Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Høyringssvar frå Noregs Mållag Høyringssvar frå Trønderlaget Høyringssvar frå Toten dialekt- og mållag Høyringssvar frå Sunnmøre Mållag Høyring om reviderte særreglar Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Høyringsuttale om endring i Lov om stadnamn

16. april 2012 la Kulturdepartementet fram eit endringsframlegg til lov om stadnamn, som ei oppfølging av stortingsdokument nr 8:58 (2007–2008).

Toten dialekt- og mållag meiner det er bra at skrivemåten av gardsnamn framleis skal fastsetjast av Statens kartverk. Men vi meiner det er uheldig at skrivemåten av bruksnamn skal kunne fastsetjast av grunneigaren (§ 6). Utviklinga kan ha gjort eit bruk meir sentralt enn den opphavlege namnegarden, og eit utskiftbart bruksnamn kan dermed fortrenge namnegardsnamnet og den kulturhistoria som dette representerer. Dessutan vil det i mange høve kunne oppstå vanskar med å skilje gardsnamn og bruksnamn frå kvarandre.

Ifølgje § 8 må grunneigaren riktig nok dokumentere at den valde skrivemåten har vori i offentleg bruk. Men gamle dokument skriv seg gjerne frå 1600-, 1700- og 1800-talet, og da hadde offentlege tenestemenn inga rettskriving å halde seg til. Dei nytta skriveskikken som var vanleg i tida, og elles skreiv dei det dei trudde dei høyrde. Skrivinga av namna hadde ein praktisk funksjon, og den språklege sida var inga hovudsak. Resultatet vart at mange namn fekk fleire ulike og til dels feilaktige skrivemåtar.

Toten dialekt- og mållag meiner det er uheldig om desse meir og mindre tilfeldige skrivemåtane no skal kunne gjerast til offisielle skrivemåtar. Namna er som regel mykje eldre enn den eldste dokumenterbare skrivemåten. Det er som oftast den nedarva uttalen som viser attende til den opphavlege namneforma, og som dermed vernar namna som kulturminne.

Dei norske stadnamna, inkludert gards- og bruksnamn, er av interesse for oss alle. Namna høyrer storsamfunnet til, og derfor er det ei offentleg oppgåve å fastsetja skrivemåten på desse namna. Toten dialekt- og mållag meiner stadnamnlova slik ho er i dag forvaltar gards- og bruksnamn på ein framifrå måte. Ho vernar om namna som kulturminne og sikrar den lokale uttalen, som er ein del av kulturarven vår. Vi ber derfor Stortinget om ikkje å gjera endringar i stadnamnlova, men halde fast på namnefastsetjinga slik ho er i dag.

Høyringsuttala vart vedteken på styremøtet i Toten dialekt- og mållag 26. juni 2012.

Jorunn Aarsby, leiar i Toten dialekt- og mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no