Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Stadnamnlova Høyringssvar frå Noregs Mållag Høyringssvar frå Trønderlaget Høyringssvar frå Toten dialekt- og mållag Høyringssvar frå Sunnmøre Mållag Nynorsk Grunnlov Normering Næringsliv Kyrkjemål Skule IT Media Offentleg målbruk Val Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Om framlegg til endring av lov om stadnamn

16. april 2012 la Kulturdepartementet fram eit endringsframlegg til lov om stadnamn, som ei oppfølging av stortingsdokument nr. 8:58 (2007–2008). Landsmøtet i Noregs Mållag har uttala seg om denne saka.

Framlegget ligg her: Høyring om stadnamnlova frå Kulturdepartementet.

Dagens lov om stadnamn finn de her: www.lovdata.no/all/nl-19900518-011.html

Lokallag som ønskjer å sende inn høyringssvar, kan sende det til postmottak@kud.dep.no innan 1. august 2012. De kan gjerne ta utgangspunkt i fråsegn vedteken på landsmøtet i Noregs Mållag, sjå undersak til venstre.

Praksis i dag
Eitt av formåla med stadnamnlova er å verne om stadnamn som kulturminne. Lova regulerer kven som skal avgjera skrivemåten av norske stadnamn. Kommunen gjer vedtak om namn på tettstader, grender, kommunale gater og vegar, mens Statens kartverk gjer vedtak om skrivemåten av dei fleste andre stadnamn. Også når det gjeld skrivemåten av gards- og bruksnamn som skal brukast i offentleg samanheng, er det Statens kartverk som er vedtaksinstansen. Dei fleste norske gardsnamn og bruksnamn er nedarva stadnamn, og grunneigarane kan ikkje byte ut eller endre desse namna. Bur du på bruket Oppheimshagen, som er skilt ut frå garden Oppheim, skal bruksnamnet offentleg skrivast med to p-ar etter dagens lovreglar, sjølv om slektsnamnet ditt blir skrive Opheimshagen.

Slik stadnamnlova er i dag, har eigar eller festar rett til å uttala seg ”i saker som gjeld bruksnamn”. Dei kan òg uttala seg i saker som gjeld gardsnamn, når skrivemåten av gardsnamnet er retningsgjevande for skrivemåten av bruksnamnet. Stadnamntenesta i Språkrådet skal koma med tilråding, og Statens kartverk gjer endeleg vedtak i slike namnesaker.

Endringsframlegget
Departementet går inn for at gardsnamn framleis skal fastsetjast etter dagens saksbehandlingsreglar, fordi dei har størst interesse for det offentlege. Ofte har dei gitt namn til andre lokalitetar, som underbruk, eller tettstader, byggjefelt, vegar osv.

Vidare føreslår departementet at skrivemåten av bruksnamn skal fastsetjast etter ønsket til grunneigaren eller festaren, ”hvis det kan dokumenteres at den ønskede skrivemåten har vært i offentlig bruk på stedet”. Det kan føre til at to namn med same opphav kan få ulike skrivemåtar, alt etter om dei er gardsnamn eller bruksnamn. Under garden Oppheim kan det bli bruk med namn som Opheim, Opheimshagen, Oppheimsbakken, Uppheim og Uppeim. Det er opplagt ein uheldig praksis.

Det er heller ikkje sikkert at ein ny eigar er nøgd med det namnet den førre eigaren har sett på bruket. I gamle skrifter kan det finnast ulike skrivemåtar av eit gards- eller bruksnamn. Resultatet blir at bruket kan skifte namn frå ein generasjon til neste, viss nokon kan finne eit gammalt papir som viser at bruksnamnet også var skrive på den måten.

Definisjon av gardsnamn og bruksnamn
I lova er gardsnamn definert som ”namnet på heile det gardsområdet som eitt eller fleire gardsnummer er knytte til”. Bruksnamn er ”namn på eigedom med eitt eller fleire bruksnummer eller festenummer under eit gardsnummer”. Vi meiner at det i mange tilfelle kan bli vanskeleg å praktisere skiljet mellom gardsnamn og bruksnamn. Definisjonen som står i gjeldande lov, valdar ikkje problem så lenge same reglar gjeld for gards- og bruksnamn. Problemet med definisjonen oppstår når gards- og bruksnamn no skal handterast på ulike måtar.

Slektsnamn og gardsnamn/bruksnamn
Bakgrunnen for kravet om at eigar eller festar skulle kunna vera med og fastsetja gards- og bruksnamn, er at mange ikkje skil mellom slektsnamn og gardsnamn/bruksnamn. Gards- og bruksnamna er ofte gamle namn som fortel noko om landskapet eller bruk av eit område, og stadnamntenesta i Språkrådet legg vekt på lokal uttaletradisjon (og språkleg opphav) når dei skal normere desse namna til dagens rettskriving. Slektsnamna med opphav i gards- eller bruksnamn er ofte skrivne slik namna vart skrivne av futar og prestar på 1500–1800-talet. Slektsnamnet kan folk framleis skrive etter gammal gjerd og på ymse vis; ingen blandar seg i det. Men fordi stadnamna er noko me eig saman, og gards- og bruksnamna er gamle adresser som bonden forvaltar den tida han er på garden, har desse stadnamna òg vore fastsette av storsamfunnet.

Det synest merkeleg at ein eldre skrivemåte, som ofte skriv seg frå barokken, skal vega tyngre enn dagens rettskriving og nedarva lokal uttale. Hveem er eit godt eksempel på det: Den tids danske rettskriving brukte hv for lyden kv, og ein dobbel vokal for å uttrykkje lang vokal. Den lokale uttalen av gardsnamnet er den dag i dag Kvem. Skulle slektsnamnet Hveem bli gardsnamnet, står den lokale uttalen i fare for å endre seg. Alt i dag finst det innflyttarar som uttalar namnet på garden ”Ve-em” (som VM) – bokstavleg tala.

Eit hovudpoeng ved å innføre lov om stadnamn i 1990 var å verne dei nedarva uttalane av stadnamna. Blir den nye lova innført, fell dette vernet delvis bort (for bruksnamn). Det er den nedarva uttalen som ofte viser attende til kva opphav og tyding namna har. Det er med andre ord dei lange linene i kultursoga vår som no kan bli brotne for godt.

Korleis det kan bli om stadnamnlova blir endra
Nedanfor kan du laste ned eit eige vedtlegg. Det er eit kart over korleis det kan bli om stadnamnlova blir endra.

Relaterte filer:
Vikprosjektet (pdf-fil)
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no