Odda-modellen: språkdelt ungdomsskule
God språkopplæring kjem langt ned på lista når ungdomsskulane skal fordela elevar i nye klasser. Dette råkar nynorskelevane i dei delane av Noreg med språkblanda skular. Noregs Mållag vil at elevar skal ha rett til å få opplæring på eige språk ut grunnskulen.
Stoda i dag er at:
• elevar berre har rett på opplæring på hovudmålet sitt i 7 år av 13 år i grunnskulen.
• undervisingspersonalet, og ikkje elevane, avgjer opplæringsmålet i ungdomsskulen.
• elevane i ungdomsskulen har ikkje rett til anna enn undervisingsmateriell og eksamen på eige språk, og å få levera skriftlege arbeid på hovudmålet. I praksis tyder det at dei aller fleste av desse elevane får storparten av undervisinga si på bokmål.
• norsk språkopplæringspolitikk bryt med det som internasjonalt er rekna som ein sentral språkrett, retten til opplæring på eige språk.
Her kan du tinge gratis flygeblad: Språkdelt ungdomsskule.
Språkdelte klassar i ungdomskulen
Dette har me vedteke: ”Landsmøtet vil at Norges Mållag arbeider aktivt for at Stortinget løyver ekstra midlar til å halde oppe språkdelinga i Odda slik at ein unngår debatt om dette ved kvar budsjetthandsaming. Landsmøtet vil at Norges Mållag arbeider aktivt for at andre ungdomsskular i målblanda område i landet skal kunne gjennomføra full språkdeling og få ekstrakostnadene med dette dekka av staten”.
I 2014 skipa Noregs Mållag haustseminar i Odda om Odda-modellen og språkdelt ungdomskule. Nedanfor ligg dei skriftlege innleiingane frå seminaret.
Eli Bjørhusdal: Nynorskelevar i minoritetsposisjon – ein språkpolitisk analyse
Terje Kollbotn: Odda-modellen i eit historisk perspektiv
Helga Mannsåker: Pedagogiske fordelar ved Odda-modellen
Sigrid Walle og Liva Thiis: Nynorskopplæringa sett ifrå eit elevsynspunkt
Inge Reinsnos: Odda-modellen: Kva går det ut på?
Ingvild Jøsendal: Nynorskelevar i språkblanda vidaregåande skule
Marit Aakre Tennø: Kan Odda-modellen verta nasjonal politikk?
Uttale frå klubben på Odda ungdomskole: Språkdeling Odda ungdomskole
Dette sa Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, i møte med Kyrkje,- utdanning,- og forskingskomiteen på Stortinget i oktober 2014, om Odda-modellen.
|