Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Styret Skrivarstova Lagsoversyn Valnemnda Heidersmedlemer Årsmelding 2016-2018 Lover Landsmøte Seminar Historie Årsmeldingar Leiartalar Skrivarar og daglege leiarar Målrørsla og 1905 2005: Den nasjonale schizofrenien Målsak, kvinnekamp og bygdefeminisme kring 1905 Jørgen Løvland - ein statsmann og målmann 17. mai 2005: Ord for dagen 1905 i Sogn Ut av den eine unionen! Målreisinga i årstal Formenn og leiarar Arkivet Gåver Målprisar Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Marit Aakre Tennø:

Jørgen Løvland - ein statsmann og målmann

 (03.06.2005)

I år er det 100 år sidan målmannen Jørgen Løvland vart den fyrste utanriksministeren i Noreg. I samband med 100-årsmarkeringa for sjølvstendet gjev Samlaget ut biografi om han.

Jørgen Løvand var, ved sidan av Christian Michelsen og Fridtjof Nansen, den mest sentrale norske aktøren i 1905.

Forfattaren bak boka er Per Eivind Hem. Han har arbeidd med Løvlandbiografien sidan 2000. At boka kjem ut i år er ikkje tilfeldig; Løvland stod sentralt i arbeidet med oppløysinga av unionen i 1905 og vart dette året vår fyrste utanriksminister. Løvland var norsk statsminister i Stockholm i 1905, tittelen tydde at han leia den faste norske statsråddelegasjonen i Stockholm. Slik vert det han som legg fram konsulatlova til godkjenning og som kong Oscar i Sverige nektar å godkjenne. Det bana vegen fram mot 7. juni 1905, då Stortinget einsidig sa opp unionen med Sverige. Då Løvland kom heim frå Sverige i slutten av mai 1905 vart han motteken som ei helt.

Politisk familie
- Lenge tenkte eg at Løvland kom frå ingen stader og vart ein av dei fremste politikarane denne tida, fortel Hem. Men det stemte ikkje, han hadde det nok i blodet.
Hem fortel at Løvland kom frå ein svært politisk medviten familie på Evje i Setesdal. Han var fødd inn i ein bondefamilie i 1848. Både Løvland sin onkel og mora sin onkel sat på Stortinget og familien var oppteken av at ungane skulle få utdanning. Men medan onkelen til mora og onkelen hans blei verande i bondesamfunnet som bønder og var representantar for den gamle bondepolitikken, nådde Jørgen så mykje lenger. I generasjonen før han var det utenkjeleg at ein bonde eller ein bondeson kunne bli statsråd, og kven skulle trudd at ein som var fødd og vaksen opp i det gamle bondesamfunnet på 1850- og 60-talet skulle drive det til å bli noko slikt som å bli vår første utanriksminister og jamvel statsminister (1907-08)? At han nådde desse posisjonane, var ikkje berre hans eiga forteneste; at venstreopposisjonen, som Løvland var ein del av, styrta embetsmannsregimet og tvang igjennom parlamentarismen gjorde dette mogeleg.

Måtte engasjere seg
– Løvland vart lærar. På den tida heitte det seg at lærarar helst ikkje skulle drive med politikk. Motsetnadene mellom venstreopposisjonen og embetsmannsregimet, som sat med regjeringsmakta, spissa seg meir og meir til gjennom 1870-åra og toppa seg med riksretten 1883-84 då regjeringa Selmer blei dømd frå taburettane. Dette engasjerte «alle» på denne tida, og ein så politisk interessert mann som Løvland, klarte ikkje å halde seg unna lenger – slik er mi tolking, seier Hem.
Han var frå 1880-åra og heilt fram til 1905 samferdslepolitikar, oppteken av rettferdig fordeling i høve tenester, mellom anna at alle landsdelar skulle ha høve til å ha telefon.
– Fordelingspolitikk som verkemiddel i samferdselspolitikken for å knyte landsdelane og folket nærmare saman blei ein kongstanke for Løvland. Den gongen då det var så mykje større skilnader mellom landsdelane og då kommunikasjonane var så lite utbygd var det lett å sjå kor nært samband det var mellom fordelingspolitikk i høve kommunikasjonane og det å byggje nasjonen. Og når folk og landsdelar blei meir knytte saman, låg det også betre til rette for felles nasjonale mål, var tanken t.d. målsak.

Vart tidleg målmann
Frå 1892 er han ein av dei mest sentrale politikarane i Venstre og vert Odelstingspresident og formann i jernbanekomiteen på Stortinget dette året. Dette er samstundes som synet på unionen med Sverige vert ein hovudmotsetnad i politikken.
Då Løvland var 11 år kom ein bror heim med avisa Dølen
– Møtet med Dølen gjorde ungguten til målmann, fortel Hem. På same tida las han ei historiebok som opna opp augo hans for at unionen med Sverige ikkje var bra for Noreg. Statthaldarstriden 1859-60 viste det i praksis for han. Difor rekna han sjølv at han frå om lag 1860 var negativ til den politiske unionen med Sverige og det tette språklege banda til Danmark.

Målmann var både Løvland og to av brørne. Og Løvland meinte at det danske språket var ei fare og ei skam. Etter at han gjekk av som statsminister, kasta han seg inn i forsvaret av sidemålsstilen og landsmålet mot den harde agitasjonen frå Riksmålsforbundet leia av Bj. Bjørnson. Løvland og Bjørnson stod steilt mot kvarandre i denne striden, det fall harde ord særleg frå Bjørnson. På landsmøtet i Noregs Mållag i januar 1909 var Løvland sjølvskriven til å ta over som formann. Men han ville ikkje avskaffe riksmålet. Han var ein sann liberalar og ville at dei to språka skulle konkurrere på likt grunnlag.

Etter at han kom attende i regjeringa som kyrkje- og undervisningsminister, var det han som innførte rettskrivinga av 1917, inspirert av samnorsktanken. Etter kvart gjekk han også langt i å søkje tilnærming mellom dei to målformene. På den måten håpa han i 1917 at landet ein dag ville få eitt språk – som var norsk.

Svikta
I heimtraktene i Setesdal syntes dei han svikta i synet på statsform i 1905, kan Hem fortelje.
– Som utanriksminister hausten 1905 var han viktig i arbeidet for å hente ein konge til Noreg. Løvland meinte det var tryggast å ikkje endre statsform. I Setesdal var det fleirtal for republikk. Då er det klart at han ikkje var populær i dei krinsane. Venen Anders Hovden var ein som liksom aldri heilt kunne tilgi Løvland for arbeidet han la ned for monarkiet i Noreg.

Hem fortel at Bjørnson meinte at Løvland inst inne var ein romatikar. Han vart svært glad i Snorre og det var han som kom opp med Haakon-namnet til den nye kongen. Løvland trekte linene attende til sagatida med dei store kongane. Hem trur det er litt tilfeldig at Løvland har blitt litt gløymd.
– Eg trur litt kan skuldast at han var knytt til landsmålet, riksmålsfolket trekte nok heller fram Christian Michelsen, men Løvland hadde eit stort namn så lenge folk frå 1905-generasjonen levde. Kor mange politikarar og andre frå 1905 er det som blir hugsa i dag? Michelsen og Nansen, ja – men ikkje stort fleire. Namnet Chr. Michelsen kjenner dei fleste til, men dei veit knapt noko om han.

Kompromissviljug
Nokon har nok òg misforstått han. Fleire har sagt at han som grunnleggjaren av Utanriksdepartementet skal ha sagt ”Norge skal ingen utenrikspolitikk have”, men det var det Bjørnson som sa. Løvland meinte tvert om at vi i Noreg skulle ha ein aktiv og kraftig utanrikspolitikk.

Hem trur at kompromissviljen var eitt av Løvland sine særmerke som politikar. Hem kan fortelje at han hadde svært få uvener.
- Sjølv motstandarane følte at han var ein slags ven, smiler Hem.
Han har sjølv blitt glad i Løvland etter å ha arbeidd med biografien om han.

Marit Aakre Tennø
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no