Noregs Mållag vart skipa på eit målstemne i Oslo 4.-5. februar 1906.
Soga til den organiserte målrørsla går likevel lengre attende. I 1861-62 vart dei tre fyrste mållaga skipa i Oslo, Bergen og Trondheim. I 1868 vart dei to eldste nolevande mållaga skipa: Vestmannalaget i Bergen og Det Norske Samlaget i Oslo. Fram mot hundreårsskiftet kom det til ei rad mållag og i åra etter 1899 fleire fylkesmållag.
Noregs Mållag heitte "Norigs Maallag" då det vart skipa og fekk dagens namn på landsmøtet i 1922. I 1913 fekk laget eigen administrasjon (skrivarstova) og gjekk over frå å vera ei laust organisert samanslutning til ein effektiv arbeidande samskipnad på landsplan.
På desse nettsidene finn ein nokre sentrale fakta om soga til Noregs Mållag. For ei grundigare kronologisk framstilling av målreisinga, sjå nettsida ti
l Nynorsk Kultursentrum.
Dei to mest sentrale bøkene om soga til Noregs Mållag kan kjøpast frå skrivarstova eller
krambua:
-
Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906-1981 (Oslo 1981, 556 sider)
- Kjell Venås:
Mål og med. Noregs Mållag i 1980-åra (Oslo 1991, 189 sider)