Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Bli med i ordskiftet!

Nytt prinsipprogram

Landsmøtet i april 2018 vedtok at organisasjonen skal ta opp prinsipprogrammet i denne perioden og vedta nytt prinsipprogram i 2020.

Dagens prinsipprogram er frå 1997. Styret har sett ned ei nemnd som skal leggja til rette for ordskifte i laga og etter kvart også koma med eit framlegg til nytt program.

Me har lansert ein eigen podkast som heiter Prinsipprogrammet. Podkasten tek for seg prinsipprogrammet nesten line for line og diskuterer kva setningane tyder, kva for politiske skiljeliner som skjuler seg bak, og kva debattar som oppstod når dagens prinsipprogram skulle vedtakast.

Me har laga eit studiehefte: Kvifor nynorsk? Du kan lese det her, eller få det av lagsleiaren din som har fått nokre hefte i posten. Ta kontakt de ynskjer fleire hefter. Me vonar så mange som mogeleg les det, meiner noko om det, og tek debatten på neste styremøte.

Fristen for å kome med framlegg til prinsipprogramnemnda er 15. oktober. Send dei til framlegg@nm.no.

Dagsseminara
Me minner om at påmeldingsfristane til dei tre dagsseminara om prinsipprogrammet nærmar seg (16. september for to av dei). Seminara er ein viktig del av prosessen mot eit nytt prinsipprogram. Om det vert for få påmeldingar vert seminara avlyste. Meld deg på seminaret i TrondheimBergen eller Oslo i dag!


I nemnda sit:
Inger Johanne Sæterbakk (leiar), styremedlem i Noregs Mållag og språkkonsulent på Det Norske Teatret
Trond Trosterud, professor ved institutt for språk og kultur, Universitetet i Tromsø
Oddmund Løkensgard Hoel, leiar i Luster Mållag, førsteamanuensis ved institutt for samfunnsvitskap, Høgskulen på Vestlandet
Kristin Fridtun, filolog, forfattar og føredragshaldar
Else Berit Hattaland, styremedlem i Rogaland Mållag, leiar i Klepp Mållag og økonomisjef i Nordsjø Media
Liv Kari Eskeland, stortingsrepresentant for Høgre (Hordaland), tidlegare styremedlem i Språkrådet
Svein Soldal Eggerud, sentralstyremedlem i Norsk Målungdom og student ved lærarutdanninga på OsloMet  

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no