Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Styret Skrivarstova Lagsoversyn Valnemnda Heidersmedlemer Årsmelding 2016-2018 Lover Landsmøte Seminar Historie Årsmeldingar Leiartalar Skrivarar og daglege leiarar Målrørsla og 1905 2005: Den nasjonale schizofrenien Målsak, kvinnekamp og bygdefeminisme kring 1905 Jørgen Løvland - ein statsmann og målmann 17. mai 2005: Ord for dagen 1905 i Sogn Ut av den eine unionen! Målreisinga i årstal Formenn og leiarar Arkivet Gåver Målprisar Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Hege Lothe si tale på nasjonaldagen:

Ord for dagen på Sandane, 17. mai 2005

 (17.05.2005)

Grunnen til at vi feirar 17. mai som nasjonaldag ligg langt tilbake i tid – til 1814. Nokon vil også seie at det heile byrja lenge før. No vil eg sjå berre 100 år tilbake i tida – til våren 1905. Denne våren var spesiell – det låg unionsoppløysing i lufta.

Det var ekstra stor oppslutning om 17. mai i 1905 her i Gloppen. Mange oppfatta 17-mai feiringa det året som spesiell. Bygdebladet Nordfjord kom i 17. mai reportasjen sin inn på akkurat dette: "Det hvilte over hele høitideligheden et alvorspreg, man fik indtryk af at de tilstedeværende forstod, at frihedsdagen iaar var lidt andet, end det før har været."

Dagen etter: 18. mai samla Odelstinget seg i Stortinget. Dei vedtok samrøystes at Noreg skulle ha sitt eige konsulatvesen og 23. mai var Lagtinget samla og vedtok det same. No var det berre dagar fram til 7. juni 1905. Den dagen vedtok Stortinget samrøystes at ”den konstitusjonelle kongemakt er traadt ut af virksomhed”. Dette var eit viktig vedtak; Noreg skulle bli ein sjølvstendig nasjon. Og vedtaket skapte avisoverskrifter i heile Europa.

Utetter heile landet hadde saka vore diskutert mellom folk. Dette var storpolitikk som kveikte det norske folket. Det hadde vore diskutert i fleire år. Det var partiet Venstre som leia kampen for at Noreg skulle vera ein sjølvstendig nasjon. Saman med målfolk, fråhaldsfolk, kristenfolk og fritenkjarar. Her i Gloppen vart folk også fasinert av dei nye ideane som bølja over landet.

Ungdomslagsrørsla var blitt sterkt både i Gloppen og Breim. Ei rekkje lag vart skipa i perioden 1890 - 1902. Det var ungdomslag både på Nordstranda, Sørstranda, Sandane og i Bukta. I desse laga møttest unge folk for å diskutere dagsaktuelle emne. Nokre hadde vore vekke og gått på folkehøgskule. Og kom heim med nye idear for den nye tida. Det var både idear om at kvinnene burde ha røysterett, innføring av det norske språket; landsmålet og tanken om at Noreg kunne og burde vera ein sjølvstendig nasjon. Ungdomslaga utgjorde på mange måtar eit radikalt og progressivt innslag i bygdesamfunna.

Bygdefeminismen stod sterkt på bygdene. Her var kvinnene organisert i ungdomslaga. I Vinje vart interessa og arbeidet for røysterett kveikt då det synte seg at kvinnene ikkje fekk vera med å røyste om kyrkja skulle ta i bruk dei nye Elias Blix-salmene på nynorsk. I 1905 var det røysting i fleire av kyrkjene om å gå over til å nytte Elias Blix sine salmar. Nynorsken vann fleire viktige sigrar dette året. I kyrkjene både på Vereide og i Breim vann målsaka fram.

Etter at Stortinget hadde sagt sitt den 7. juni 1905 kom det krav frå Sverige om at denne avgjerda måtte leggjast ut til røysting. Og i slutten av juli var det klart at røystinga skulle vera den 13. august 1905. I fleire tiår hadde fleire ulike kvinneorganisasjonar i Noreg arbeidd for røysterett for kvinnene, utan å vinne igjennom. Så denne viktige avgjera for landet, fekk kvinnene ikkje lov til å vere med å avgjera.

Trass i dette sette Landsstemmerettsforeningen i gang underskriftsaksjon. Og oppfordringa fekk ei vollsom oppslutning! På 20 dagar vart det samla inn 280 000 underskrifter som sa ja til unionsoppløysinga med Sverige. Heile 53% av kvinnene som burde hatt røysterett, skreiv under på oppropet.

Det var ikkje tvil om at folket sto bak Stortinget i denne avgjera. Då røystene vart talde opp synte det seg at det var berre 184 menn som røysta mot unionsoppløysinga. Her i Sogn og Fjordane var det tre karar som røysta for union med Sverige – og viss de skulle lure på det, ingen av dei budde i Gloppen.

***
På slutten av 1800-talet terga Arne Garborg på seg kultureliten i hovudstaden til gangs. Han trakk opp motsetnaden mellom det norske og dansk-norske. Arne Garborg spissformulerte seg og provoserte kultureliten med påstanden: ”Dei Kristiania-norske hev Stockholm til Hovudstad, Danmark til Kulturheim, Norig til Stabbur og Per Gynt til Nasjonalhelgen” – dermed viste han fram korleis ein eigentleg burde sjå den nasjonalromantiske eliten.

Det blir sagt at Noreg har blitt eit fleirkulturelt samfunn. Men min påstand er at Noreg aldri har vore eit språkleg og kulturelt einsarta land. Det ”norske” har vore eit mangfald. Å vere ”norsk” har vore å vere nordlening, gløppar, trønder, totning eller grorudøl. I all sin variasjon og einskap er dette det verkelege Noreg.

I Noregs Mållag arbeider eg i lag med ein kar som heiter Magnus Bernhardsen, som på slutten av 90-talet var leiar av Norsk Målungdom. Han vart på den tida invitert til å halde appell på ei 17.mai-tilskiping på Cuba i Oslo. Tilskipinga heiter ”17.mai for alle!” og det er SOS Rasisme som står bak tilskipinga. Magnus takka sjølvsagt ja til invitasjonen. Stilte i bunad og held appellen sin på nynorsk. Då byrja nokre folk å bue på han.
Går det an å forstå? At antirasistar som tykkjer det er kjempeflott med folk frå heile verda, ikkje toler å høyre nynorsk frå eige land? Kanskje det var nett dette Arne Garborg i si tid peika på.

Det er sjølvsagt lett å gå seg vill i jakta på å vera mangfaldig og internasjonal. Eg trur at for at vi skal kunne vera opne mot verda rundt oss, så må vi vera trygge på at vårt eige. Noregs Mållag har gjort suksess med barnehagesatsinga si under vignetten: ”Den første song eg høyre fekk, var Hit me baby one more time”. Med dette meiner vi at dei mangfaldige lokalkulturane og språkvariasjonane i Noreg ber med seg kvalitetar ein ikkje finn i dei masseproduserte, anglo-amerikanske kulturprodukta ungane vert tilbydde. Vi meiner òg at vi bør dyrka den heimlege kulturen for å halde oppe det fleirkulturelle norske samfunnet og for å stå betre rusta til å møta nye kulturinntrykk – frå så vel Hollywood som Bombay.

Dersom vi skal ha noko å tilby det globale kulturhopehavet, må vi ta utganspunkt i vårt eige – både tradisjons- og samtidskultur. Eg meiner vi skal la oss inspirerere av kulturskattane våre til å gje ungane ein oppvekst med rim og regler, songar og stev, eventyr og forteljingar frå vår eigen barndom, frå vårt eige liv og livet rundt oss. Ved å gje ungane våre store lass med eigen forteljarglede og songglede, vil vi gje ungane noko dei er trygge på. Ei ballast for å gå ut i verda for å finne, oppleve og setje pris på andre kulturar, tradisjonar, forteljingar og segn.

***
Reza Rezaee, internasjonal leiar i SV og bystyremedlem i Oslo fekk målblomen av Noregs Mållag på landsmøtet i år. Rezaee seier mellom anna dette: ”Eg fekk aldri høve til å lære nynorsk då eg kom til landet, men eg vil arbeide for at andre innvandrarar skal få den sjansen eg aldri fekk.
Rezaee kom frå Iran som politisk flyktning i 1989. Han fortel at i Iran er det å snakke ulike dialektar eller språk ikkje akseptert.

Sapideh Sadeghi er fødd i Iran, men har vakse opp i Noreg. I haust intervjua eg ho til Nei til EUs årbok. Då sa ho mellom anna dette. ”Det er mange etniske nordmenn som ikkje ser språkleg mangfald som ein verdi. Når eg er i utlandet, fortel eg at i Noreg er det både nynorsk og bokmål. Folk tykkjer det er imponerande at ein har meir eitt hovudmål.”

I Aftenposten 13. april 2005 seier Høgres gruppeleiar i bystyret i Oslo, Bård Folke Fredriksen at ”det er unaturlig å markere forskjeller på en dag som grunnlovsdagen”. Eg meiner at nasjonaldagen vår er ei feiring av grunnlova vår, og er slik sett ei feiring for alle som bur i Noreg. Ei feiring av skilnadane som samlar oss.

Eg trur at forteljinga om det norske nasjonen som vert fortald på slike dagar som 17. mai, ikkje berre bør vera dei store forteljingane. Men også dei små forteljingane frå kvar enkelt av oss. Og desse små forteljingane er med å setje sitt preg på samfunnet og landet vårt.

Kva har dette å gjera med 17. mai? Svaret er enkelt; 17. mai er nasjonaldagen i Noreg. Det er vår feiring av nasjonen vår. Vi kunne sjølvsagt seie at feiringa av dei flotte fargane raudt, kvitt og blått er nok.

Men feiringa av Noreg er heldigvis meir enn feiringa av flagget. Feiringa av Noreg er feiringa av folkestyre, velferd, eit land med fleire språk; både nynorsk, samisk og bokmål, og ein nasjon med mangfald.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no