Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Stortingsmelding om målbruk i offentleg teneste - brev til KD Verkeområde for mållova - framlegg om endringar Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Til:
Kulturdepartementet
Postboks 8030 Dep
0030 Oslo

Dato: 7. desember 2000

Verkeområdet til lov om målbruk i offentleg teneste - framlegg om endringar

Noregs Mållag gjer med dette framlegg om å
1. Endre namnet på mållova til Lov om offentleg målbruk
2. Avklare og utvide verkeområdet for lova
3. Innføre sanksjonar i samband med brot på lova.
4. Leggje til rette for handsaming av saka i Stortinget våren 2001

Noregs Mållag viser til rapporten frå utvalet Kulturdepartementet oppnemnde for å greia ut verkeområdet for mållova. Rapporten inneheld mykje viktig informasjon om status for verkeområdet og moglege endringar for at verkeområdet skal koma meir i samsvar med intensjonen frå då lova var vedteken i 1981, og tilpassing til dei endringane i staten sin organisasjonsstruktur som har skjedd i mellomtida. På bakgrunn av dei store endringane, og den tid som har gått sidan problemstillinga vart reist av Stortinget første gongen, vil vi be om at Kulturdepartementet snarast utarbeider ein Odelstingsproposisjon med framlegg til endringar i verkeområdet til mållova, helst slik at denne kan førehavast på Stortinget i inneverande stortingsperiode.

Fleirtalet i kyrkje- og undervisningskomiteen på Stortinget peikte allereie i 1992-93 på at både dei store endringane i organiseringa av statstenesta, og endringane i typen skriftleg materiale frå det offentlege, reiste behov for å vurdera endring av gjeldande lov. Kulturdepartementet reiste dette att i St meld nr 13 (1997-98), og føreslo der ei arbeidsgruppe nedsett. Det har no gått så lang tid sidan problemet vart reist, og så store ytterlegare endringar har skjedd i mellomtida, at det hastar for Kulturdepartementet å koma med framlegg til styrking av lova.

Det formelle utgangspunktet for mållova byrjar med jamstillingsvedtaket frå 12. mai 1885 (78 mot 31 røyster): ”Regjeringen anmodes om at træffe fornøden Forføining til, at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog.” Seinare har dette vorte følgd opp i skuleverket og i det offentlege elles, steg for steg, fram til i dag, m.a. via målbrukslovene frå 1930 og 1980. Det har enno ikkje vorte ei reell jamstilling, og no er det naudsynt å revidera mållova for i alle fall å hindra svekkinga av nynorsken sin plass i målbruken til det offentlege.

Det avgjerande omsynet bak mållova er at offentlege organ (og somme andre som driv verksemd på bestemte vilkår gjevne av det offentlege) i sin målbruk som vedkjem publikum, skal nytta bokmål og nynorsk som jamstelte skriftspråk. Innbyggjarane skal ikkje berre ha rett til sjølv å bruka begge målformer, men også å møta dei i skrift. Om kvantiteten av målbruk på dei to målformene seier § 8 i lova at det skal vera ”ei rimeleg kvantitativ fordeling mellom dei”. I § 6 i forskrifta til lova er kravet om rimeleg fordeling presisert slik at ingen av dei to målformene skal vere representerte med mindre enn 25 pst. Utforminga av føresegna er eit direkte resultat av ein merknad frå fleirtalet i kyrkje- og undervisningskomiteen i Innst S nr 111 (1986-87). Opphavleg var 25 pst nynorsk og 75 bokmål fastsett som rettleiande prosentsatsar.

Vi har merka oss at arbeidsgruppa avviser kostnadene ved måljamstellinga som eit vesentleg moment mot utvida verkeområde.

Dei seinare åra har så mykje av den verksemda som tidlegare vart driven av forvaltningsorgan blitt overført til andre typar organ, eller så har forvaltningsorganet endra karakter til selskap som tevlar med andre (t.d. Telenor AS og Posten BA). Sjølv om det kan vera rimelege grunnar for på denne måten å flytta slike verksemder ut av verkeområdet til forvaltingslova, står ofte omsyna i mållova like sterkt. Dette har også Stortinget peikt på, t.d. ved danninga av Postbanken og Telenor. Noregs Mållag ber derfor Kulturdepartementet gjennomføra ein prinsipiell analyse av verkeområdet i høve til det føremålet mållova skal ha, slik for så vidt arbeidsgruppa alt har gjort. Departementet trekkjer sjølv den einaste haldbare konklusjonen for ei slik drøfting i St meld nr 13 (1997-98) når det heiter: ”For å signalisere at dei to målformene kan og skal brukast i alle samanhengar, er det viktig at dette blir avspegla i all verksemd der staten er involvert.”

Noregs Mållag vil derfor for det første føreslå tittelen på lova endra til ”lov om offentleg målbruk”, og utvida verkeområdet til å gjelda også andre stader enn i offentleg teneste, nemleg også i andre eigenskapar der det offentlege er i posisjon til å stilla som vilkår at nokon har ein særskilt bestemt balanse i målbruken, særleg i høve til publikum.

Noregs Mållag føreslår følgjande endringar:
- Endring i § 1, 1. pkt., slik at lova gjeld ”i all verksemd der stat, fylkeskommune eller kommune er involvert”, i staden for ”alle organ for stat o.s.v.”.

- Endring i § 2, 1. ledd ved at ”statstenesta” blir skifta ut med ”verksemd der staten er involvert”. I førearbeida eller forskrift må det setjast ei nedre grense for statleg involvering for at lova skal gjelda. Innanfor grensa bør ein i tillegg til forvaltingsorgana finna forvaltingsbedrifter, statsføretak, særlovsselskap, statsaksjeselskap. I tillegg bør stiftingar med monaleg statleg tilskot eller majoritetsdel av stiftingskapitalen, og aksjeselskap der staten har minst 50 % av aksjane vera definerte innanfor. Alt etter oppgåvene verksemda har, kan det regulerast i forskrift til mållova at berre eit utval av reglane i lova skal gjelda, slik § 3 gjev heimel for.

- Ny generell formregel i mållova om at skipingsdokumenta til verksemder som nemnd under førre punkt ved organisasjonsomdanning skal ta inn tilhøvet til mållova for den aktuelle verksemda, m.a. av omsyn til sanksjonering av brot på lovføresegnene, sjå nedanfor. Det skal gjelda også når staten går inn som stiftar eller eigar i ei verksemd (formregel), og når den statlege eigarskapen blir endra, også når staten sel seg ned under 50%.

- Ny generell regel i mållova om at spørsmålet om krav til målbruk skal vurderast ved all tildeling av statleg konsesjon, godkjenning eller autorisasjon. For verksemdsområde der kommunikasjonen med publikum er særleg framtredande (t.d. post, telekommunikasjon, media) skal kravet også takast inn og krava tilpassast området spesielt i lovgjevinga som regulerer området.

- Ny regel i mållova om at staten kan stilla krav til rimeleg fordeling i målbruken til mottakaren ved tildeling av statlege tilskot. Dette kan gjelda i høve til friviljuge organisasjonar, til presseorgan og andre. Dei konkrete reglane kan utarbeidast seinare, eventuelt i forskrifts form.

- Innføring av sanksjonar for brot på mållova. Sanksjonar krev eit organ som fører statistikk, tek imot klager og påtalar brot. Det må stillast tydelegare krav i mållova eller forskrifta til fastare statistikkunngjering og betre innarbeidde sjekklister, for alle organ som er omfatta av lova. Vi føreslår at Norsk språkråd i første omgang får utvida mandatet dei allereie har til å følgja opp mållova med kompetanse til å ileggja sanksjonar. På lengre sikt kan eventuelt eit eige målombod overta funksjonen, slik ein har det på t.d. forbrukar- og likestillingsområda. Ein svært liten del av den aktuelle skriftproduksjonen er vedtak, og ugyldigheit som sanksjon synest allereie av denne grunnen upraktisk. Vi ber Kulturdepartementet utarbeida system for ilegging av administrativt gebyr til vedkomande organ/verksemd ved brot på lova. Det kan gjelda for einskildbrot og for manglande oppfylling av det generelle ”kvotekravet” over ein periode basert på gyldig statistikk. Kulturdepartementet kan vera klageorgan.

- Instruks til Kulturdepartementet med meir spesifikke krav til kva den fireårlege stortingsmeldinga om mållova bør innehalda når det gjeld konkret utbreiing av verkeområdet. Dette må gjelda målbruksreglar i alle verksemder med statleg heil- eller deleigarskap av alle former

- Ny regel i lov om offentlige anskaffelser og eventuelt i mållova om at det ved alle offentlege innkjøp skal vurderast om det skal stillast krav til leverandøren om utstyr/tenester som er eigna til å bidra til å oppfylla målsetnadene i mållova.

Noregs Mållag ser med stor uro på endringane i målbruken hjå store statseigde aktørar som t.d. posten og viser til tidlegare tilsend fråsegn frå landsmøtet i 2000 og kontakt med departementet om konkrete saker gjennom fleire år. Desse aktørane, som hevdar at dei ikkje lenger skal følgje reglane i mållova, utviklar ein språkpraksis der bokmålet blir meir og meir dominerande. Kulturdepartementet har sjølv uttalt at det ikkje vil bli gjort noko meir med desse sakene før mållova eventuelt er justert. Noregs Mållag meiner difor det hastar med å få ei avklaring av verkeområdet for mållova og føreslår at det blir lagt fram eit framlegg om revisjon av mållova for Stortinget før påske 2001 slik at saka kan avklarast i vårsesjonen 2001. Om dette ikkje skjer no, står nynorsken i fare for å bli borte store institusjonar som t.d. Telenor, Posten og NSB.


Med vennleg helsing
NOREGS MÅLLAG

Grete Riise
dagleg leiar

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no