkjekrinsar har vedteke nynorsk som administrasjonsmål.

· Sentralisering og effektivisering i offentleg sektor, som reformene i politiet, domstolane, Aetat, Posten osb. gjer at offentlege kontor og arbeidsplassar i nynorskområde i aukande grad vert flytte til bokmålsområde.

· Nynorsken vert aktivt halden utanfor sentrale samfunnsområde. I dei største riksavisene og den viktigaste vekepressa møter nynorskbrukarar framleis forbod mot å nytta målet sitt på redaksjonell plass, og denne språktvangen er òg utbreidd i mykje av forlags-, reklame- og underhaldningsbransjen og i næringslivet elles. Det gjeld ikkje minst i den prestisjetunge og særs viktige IT-næringa. Denne alvorlege diskrimineringa av eitt av dei to offisielle nasjonalmåla kan ikkje KD lenger la vera å peika på.

· Den aukande kommersialiseringa av barne- og ungdomskulturen fører til at denne delen av kultur- og underhaldningsindustrien i minkande grad tek omsyn til nynorsken.

· Sentraliseringa og urbaniseringa har dei siste åra sett nynorsken under aukande press omkring byane som ligg som ”bokmålsøyar” i nynorskområda, som Bergen, Haugesund, Stavanger, Ålesund, Molde og Kristiansand.

· Nynorskbrukarar kjem i vidaregåande skule, høgare utdanning og yrkesliv, òg i offentleg sektor, ofte i eit språkleg mindretal der det skal ein særleg innsats og sjølvtillit til for å halda på skriftmålet sitt.

Dette er tilhøve som både forklarer kvifor det kan opplevast vanskeleg for offentleg sektor å oppfylla krava i mållova, og som får fram kor avgjerande det er for nynorsk som bruksspråk i samfunnet at staten følgjer opp sine språkbruksplikter.

3.2 Verkeområdet for lova
Noregs Mållag ser ei utviding av verkeområdet som det klart viktigaste punktet når det gjeld mållova i denne stortingsmeldinga. I brev til KD 7.12.2000 har me gjeve våre merknader til utgreiinga frå Lilleholt-utvalet og kome med framlegg til lovendringar. Den viktigaste prinsipielle endringa er at lova bør gjelda all verksemd der staten er involvert, ikkje berre ”statstenesta”.

Me vil likevel streka under trongen for at KD raskt syter for å hindra at endå fleire statsorgan melder seg sjølv ut av mållova eller ut i den vanskelege gråsona gjennom omorganisering og delprivatisering før endringar i mållova kan tre i kraft. Eit aktuelt døme er den statlege overtakinga av sjukehusa som fører til at fylkeskommunale vedtak om målbruk ikkje lenger kjem til å gjelda for sjukehusa. Me bad i brevet 7.12. om at KD sytte for å få med i sjukehuslova at mållova skal gjelda for dei nye fristilte helseføretaka, men korkje SHD eller sosialkomiteen har gjort noko med dette. Me er her redde for å ha fått eit nytt ”Posten og NSB”-problem utan at KD har reagert.

3.3 Sanksjonar
Røynsla dei siste åra har gjort det synleg at eit effektivt tilsyn med mållova føreset sanksjonar, både for å reagera på brot på lova og for å få inn rapportar. Trass i at fleirtalet i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen etterlyste dette i Innst. S. nr. 174 (1997-98), ser det ikkje ut for oss som om departementet har gjort noko med saka. Me bed departementet gå inn for dette, og me viser elles til brevet vårt 7.12. og til brev frå Norsk språkråd til departementet 22.6.1998.

3.4 Forskriftsfesta krav om rutinar
KD kunngjorde i førre mållovsmelding at det vurderte å ta inn eit påbod i forskriftene om at statsorgan skulle etablera rutinar for praktiseringa av mållova. Stortinget streka òg under behovet for betre rutinar. Heller ikkje ei forskriftsfesting av kravet om rutinar har departementet følgt opp, så me bed om at det skjer i stortingsmeldinga.

3.5 Tilsynsarbeidet
Noregs Mållag vil oppsummera det som eit tidsskilje for målbruken i staten at Norsk språkråd fekk ansvaret for tilsynet med målbruken i statsorgan under departementsnivå i 1994. Trass i at det framleis er langt att til alle statsorgan oppfyller mållova, nøler me ikkje med å karakterisera dette tilsynsarbeidet som ein suksess. Statistikken og rapportane frå språkrådet stadfester det inntrykket som målrørsla har fått, nemleg at den språklege praksisen jamt over har betra seg og at det mange stader vert gjort eit meir seriøst arbeid enn før med å ta mållova på alvor. Dette er ei svært viktig generell oppsummering av arbeidet dei siste åra, og me vil streka under at det må få gå endå nokre år med eit skjerpa tilsyns- og oppfølgingsarbeid før det er mogleg å dra sikre konklusjonar. Dette er snakk om å endra haldningar til noko så sentralt for folk som språk, og det tek tid.

Inntrykket vårt er samstundes at innsatsen til KD for å føra tilsyn med dei andre departementa står ein del tilbake for innsatsen til språkrådet. Dette viser òg statistikken. Etter ein topp kring 1997 då merksemda kring den førre stortingsmeldinga nådde eit høgdepunkt, har nynorskbruken i departementa gått attende.

Samstundes vil me gje ros til KD for å ha reagert raskt i mange enkeltsaker som Noregs Mållag eller andre har teke opp.

For Noregs Mållag er det særs viktig at tilsynsarbeidet både i departementet og språkrådet får ei positiv og oppmuntrande side, og at det ikkje berre vert reagert når lova vert broten. Utan at reaksjonane på lovbrota vert tona ned, vil me be om at det oftare og med meir systematikk vert gjeve ros til organ som gjer eit godt arbeid med målbruken. Me ser at det i utgangspunktet kan verka rart å få premie for å følgja ei lov, men dette er fyrst og fremst eit haldnings- og merksemdsskapande arbeid der den viktigaste ressursen ein har er dei gode føredøma. Ein bør såleis ikkje vera redd for å ta i bruk utradisjonelle verkemiddel. Me gjer framlegg om at det årleg vert delt ut ein målpris til beste departement og til beste statsorgan, og at det vert reagert positivt og offentleg overfor alle organ som anten oppfyller lova på alle punkt eller har vist stor framgang sidan sist.

I rådgjevings- og tilsynsarbeidet bør dei statsorgana prioriterast som 1) har mykje publikumskontakt, og 2) gjennom fleire år har peika seg ut som verstingar.

Kort oppsummert ønskjer Noregs Mållag seg meir gulrot i tilsynsarbeidet, men ikkje mindre pisk.

3.6 Opplæring i nynorsk
Nynorskopplæringa i staten er framleis for svak. Departementet nemnde i førre mållovsmelding at det ville vurdera å oppretta ei ny stilling som opplæringsleiar i Norsk språkråd utan at noko meir har skjedd. Me bed om at dette vert gjort slik at eit meir systematisk arbeid med opplæring og kompetanseheving kan samordnast med tilsynsarbeidet.

3.7 Skilting av statlege etatar på båe målformer
Tekst på skilt er viktige symbol, synleggjer tospråksstoda og verkar haldningsskapande. I dag er det berre somme statlege kontor i nynorskkommunane som har skilt på nynorsk. Sidan dei fleste statsorgana ligg i byane, og særleg i Oslo, er mest berre bokmål i bruk på skilta. I andre land, som Belgia og Finland, er det vanleg med fleire språk på offentleg skilt, og det burde òg vera hovudregelen i Noreg for alle organ som er underlagde mållova. Sentrale statsinstitusjonar som departement og direktorat bør òg ha samisk skilting.

3.8 Meir bruk av Noreg-Norge
Dei to formene av landsnamnet er i Noreg som i alle fleirspråklege land det fremste symbolet på tospråkstoda. Noregs Mållag ønskjer som ein hovudregel at båe former av landsnamnet skal brukast i offentlege samanhengar (td. på pengesetlar, frimerke, grenseovergangar). Me har tidlegare teke opp at det må koma opp Noreg-skilt ved grenseovergangane i tillegg til Norge-skilta, men denne saka har tydelegvis stoppa opp endå ein gong.

3.9 Lokalisering av statsorgan til nynorskkommunar
Det bør vera eit sjølvstendig kriterium for lokalisering av statsorgan eller statlege funksjonar som skal flyttast at dei blir lagde til ein nynorskkommune. Dette kan kompensera for at ei stor overvekt av statlege arbeidsplassar i dag ligg i bokmålsområde (særleg Oslo) og for den sentraliseringa som skjer internt i mange offentlege etatar.


Med venleg helsing
NOREGS MÅLLAG

Oddmund Løkensgard Hoel
leiar

Gro Morken Endresen
dagleg leiar

Kopi til:
Norsk språkråd

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no