Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Høyringssvar frå Noregs Mållag Høyringssvar frå Trønderlaget Høyringssvar frå Toten dialekt- og mållag Høyringssvar frå Sunnmøre Mållag Høyring om reviderte særreglar Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Fråsegn til framlegg til endringar i stadnamnlova

Me syner til departementet sine endringsframlegg av paragrafane 6 og 8 i lova om stadnamn. Departementet grunngjev framlegga til endring med at dei vil føre til betre balanse mellom styresmaktene og eigarane sin rett til sjølve å ha innverknad på skrivemåten av namnet på eige bruk. Sunnmøre Mållag meiner at det korkje er behov for eller gode grunnar til denne endringa. Den noverande lova syter allereie for ein høveleg balanse.

Føremålet med stadnamnlova er m.a. å ta vare på stadnamn som kulturminne. Det har difor gjennom all tid vore samfunnet og styresmaktene sitt ansvar å halde i hevd nedervde gards- og bruksnamn og å gi dei ein forsvarleg skrivemåte Prinsippet om at ein stad skal ha berre eitt namn og ei skriftform i norskspråklege område har stått sterkt. Difor er det ikkje ei privatsak korleis me i det offentlege romet bokstaverer namn på bruk, gardar, fjell, elvar, vegar, bruer og andre stadnamn. Me ser ikkje at det finst gode grunnar til at Vik også kan skrivast Viig, Vig, Wiik, Viik osv. når det er stadnamn. Framlegget frå departementet opnar for slike dobbeltformer for same staden, t.d. at det på garden Vik ligg bruk som heiter Vig og Viik. Med familie- og slektsnamn knytte til staden, stiller det seg sjølvsagt heilt annleis. Det er ei privatsak.

Dobbel- og trippelformer vil kunne føre til mykje strid og diskusjonar om skrivemåtar i offentlege dokument og på offentlege skilt. Dei ulike formene vil kunne føre til forvirring når t.d. redningsteneste, brannkorps og ambulansar skal rykkje ut, særleg ved bruk av GPS.

Sunnmøre Mållag, som er paraplyorganisasjon for dei lokale mållag på Sunnmøre og representerer om lag 750 medlemmer, vil såleis rå frå at dei føreslegne endringane vert vedtekne.

Spjelkavik, 25.06.2012

Terje Kjøde (sign.)
Leiar Sunnmøre Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no