Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. AUGUST 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Nytt prinsipprogram Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Lagar ny språklov

Kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande har varsla at det kjem ei ny språklov, og der skal mellom anna den noverande mållova takast inn.

– Lova må gje nynorsk og nynorskbrukarane eit meir eksplisitt vern, meiner Noregs Mållag. Styret i Noregs Mållag har vedteke og sendt innspel til Kulturdepartementet. Brevet datert 11. februar 2019 ligg nedst i saka. 

– Sektorovergripande
Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, meiner politikarane no har ein sjanse til å gjere alvor av lovnader om å styrkje nynorsk.
– Fleire stortingsdokument og offentlege rapportar, mellom dei ein heilt fersk rapport frå Språkrådets framtidsutval, har peika på at det må gjerast ein særskilt innsats for å styrkje nynorsk som bruksspråk. Mållova er vel og bra for å sikre jamstilling mellom målformene, men nynorsken treng rett og slett meir enn som så.

Det er venta at departementet fremjar ein lovproposisjon til Stortinget i løpet av året, og Mållaget har allereie levert innspel til Kulturdepartementet. Mellom framlegga frå organisasjonen er å gjere nynorsk til eit tema allereie i føremålsparagrafen i den nye språklova, gjennom formuleringa «Lova skal styrkje norsk språk og særleg styrkje nynorsk som det minst brukte av dei to norske språka.»

Noregs Mållag meiner språklova er eit høve til å gjere norsk språkpolitikk sektorovergripande.
– Språklova bør heilt klart gjelde fleire enn berre staten, for det er ein mangel ved den noverande lova. Vi ser at nynorskbrukarane lir under å vere i mindretalsposisjon også på andre samfunnsområde. Dersom vi får ei lov som sikrar nynorskbrukarane på ein meir eksplisitt måte, vil mykje kunne løyse seg for nynorskbrukarane, til dømes i skulen.

Mållova må strammast til
I dag er ikkje kommunane omfatta av mållova. Det meiner òg Mållaget bør endrast.
– Vi ønskjer at kommunane i større grad skal forplikte seg til ikkje å svekkje nynorsk, mellom anna gjennom språkbruksplanar både for skulen og kommunen elles. I innspela til departementet har Noregs Mållag òg peika på manglar i lovverket for målbruken i staten.

Magne Aasbrenn meiner visse område blir spesielt skadelidande av eit mangelfullt lovverk.
– Slik mållova ser ut i dag, blir bokmål tenestemålet for statsorgan som dekkjer både Agder fylke og Innlandet fylke neste år, til dømes fylkesmennene. Det vil gå hardt utover kåra for nynorsk i desse fylka. Lova må i større grad sikre at nynorsk blir bruka i regionaladministrasjonen i område der det finst nynorskkommunar eller er tradisjon for nynorsk. Ingen kan gå fri frå det kollektive ansvaret det må vere å verne om nynorsken og nynorskbrukarane.

Mållaget meiner det òg må kome sanksjonar for brot på mållova.
– Vi ser at lova blir broten i stor stil år etter år. Når vi no skal få ei ny lov, er det på tide å leggje klarare føringar for kva som skjer dersom lovkrava ikkje blir oppfylte, seier Magne Aasbrenn.

Dette artikkelen står på trykk i Norsk Tidend 1 / 2019. 

Astrid Marie Grov
Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no