Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Styret Skrivarstova Lagsoversyn Valnemnda Heidersmedlemer Årsmelding 2016-2018 Lover Landsmøte Seminar Historie Årsmeldingar Leiartalar Skrivarar og daglege leiarar Målrørsla og 1905 2005: Den nasjonale schizofrenien Målsak, kvinnekamp og bygdefeminisme kring 1905 Jørgen Løvland - ein statsmann og målmann 17. mai 2005: Ord for dagen 1905 i Sogn Ut av den eine unionen! Målreisinga i årstal Formenn og leiarar Arkivet Gåver Målprisar Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Eli Bjørhusdal:

Kvinnekamp og bygdefeminisme kring 1905

 (05.06.2005)

”Skal en folkeafstemning, som ligger udenfor vor forfatning, besluttes, maa kvinderne tages med.” Slik telegraferte Fredrikke Marie Qvam til Stortinget då det hadde avgjort at det skulle haldast folkerøysting om unionsoppløysing 13. august 1905. Ho må ha kjent stor ambivalens overfor det som skulle skje, den gode Fredrikke. Ihuga venstrekvinne, målkvinne, skyttarsakkvinne og kvinnesakskvinne – i 1905 hadde ho hatt dei kvinnepolitiske verva som det var mogleg å ha i Noreg. F. M. Qvam, som ho skreiv seg, var no leiar i Landskvinnestemmerettsforeningen (LKSF). Ho var hoppande glad for utsiktene til unionsoppløysning, men ottast at kvinnene ikkje ville bli rekna med til det norske folk når det norske sjølvstendet skulle stadfestast. Stortingets avslag på LKSFs kvinnekrav kom òg raskt. Då gjorde F. M. Qvam eit genialt trekk.

Tjue dagar, 280 000 namn
2. august 1905 rykte LKSF eit opprop inn i fleire aviser. Oppmodinga gjekk til alle norske kvinner: Slå ring om 7. juni-vedtaket til Stortinget, sei ja til unionsoppløysing – skriv dykk på namnelister! Det var risikabelt. Det kunne bli ein flopp. Men underskriftkampanjen fekk veldig oppslutnad, og 22. august kunne F. M. Qvam overrekkje stortingspresidenten 280 000 kvinnenamn mot unionen. 1905 vart såleis både ein kvinnepolitisk nedtur og ein siger. For ei kvinnesaks- og venstrekvinne som F. M. Qvam må det ha vore sårt å stå utanfor ei så viktig avgjerd. På den andre sida vart viljen og legitimiteten til kvinnerøysterett klinkande klårt demonstrert gjennom dei mange underskriftene. ”300 000 kvinner” vart eit nytt argument for kvinnerøysterett, og gjennomslaget for statsborgarleg røysterett kom då òg to år seinare.
Tjue dagar og 280 000 underskrifter. Midt på sumaren, med kvinnesakseliten på ferie og kjerringar flest i slåttonna. Ansvaret var tungt å bere for styremedlemene i LKSF. ”Lister, navne, telefon, telegraf, post og bud la beslag på dem næsten døgnet rundt,” står det å lese i årsmeldinga. Så korleis var det mogleg?

By mot land i den borgarlege kvinnerørsla
Landskvinnestemmerettsforeningen var, i motsetnad til dei andre kvinnesaksorganisasjonane i Noreg, meir enn ein klubb for urbane og liberale middelklassekvinner. I 1905 hadde organisasjonen lokallag over heile landet, òg utanfor byane. Det bygdefeministiske innslaget var slett ikkje tilfeldig, men ein sentral del av identiteten og historia til LKSF.
Denne historia startar i 1884, då Norsk Kvinnesaksforening vart skipa av framståande venstremenn og -kvinner, jamt over frå hovudstaden. Mannen Hagbard Berner vart den fyrste leiaren, men aller viktigast for å få i gang kvinnesaksforeininga var nok Kristiania-lærarinna Gina Krog. Krog var, som Fredrikke Qvam, ei av dronningane i norsk kvinnerørsle frå om lag 1880 til langt inn på 1900-talet. Serleg etter at Gina Krog byrja gje ut landets fyrste kvinnesaksblad, Nylænde (1887), fekk ho ein unik posisjon som knutepunkt og sentral for dei ulike kvinneorganisasjonane.

Føremålet til Norsk Kvinnesaksforening var vagt. Det tok til dømes ikkje stilling til om kvinner og menn burde ha same retten til å røyste ved politiske val – Berner ville helst ikkje provosere for mykje. Internt i organisasjonen var det stor usemje om denne lina, så alt året etter vart det skipa eit underbruk av kvinnesaksforeininga. Ti kvinner stifta Kvinnestemmerettsforeningen (KSF), som berre skulle ha eit einaste føremål: å arbeide for kvinnerøysterett. Stiftarane var yrkes- og middelklassekvinner i Kristiania, det var studentar og det var kvinner gifte med framståande venstrepolitikarar. F. M. Qvam var ei av dei, Gina Krog ei anna. KSF-kvinnene braut ikkje med Kvinnesaksforeningen, men dei konsentrerte arbeidet sitt om det aller viktigaste: kommunal og statsborgarleg røysterett for kvinner. Såleis var KSF den leiande feministorganisasjonen i Noreg fram til slutten av 1800-talet.

Kvinnestemmerettsforeningen hadde sitt viktigaste talerøyr i Nylænde, og ein må slå fast at avisa var eit heller borgarleg og urbant tiltak på slutten av 1800-talet. I Nylænde i 1890 finn me til dømes eit "Brev til Nylænde fra Valle i Sætersdalen" av Aase Bjørnaraa. Ho fortel om kvinnelivet i fjellbygda, og avsluttar med:

”Kunde ‘Nylænde‘ bli en mer hjemlig mødeplads for de norske kvinder, jeg mener lægges baade i form og indhold noget nærmere ogsaa den norske bondekone og bondejente og i det hele taget de ‘bredere lag‘, saa var det overmaade heldigt […].” (Nylænde 1.2.1890)

I 1898 vart kvinnerørsla igjen kløyvd på dramatisk vis. Bakgrunnen var at kvinnene i 1896 tapte kampen om ålmenn kommunal røysterett. Mange av kvinnesaksleiarane vart utolmodige, dei hadde ei kjensle av at arbeidet ikkje førde fram, og ynskte å endre strategi. I 1897 kom det til open kamp i KSF. Då gjorde leiaren, Anna Rogstad, framlegg om at kvinnerørsla måtte gjere seg nytte av subsidiære framlegg til Stortinget. Om ikkje kvinner oppnådde røysterett på same vilkår som menn, fekk ein førebels nøye seg med noko mindre, til dømes kommunal røysterett for kvinner med inntekt over 500 kroner (på bygdene) og 800 kroner (i byar). Dette utelukka stort sett gardskjeringar, husmødrer og arbeidarkvinner – medan det favoriserte mellomklassekvinnene i lærar- og funksjonærstillingar, som stort sett budde i byane. På årsmøtet i KSF gjekk Rogstads framlegg igjennom med stort fleirtal, med støtte frå til dømes læraren Ragna Nielsen, som dreiv ein stor skule midt i hovudstaden, og student Cecilie Thoresen, kjend som Noregs fyrste kvinnelege student. Gina Krog og Fredrikke Qvam var rasande imot, saman med ei rad medlemer utanfor Kristiania.

Ein landsorganisasjon
Mange melde seg deretter ut or Kvinnestemmerettsforeningen, mellom dei Krog og Qvam. Desse to damene kalla dei misnøgde saman til eit møte i februar i 1898, og her vart ’Landskvindestemmeretsforeningen’ (LKSF) stifta. LKSF skulle arbeide for det gamle programmet: røysterett for kvinner på same vilkår som menn. Kløyvinga signaliserte nok òg partipolitiske skiljeliner: KSF vart heller snøgt etter splittinga sett på som meir konservativ, medan LKSF fekk varemerket radikal venstreforeining.
Fredrikke Qvam vart vald til fyrste formannen i LKSF, som på eit heilt anna vis enn dei tidlegare kvinnesaksorganisasjonane vart ein reell landsorganisasjon. Like rettar i foreininga for distrikts- og kristianiamedlemer vart lovfeste og hadde stor appell. Lag i bygd og by skulle danne lekkjer i ein kjede der alle lekkjene var jamstelte. Dei fyrste LKSF-laga kom i byar som før hadde hatt KSF-foreiningar, men alt fyrste året fekk organisasjonen 10 lokallag utanfor hovudstaden. Døme er Nordre Odalen og Ytre Rendalen. I 1902, etter fire års drift, hadde det vorte 1566 medlemer – av dei 1070 i lokallaga utanfor Kristiania. Til jamføring hadde KSF 357 medlemer på sitt største, i 1902.
Kring 1905 hadde Landskvinnestemmerettsforeningen eit svært godt utbygt lokalt apparat. Korleis kunne organisasjonen likevel mobilisere så raskt, og så breitt? Ein vesentleg del av svaret er at LKSF kunne byggje på radikale kvinnemiljø som alt fanst på bygdene gjennom den såkalla norskdomsrørsla – folkehøgskulane, ungdomslaga og mållaga. Siste del av denne artikkelen skal ta eit dukk inn i eit par av desse miljøa.

Folkehøgskulen
Telemark var eit spesielt fylke når det kjem til folkeopplysning og organisering frå slutten av 1800-talet – òg når det gjeld kvinner. Her spela serleg folkehøgskulen ei viktig rolle, ettersom det i Telemark både var tidlege folkehøgskuleetableringar og ikkje minst tidlege jentekurs på desse skulane. For bygdejenter på 1800-talet som ynskte vidare utdanning ut over folkeskulen, var husstellskular einaste alternativ – heilt til dei grundtvigianske folkehøgskulane byrja gjere seg gjeldande.

Noregs fyrste folkehøgskule var Sagatun på Hamar, skipa i 1864. Viggo Ullmann starta sin vidgjetne folkehøgskule i Seljord i Telemark i 1880, men hadde då i fleire år drive ulike folkehøgskular i Telemark og på Agder. Frå 1864 til om lag 1875 vart det starta heile 35 folkehøgskular i Noreg, og talet auka utetter 1880-talet.
Frå om lag 1870 vart det vanleg for folkehøgskulane å ha jentekurs. I byrjinga var desse folkehøgskulekursa for jenter organisert som eigne bolkar i sommarhalvåret, og truleg var dei langt meir enn reine husmorkurs. På Viggo Ullmanns skule i Telemark i 1880-81 var faga for både jenter og gutar verdssoge, norsk soge, skriftleg morsmål (valfritt nynorsk eller norsk-dansk), geografi og religionsføredrag. Jentene hadde dessutan handarbeid, koking og husstell medan gutane hadde bokføring, naturfag og landmåling.

Ganske fort vart det halde lengre vinterkurs òg for jenter, og ettersom det faglege var så pass lite kjønnsspesifikt, var ikkje steget langt til fellesundervisning for jenter og gutar. Folkehøgskulen var då òg det fyrste vidaregåande skuleslaget som starta med fellesundervisning, og det var hjå Viggo Ullmann alt i 1882. Dette var altså to år før den borgarlege kvinnerørsla organiserte seg.

Gunnbjørg Vinje, Vinje
Fleire samtidsrapportar fortel at telejentene i høg grad deltok på offentlege møte og i lagsarbeid kring folkehøgskulen sin. Målavisa Fedraheimen melder til dømes i 1886 at

I Seljord heldt Ullmann og Arvesen Folkemøte den 4de og 5te. Endaa det var stygt Snødriv, var det folksamt der med Karar og Kvende. Dei er komme so langt der, at Kvinna er likeso forviti til aa høyra og fylgja med i alle Ting, som Mannen. Av Fyredrag, som vart haldne, kann nemnast: um kyrkjeleg Fridom, Barneminni, Kyrkjeforfatningsspørsmaali, Røysterett for Kvendi, Nasjonalitetarne […]. (Fedraheimen 13.1.1886)

Jentene i området har tydelegvis òg gått inn for skyttarsaka: I 1883 er både karar og kvende med i rifleringen i Kviteseid, og i 1888 tok ei jente frå Lunde fyrstepremie på eit skyttarstemne i Seljord.
Det er vel ikkje umogleg at kvinnene i røysterettslaget i Vinje var mellom desse. Historia om korleis dette ”kvenderøysterettslaget” vart skipa vart fyrst presentert i Nylænde i 1899. I mars dette året vart det halde folkerøysting i Vinje kyrkje om å kaste ut salmeboka på norsk-dansk for å innføre nynorsksalmane til Elias Blix. Kvinnene i bygda møtte òg fram til denne folkerøystinga, men presten nekta dei røysterett. I Nylænde skriv "G.…g":
Fleire av dei mest uplyste menn i bygdi vilde, at me skulde røyste med, men nei [...]. ‘Kva skal me gjera?‘ Soleis kviskra det rundt um. ‘Lat oss få i stand ei kvendestemmerettsforeining‘, sa den eine. ‘Ja lat oss det‘, sa fleire av dei andre, ‘me lyt gjera noko no‘ […]. Dei, som vilde hava Blix salmur vann nok likevel; men dei hadde fenge eit stort fleirtal, um kvinnurne hadde vore med. (Nylænde 15.4.1899)

To år seinare prenta Nylænde (15.4.01) ei melding frå det som no heitte Vinje Kvenderøysterettslag. Her går det fram at laget har tjue medlemer og at leiaren i laget heiter Gunnbjørg Vinje, som truleg er den som løyner seg attom bokstavane "G….g" i 1899. No vart òg laget innmeldt i LKSF. Gunnbjørg Vinje hadde elles hatt kontakt med Gina Krog før 1899, og hjelpte henne med innsamling av underskrifter til kvinnestemmerettspetisjonen i 1890, òg kalla ‘Gina Krogs grunnlovsforslag‘. Seinare fortalde Krog at ho sumaren 1902 vitja kvinnene i Vinje:
Da drog jeg til Vinje for at tale om kvindesag […] Og alt gik tilfredstillende med fuldt hus i ungdomsforeningens vakre lokale […]. Til sidst blev en sang afsunget, det er første gang jeg har faat min pris sunget paa landsmaal – og man kan vel forstaa at Vinje-maalet klang liflig i mit øre! (Nylænde 1.9.03)
I 1904 skreiv Gunnbjørg Vinje nok ei melding frå laget. Denne sumaren hadde dei skipa ope møte om arverett for sokalla uekte born, og i referatet kritiserer Vinje dei kvinneforeiningane som er imot kravet om slik arverett. I Vinje er det ikkje noko tull, og Gunnbjørg melder at den einaste som røysta feil i saka heldigvis ikkje var lokal:
Tilslutt vart det samrøystes vedtekje: Vinje kvenderøysterettslag slutter seg til forslaget om uegte barns erverett. Dei som ikkje høyrde laget til slutta seg ogso til dette vedtak mot ei røyst (utanbygds).

I same stykket går det fram at kvenderøysterettslaget skipa eit ope møte seinare den sumaren òg. Det var om fråhaldsaka, og om kvelden heldt professor La Cour frå den grundtvigianske folkehøgskulen i Askov i Danmark føredrag i kyrkja (Nylænde 1.9.04).

LKSF-laget i Vinje vart altso nytta til å fremje saker som målsak, fråhald og grundtvigianisme, og det var målstriden om Blix-salmane som løyste ut det kvinnepolitiske engasjementet og som vart nytta for å få organisert eit kvinnesaksmiljø i bygda. Gunnbjørg Vinje var elles ei engasjert målkvinne. Til dømes kom ho på andre plass i Det norske Samlaget si tevling om beste ABC-bok på landsmål i 1886.

Brita Bjørgum, Voss
Dei frilyndte ungdomslaga oppstod ofte direkte i kjølvatnet av folkehøgskuleetableringar, og også desse var prega av ei liberal kvinnepolitisk haldning. Mange av dei tidlegaste ungdomslaga hadde eksplisitte lover om kvinnetilgjenge, og kvinnerettane utgjorde ein av dei viktige skilnadene mellom ungdomslaga og eldre foreiningstypar.

I 1890 vart Voss Ungdomslag skipa. Av dei femten som kom på skipingsmøtet, var seks kvinner. Frå 1894 byrja dei å ta tillitsverv. Då vart tre jenter styremedlemer, og etterkvart kom det fleire til. Ungdomslaget var sentralt i arbeidet med å få ein folkehøgskule til bygds, og i 1895 vart Voss Folkehøgskule skipa. Det ser ut til at folkehøgskuleetableringa har sett god fart i bygdesamfunnet, for året etter kjem fylgjande rapport i målavisa Den 17de Mai:

Det hev vel aldri vore so mykje liv her paa Voss som no. Foreiningar er her i det endelause. Ikkje mindre enn 9 ungdomslag og boklag, tvo skjotarlag, vinstrelag, moderat- og høgrelag, fredslag og forsvarslag, avholdslag, tvo godtemplarloger, eit skilag og fleire av ymse slag […]. (Den 17de Mai 21.1.1896)

Brita Bjørgum var ei av dei damene som starta sitt politiske verke i ungdomslaget. Ho var fødd i 1858 og tilhøyrde eliten i bygda – den eine bror hennar vart ordførar og ein annan var kunstnaren Nils Bjørgum. Sjølv tok ho lærarprøva i 1879 og livnærte seg som lærarvikar.

I den nynorske skriftkulturen markerte ho seg fyrst gjennom ein del politisk radikale innlegg i Fedraheimen på slutten av 1880-talet. Her agiterer ho for republikk, kritiserer kongehus og borgarskap og forsvarar arbeidarar og småbønder. Innlegga er underskrivne med fullt namn. Det var heller sjeldan når det galdt kvinner, så ho har nok ikkje vore serleg redd for sanksjonar. I 1895 gav ho ut romanen Kari Lidi som kom ut på kvinneforlaget Annette Garathun i Kristiania.

1896 var året for ei vidare politisk organisering for Brita Bjørgum. Saman med fleire andre ungdomslagskvinner skipa ho til eit stort kvinnesaksmøte, og høvet var sjølvsagt samtidas brennande kvinnepolitiske spørsmål: kommunal røysterett for alle kvinner, eller berre for kvinner med ei viss inntekt? Det var venstre- og folkehøgskulemannen Ole Anton Qvam, mannen til Fredrikke, som i Stortinget hadde gjort framlegg om ålmenn kommunal røysterett for kvinner. No skulle kvinnene på Voss seie si meining.

150 menneske møtte opp i folkehøgskulen sine lokale då møtet skulle haldast. Innleiaren, Maria Lavik-Klyve, kom frå Bergen, og Brita Bjørgum sat i panelet for å svare på spørsmål etterpå. Stemninga ser ut til å ha vore eintydig. Innleiaren brukte tida si på å argumentere for Qvams framlegg, og deretter vart fylgjande resolusjon vedteken med stort fleirtal: ”Kvinner på Voss samlad til møte sluttar seg til kravet almen komunal stemmerett for menn og kvinner etter det af Qvam i Odelstinget i 1895 framlagde forslag.” Referenten melder òg at både arrangementskomiteen og ”de kvinder, som afgav sin stemme, omtrent udelukkende tilhører bondestanden.” (Nylænde 1.4.1896)

Brita Bjørgum døydde alt i 1906, 48 år gamal. Men kvinnesaksorganiseringa på Voss som ho sådde spiren til var i gang. I 1907 hadde vossakvinnene møte med 200 kvinner til stades, denne gongen om å få kvinner inn i heradsstyret. No byrja òg førebuingar til å skipe eit kvinnerøysterettslag. Det vart skipa same året. Fyrste leiaren var Maria Alvestad-Haakonsen; målkvinne og folkehøgskulelærar.

Bygdefeminisme og folkestyre
Både i Vinje og på Voss ser ein altso tydeleg at målsaka og folkehøgskulen kunne ha politisk synergieffekt – engasjementet for norskdom og landsmål leidde damene over i kvinnesaka, og meir konkret, til LKSF. I til dømes i Namdalen, Østerdalen og Stavanger finn ein òg denne organisatoriske vekselverknaden mellom folkehøgskulen, ungdomslag, målsak og kvinnesak/LKSF. Sambandslinene mellom kulturell fridom, politisk demokrati og røysterett for kvinner vart dregne ikkje berre på eit ideologisk plan, men òg i praktisk politikk. Fredrikke Marie Qvams kvinnekampanje i 1905, tufta på radikal bygdefeminisme, er slik sett eit godt døme på koplinga mellom sunn nasjonalisme og folkestyre.

Litteratur:
Agerholt, Anna Caspari: Den norske kvinnebevegelses historie. Oslo 1937
Bjørhusdal, Eli: Målkvinner før 1900 Volda 2001
Melby, Kari: Husmorens epoke 1900-1950 i Med kjønnsperspektiv på norsk historie. Oslo 1999
Moksnes, Aslaug: Likestilling eller særstilling? Norsk Kvinnesaksforening 1884-1913. Oslo 1984

Vil du lese meir om unionsstriden og den dagsaktuelle EU-striden? Gå vidare til nettsidene til Nei til EU!

Eli Bjørhusdal
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no