Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Høyringssvar frå Noregs Mållag Høyringssvar frå Trønderlaget Høyringssvar frå Toten dialekt- og mållag Høyringssvar frå Sunnmøre Mållag Høyring om reviderte særreglar Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Høyring om reviderte særreglar for skrivemåten av norske stadnamn

Språkrådet har sendt ut eit framlegg til reviderte reglar for skrivemåten av norske stadnamn på høyring. Høyringsfristen er 10. januar 2018. 

Reglane er ei utfylling til § 3 «Særleg om norske stadnamn» i forskrift om stadnamn. Reglane skal endeleg godkjennast av Kulturdepartementet.

Kulturdepartementet vedtok 23. mai 2017 ny forskrift om stadnamn, som er kunngjord på Lovdata.no: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2017-05-23-638. Forskrift om skrivemåten av stadnamn frå 2007 blei samstundes oppheva.

Kulturdepartementet ber Språkrådet sørgje for oppfølging av forskriftsendringane, «herunder vurdere behov for reviderte retningslinjer og endringer av gjeldende språkregler til utfylling av forskriftene». Språkrådet kan etter § 14 i den nye forskrifta «fastsetje utfyllande språkreglar om korleis norske og kvenske stadnamn skal skrivast».

Den oppheva forskrifta frå 2007 hadde ein kompleks struktur. Først kom sjølve forskrifta, så rettleiing til forskrifta i fire kapittel. «Kommentarar til forskrifta», spesialreglar for skrivemåten av stadnamn, var det tredje kapittelet i denne rettleiinga. Det er desse reglane som no er reviderte. Dei reviderte reglane skal publiserast på nettsidene til Språkrådet, saman med eventuell anna rettleiing til stadnamnforskrifta.

Alle lokale mållag kan levere inn eiga høyringsfråsegn til Språkrådet om dei utfyllande reglane. Noregs Mållag sender difor ut brevet frå Språkrådet til alle våre lokale mållag. I vedlegga til høgre kan de lese meir informasjon om saka. 

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no