Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Styret Skrivarstova Lagsoversyn Valnemnda Heidersmedlemer Årsmelding 2016-2018 Lover Landsmøte Seminar Historie Årsmeldingar Leiartalar Skrivarar og daglege leiarar Målrørsla og 1905 2005: Den nasjonale schizofrenien Målsak, kvinnekamp og bygdefeminisme kring 1905 Jørgen Løvland - ein statsmann og målmann 17. mai 2005: Ord for dagen 1905 i Sogn Ut av den eine unionen! Målreisinga i årstal Formenn og leiarar Arkivet Gåver Målprisar Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Gudrun Kløve Juuhl:

Den nasjonale schizofrenien

 (03.06.2005)

Kva skjer når urbane, internasjonalt orienterte byråkratar skal laga hundreårsfest for Noreg?

18. juni 2003 lanserte Norge 2005 seg sjølv som selskap og planane sine for feiringa av hundreårsjubileet for sjølvstendet frå Sverige. No nærmar jubileet seg, då kan det vera fint å sjå nærare på visjonane for feiringa. Desse sitata frå Jan Erik Raanes, direktør for selskapet Norge 2005, seier noko om kva me kan venta oss:

«Vi i Norge 2005 ønsker at markeringen skal være utadvendt og inkluderende, ikke nasjonalistisk og selvgratulerende.» «Det handler om å vise at Norge på ingen måte har stått alene, men har fått impulser fra omverdenen. Dette er ikke tenkt å bli et nasjonalt jubileum.»

Ei eiga røyst – for å tuta med ulvane? Mottoet for heile 2005 er «En egen stemme». Dette vert grunngjeve slik av statsministeren i pressemeldinga frå lanseringa:

«Fra 1905 anerkjente omverdenen at Norge kunne tale på egne vegne og at Norge kunne ta del i internasjonalt arbeid [...] Det selvstendige Norge ga ikke grunnlag for «å være seg selv nok». 1905 la tvert imot grunnen for utformingen av vår egen plass på den internasjonale arenaen. Vi kunne delta og vi kunne ta ansvar.»

Statsministeren fortel altso at hovudsaka i 1905 var at Noreg kunne tala på eigne vegner og ta del i internasjonalt arbeid, og at hovudsaka med det var «å delta og ta ansvar». Raanes seier om lag det same i talen sin:

«[…] vi kan ikke la hovedtemaet for markeringen være «da ble vi kvitt svenskene». Det ville rett og slett ikke være passende. […] Målet med å bryte ut av unionen med Sverige var å sikre nasjonens fulle selvbestemmelse i egne saker. [… Men begivenhetene i 1905 hadde i første rekke en interna­sjonal karakter. Dette ønsker vi å vektlegge: da fikk faktisk Norge en egen stemme i det internasjonale samfunn. Og det første norske myndigheter brukte selvstendigheten til, var å knytte nye bånd til andre land. Ved å utpeke danske prins Carl til kongsemne ble det etablert en slektskapsforbindelse til det danske kongehuset, og, ikke minst, gjennom hans kone Maud også til det engelske kongehuset.»

I Norsk Historie 1870–1905 av Jostein Nerbøvik finn eg eit bilete av ei ekstrautgåve av Dagbladet 7. juni 1905. På framsida står det: «Stortinget idag. Regjeringen overtar styret. Unionen erklæret oppløst.» Det gjev eit anna bilete enn Bondevik og Raanes av kva som stod på spel – Dagblad-oppslaget talar ikkje om «en egen stemme i det internasjonale samfunn» , det talar om å styra sjølv: Den norske regjeringa tek over styringa etter den svenske kongen. I folkerøystinga om union røysta 368 208 personar (menn) nei til union, og 184 nei. 280 000 kvinnerøyster vart samla inn på friviljug og uoffisiell basis sidan kvinner ikkje hadde røysterett. Oppslutnaden om og engasjementet kring røystinga var so stor nett av di ho dreidde seg om norsk sjølvstende, å styra sjølve eller for å seia det flåsete med Raanes «å bli kvitt svenskene». Difor tykkjer eg det er reduksjonistisk å meina at det me skal feira i 2005, er slike uklåre, byråkratiske, UD-frasar som «å delta og ta ansvar, å knytte bånd, utforme vår egen plass på den internasjoanle arenaen». Eg meiner at ei 2005-feiring i tråd med ånda frå 1905 burde vera ein debatt om kva nasjonalt sjølvstende vil seia i dag, og ein debatt om folkestyre. Det er ikkje ein irrelevant lekk – lausrivinga i 1905 var ei vidareføring av demokratiseringa frå 1814 og 1884.

Schizo-nasjonalismen. Både statsministeren og Raanes understrekar kor viktig det er å vera utettervend og in­kluderande i staden for sjølvgratulerande og «seg selv nok». I same pressemeldinga får me vita at det skal produserast ein fjernsynsserie under jubileumsparaplyen, og han heiter «Alt for Norge».

Sjølv om Alt for Norge er eit nobelt og rimeleg motto for kongen, trur eg at mange med meg like gjerne som å sjå føre seg kongen høyrer snøvlande mannsrøyster stemma i «vi gir alt, alt for Norge, ofrer alt, om vi må. Vi er røde, hvite, blå, hele kampen ut skal vi stå på, for Norge vårt fedreland». Det finst lite som er meir sjølvgratulerande og «seg sjølv nok» enn tribunenordmenn under landskampar. 2005-feiringa maktar ikkje eingong på startstreken å leva opp til dei fine orda om å ikkje vera nasjonalistisk og sjølvgratulerande – og syner med det ein tydeleg nasjonal schizofreni, av same slaget som me finn i avisene når dei på leiarplass snakkar om den fårlege nasjonalismen og på sports- og kultur-sidene skryter uhemma av norske prestasjonar.

Den nasjonale arbeidsdelinga. 2005-feiringa skal òg ha eit regionalt ankerfeste. Det er lagt opp til fire tema knytte til dei fire største byane i landet.

I Trondheim skal teknologi vera hovudtema. Det har samband med at NTNU ligg der, og skal laga ei utstilling. I Bergen skal kysten og havet vera hovudtema. Bergen har jo fisketorget. Temaet som skal knytast til Tromsø, er ikkje «Den fleirkulturelle Nordkalotten», men «Det polare» – med fokus på Nansen og Amundsen – som sikra den norske ishavsimperialismen folkeleg legitimitet. Temaet knytt til Oslo er «krig og fred», med ei utstilling knytt til den fredelege unionsoppløysinga.

Kva seier denne inndelinga om det offisielle Noreg sitt syn på – ja, Noreg? Temaa knytte til «distriktsbyane» er alle materielle – det handlar om naturen og bearbeiding av kreftene i naturen: teknologi, kyst og sjø og is og skigåing – det er Noreg. Men Oslo – det er fredsskaping, Nobels fredssenter, og «skal sette unionsoppløsningen inn i en internasjonal og nåtidig sammenheng. Den vil dermed knytte an til det bredere temaet krig og fred, som antakelig fortsatt vil være aktuelt i 2005.» Arbeidsdelinga er tydeleg: I Oslo, hovudstaden, driv dei med tenkjing, danna diskusjon om dei store temaa krig og fred, i resten av landet er det det jordiske – is og vatn og fisk – som rår.

Det kan henda denne inndelinga i natur og kultur i 2005-feiringa berre er slik av di Noreg er slik. Men sjå føre deg at Tromsø-temaet vart bytt ut med (det like fraseaktige framlegget mitt) «Den fleirkulturelle Nordkalotten». Då kunne ein òg, om ein var interessert, knytt emnet «krig og fred» til fleire stader i Noreg, ein kunne ha knytt honnørordet «internasjonal» til fleire stader enn Oslo, og ein hadde synt at kultur og «det internasjonale» ikkje berre er relevante termar i hovudstaden. Bursdagsarrangørane kunne altso ha valt annleis om dei ville syna eit anna bilete av Noreg. Men det har dei ikkje gjort, då får me tru dei meiner dette er det rette.

Alternativ-fest. So – kva vil eg ha i staden?
1. Eg vil at me – urbane byråkratar, ministrar, bønder, by­folk og aktivistar – brukar 2005 til å diskutera vilkåra for, innhaldet i og framtidsutsynene for omgrepa «sjølvstende» og «folkestyre». Det vert det ikkje lagt opp til i utspela frå festplanleggjarane og Bondevik, men det er framleis mogleg under vignetten: Ei eiga røyst/En egen stemme.

2. Eg krev refleksjon frå festplanleggjarane kring kva «nasjonalt» og «norsk» inneber. Eg reknar med at ein slik refleksjon fører til at ein ikkje dreg fram skiturane til Nansen og Amundsen i same andedrag som ein tek fråstand frå sjølvgratulering. Eg krev ikkje meir sjølvgratulering. Eg oppmodar om å draga fram andre heltar enn skigutane.

3. Eg vil endra dei regionale overskriftene for jubileet – i alle fall krev eg at Tromsø får ein ny tittel. Eg fattar ikkje kvifor «det polare eventyret» er viktigare å setja fokus på (når ein no tematiserer det nasjonale, som eit slikt jubileum nødvendigvis må gjera) enn til dømes «Den fleirkulturelle Nordkalotten».

Og til slutt – so har eg ikkje noko i mot å feira med glitter og stas og sjampanjebrus i fontenene, eg heller, før me brått er i 2006 og har nye ting å feira.

Gudrun Kløve Juuhl studerer mastergrad i nordisk.

Teksten vart skriven våren 2004. Han har stått på trykk i Mål og Makt nr. 124, 2/2004. Teksten har òg stått på trykk i Klassekampen.

Kjelder - Norge 2005:
- talen til Jan Erik Raanes ved lanseringa av Norge 2005
- talen til Kjell Magne Bondevik ved lanseringa av Norge 2005
- pressemelding frå Norge 2005
- Nerbøvik, Jostein: Norsk historie 1870–1905, Samlaget 1996

Gudrun Kløve Juuhl
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no