Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Høyringssvar frå Noregs Mållag Høyringssvar frå Trønderlaget Høyringssvar frå Toten dialekt- og mållag Høyringssvar frå Sunnmøre Mållag Høyring om reviderte særreglar Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Om framlegg til endring i Lov om stadnamn.

Trønderlaget, som er fellesorganisasjonen for mållaga i Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag sør for Namdalen, har i dag på styremøte gjort følgjande vedtak for kommentar til framlegget til endring i Lov om stadnamn:

Trønderlaget har tidlegare ytra seg kritisk til stortingsvedtaket 13. januar 2009 der Stortinget slutta seg til framlegget frå høgrerepresentantane Olemic Tommessen og Øyvind Halleraker om at “endring av bruksnavn ikke kan skje uten grunneiers samtykke”. Dette botnar i ei privatrettsleg oppfatning frå forslagsstillarane om at “slektsnavn følger gårdsnavn, har lange tradisjoner i vårt land”. Slik er det ikkje. Gards- og bruksnamn var adresser dei fleste stader til først på 1900-talet, og slektsnamn vart først pålagt ved vår første personnamnlov av 1923.

Det har såleis gjennom all tid vore ansvaret til samfunn og styresmakter å ta vare på dei nedarva gards- og bruksnamna og å gje dei ein forsvarleg skrivemåte. Dette er etter vårt syn ikkje berre ein samfunnsrett, men òg ei samfunnsplikt. Den noverande stadnamnlova tek etter vårt syn godt vare på dei ulike brukarane, både i lokalsamfunna så vel som storsamfunnet.

Med dei endringane som departementet no foreslår (§ 6 og § 8 i lova), vil det etter kvart bli ei mengd med dobbeltformer for same staden, slik t.d. bruksnamnet Mohn og gardsnamnet Moen, eller Wahl og Val, Halleraker, Halderaker, Hallaråker osb. Dessutan vil det lett føre til lokal strid om kva for skriftform ein skal bruke, gards- eller bruksnamn, òg avleidde namn, t.d. i kommunale samanhengar.

Særleg alvorleg vil slike dobbelformer vera når ein skal lokalisere ulike stader (t.d. ved bruk av GPS) – vi tenkjer særleg på redningstenesta, ambulanse- og brannutrykkingar. Prinsippet om at ein stad skal ha berre eitt namn og ei skriftform i norskspråklege område har stått sterkt. Framlegget om endring av Lov om stadnamn vil skiple dette, og Trønderlaget vil rå ifrå det.

Å føre inn slektsnamnskrivemåtar som Mohn og Schiefloe (Skjeflo) vil dessutan føre til at namna blir uforståelege for folk flest, og dei språklege røtene vil bli rivne av. Slik vil òg den foreslåtte endringa av lova bryte med den kulturverntanken som er ein berebjelke i den noverande lova.

På denne bakgrunnen vil Trønderlaget rå ifrå at ein endrar Lov om stadnamn.

Olav Kuvås, leiar i Trønderlaget
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no