Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Stadnamnlova Nynorsk Grunnlov Normering Næringsliv Kyrkjemål Skule IT Media Offentleg målbruk Val NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Val av kyrkjemål

Val av kyrkjemål er ei sak som vert meir og meir aktuell i sokneråd over heile landet.

På haustseminaret i 2011 held Arve Nilsen, kyrkjefagsjef i Agder og Telemark bispedømeråd, føredrag om kva som er lovverket knytt til kyrkjemålsrøystingar.

– Det er ikkje så reint sjeldan eg får telefon frå folk som kan fortelje at eit sokneråd ikkje har følgt reglane for skifte av kyrkjemål. Mi erfaring er at ofte har soknerådet gjort alt etter reglane, fortel Arve Nilsen.

Arve Nilsen arbeider i eit bispedøme der spørsmålet om eit sokneråd skal vere nynorsk eller bokmål, er aktuelt fleire stader.
– Og om ein ynskjer å påverke desse vala, må ein følgje med på informasjon og innkallingar til soknemøte.

Klare reglar
– Reglane er klare. Soknerådet kan kalle inn til soknemøte der val av kyrkjemål er eiga sak. Eller så kan 20 personar med røysterett i soknet krevje at det vert kalla inn til soknemøte for å halde kyrkjemålsrøysting, fortel Nilsen. Ifølgje reglane skal møtet vere kalla inn med 14 dagars varsel, og i innkallinga skal det stå kva sak som skal opp til debatt og røysting. Følgjer soknerådet desse reglane, er prosessen i gang.

– Alle har sjølv ansvar for å halde seg informert om kva som skjer i kyrkja, påpeikar Nilsen. Han legg til at det er viktig å debattere utsemje i kyrkja, og det kan vere viktig å vere usamde frå tid til annan.

Soknemøtet avgjer
– Soknemøtet har uttalerett i mange saker, men i val av kyrkjemål er det soknemøtet som avgjer, fortel Nilsen. Alle som er medlemer i Den norske kyrkja i eit sokn, kan møte opp på soknemøte og røyste. Alle som vil bruke røysteretten, lyt møte fram for å få røyste. Berre dei som bur i soknet kan røyste, og ein får røysterett ved sjølv å møte opp på soknemøtet. I lova om kyrkja står det ikkje noko om nynorsk eller bokmål i kyrkja. Det står at soknemøtet skal avgjere liturgien. Og i denne setninga ligg det innforstått at dette gjeld språkspørsmålet.

– Det står ingenting i lova om nynorsk eller bokmål i kyrkja. Dette vert regulert av rundskriv sendt ut frå departementet 2. februar 1987. I dette rundskrivet står det nærmare retningslinjer, fortel Nilsen.

Rundskrivet klargjer at det er soknemøtet som avgjer målform for liturgien. Presten avgjer sjølv korleis han eller ho vil snakke, og ved kyrkjelege handlingar som vert utførde i samband med gudstenesta, må presten nytte den målforma som gjeld i kyrkjelyden.

– Utover dette opnar rundskrivet for fleire måtar å organisere dette med språk i kyrkja på. Og om det er interessegrupper som ynskjer meir bokmål i kyrkja, så opnar rundskrivet for det. Slik eg opplever det, vert rundskrivet mange stader brukt til å få meir bokmål inn i nynorske sokn, seier Nilsen. Men han peika også på at det opnar for å få meir nynorsk inn i bokmålssokn, om soknerådet og presten ynskjer det.

***
Bruk av målform i kyrkjene
(Rundskriv F-17/87) (utdrag frå rundskrivet)

> Etter lov om Den norske kirkes ordning av 29. april 1953 § 32b avgjer soknemøtet kva for salmebok som skal nyttast i kyrkjelyden, og kva for målform i liturgien skal vera på. Presten sjølv avgjer kva for eitt av dei to måla han vil preike på. Ved kyrkjelege handlingar som vert utførde i samband med gudstenesta, må presten nytta den målforma som gjeld i kyrkjelyden.

> Ved kongeleg resolusjon 3. mai 1935 er fastsett at liturgien i den målforma som ikkje er vedteken av kyrkjelyden, kan nyttast ved høve eller eit visst tal gonger kvart år når vedkomande prest etter samråd med soknerådet finn det ønskjeleg.

***
Artikkelen stod på trykk i Norsk Tidend 5 / 2011.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no