Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. JULI 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Styret Skrivarstova Lagsoversyn Valnemnda Heidersmedlemer Årsmelding 2016-2018 Lover Landsmøte Seminar Historie Årsmeldingar Leiartalar Skrivarar og daglege leiarar Målrørsla og 1905 Målreisinga i årstal Formenn og leiarar Arkivet Gåver Målprisar Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Kven, kvar og når?

Målreisinga i årstal

Denne årstavla gjev eit lite inntrykk av kva som har hend i målrørsla sidan 1836. For ei grundigare kronologisk framstilling av målreisinga, sjå nettsidene til Aasentunet.

1. Vitskapleg og litterær fase 1836-1890

1836 Ivar Aasen formar målprogrammet sitt
1842-1847 Aasen dreg rundt på målferder landet rundt
1848 Aasen: "Det norske Folkesprogs Grammatik"
1850 Aasen: "Ordbog over det norske Folkesprog"
1853 Aasen: “Prøver av landsmaalet i Norge”
1858 A.O. Vinje tek til å gje ut målbladet “Dølen”
1861-62 Dei fyrste mållaga skipa i Oslo, Bergen og Trondheim (dei sovna fort)
1864 Aasen: “Norsk Grammatik”
1868 Det Norske Samlaget og Vestmannalaget skipa
1873 Aasen: “Norsk Ordbog”
1877 Arne Garborg tek til med målavisa “Fedraheimen”
1881 Blix-salmane utgjevne
1887 Norsk Barneblad skipa
1887 Mons Litlerés landsmålsforlag i Bergen
1894 Riksavisa “Den 17de Mai” og tidsskriftet “Syn og Segn” kjem i gang


2. Politisk og organisatorisk gjennombrotsfase 1890-1910

1878 Dialektane tillatne som talemål i undervisninga i skulen
1885 Måljamstellingsvedtaket i Stortinget
1890 Dei første skulekrinsane tek til å gå over til landsmål
1892 Landsmålet lovfest som skriftleg opplæringsmål i folkeskulen
1896 Noregs Ungdomslag skipa
1899 Nynorskprofessorat ved Universitetet i Oslo. Marius Hægstad
1899 Dei fyrste fylkesmållaga vert skipa
1899 Bjørnstjerne Bjørnson går til åtak på målrørsla, skremd av den sterke landsmålsframgangen
1899-1905 Organiseringa av målrørsla skyt fart
1901 Nynorsken får si første offisielle skulerettskriving (“Hægstad-normalen”)
1902 Nynorsken jamstelt skriftmål ved lærarhøgskulane
1906 Noregs Mållag skipa
1907 Sidemålsstilen i gymnaset vedteken av Stortinget
1908 Nynorsken godkjend som bruksmål ved Universitetet i Oslo
1910 Mindre rettskrivingsendringar i nynorsk


3. Nynorsken vert bruksmål i samfunnet 1910-1940

1913 Det Norske Teatret vert skipa
1915 Ny skulelov gir nynorsken betre rom
1918 Fornorsking av stadnamna (fylkesnamna)
1917-1919 Ny rettskriving for nynorsk og bokmål
1921 Heile Bibelen omsett til nynorsk
1925 Nynorsk Salmebok ferdig
1929 Nynorsk og bokmål offisielle namn på dei to riksmåla
1930 Lov om målbruk i statstenesta vedteken av Stortinget
1930-31 Nidaros-striden
1933 Diskusjonen om ny rettskriving kjem i gang
1935 Sidemålet inn på realskulen/middelskulen
1938 Ny rettskriving for nynorsk og bokmål
1938-40 Stor framgang for nynorsk skulemål


4. Tilbakegang og konsolideringsfase 1945-1970

1942-45 Målorganisasjonane lagde ned
1949 Riksmålsreaksjonen tek form
1951 Norsk Språknemnd skipa
1955 Kringkastingsringen skipa
1959 Ny læreboknormal for nynorsk og bokmål
1959 Landslaget for språklig samling (LSS) skipa
1961 Noregs Student- og Elevmållag (NSEM) starta
1962 Dag og Tid kjem i gang
1964-66 Vogt-nemnda sett ned av KUD - “språkfreden” vert lansert
1967 Nytt målprogram “Målreising 67”
1968-70 Stortingsmelding nr. 15 om språksaka
1969 Obligatorisk sidemål i ungdomsskulen (8.-9. kl.)


5. Nyvaknings- og jamstellingsfase 1970-

1970 Stortinget påbyr 25% nynorsk i NRK
1971 Lærebøker til same tid og pris i grunnskulen
1972 Folkerøystinga om EEC - Noregs Mållag seier nei
1972 Norsk Språkråd skipa
1974 Lærebokjamstelling for vidaregåande skular
1975 Dialektaksjonane startar
1976 NM/NMU vedtek nytt prinsipprogram for språkleg frigjering
1978 Nedgangen for skulemålet stoggar
1980 Ny mållov vedteken av Stortinget
1981 Ny bokmålsrettskriving med gammaldagse former
1983/84 Drøftinga om ny felles salmebok i gang
1983/84 Framlegg om ny stadnamnlov
1985 Måljamstellingsvedtaket 100 år
1985 Det Norske Teatret opnar nybygget sitt
1992 Dei Nynorske Festspela vert skipa
1993 Landssamanslutninga av Nynorskkommunar vert skipa
1994 Folkerøysting om EU. Noregs Mållag seier nei.
1996 Ivar Aasen-året 1996
1996 Grunnsteinen til Ivar Aasen-senteret vert lagt ned
1997 Ny opplæringslov, omfattande lærebokaksjonar frå NMU
1997 Noregs Mållag vedtek nytt prinsipprogram
2000 Ivar Aasen-tunet i Ørsta opnar
2001 Garborg-året 2001
2001 Den nynorske Blåmann Barnebokklubb vert lansert
2003 Microsoft Office og OpenOffice.org kom i nynorsk-versjon
2004 Nynorsk mediesenter i Førde vart opna
2005 Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa vart opna
2006 Noregs Mållag feira 100-årsjubileum

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no