Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Styret Skrivarstova Lagsoversyn Valnemnda Heidersmedlemer Årsmelding 2016-2018 Lover Landsmøte Seminar Historie Årsmeldingar Leiartalar Skrivarar og daglege leiarar Målrørsla og 1905 2005: Den nasjonale schizofrenien Målsak, kvinnekamp og bygdefeminisme kring 1905 Jørgen Løvland - ein statsmann og målmann 17. mai 2005: Ord for dagen 1905 i Sogn Ut av den eine unionen! Målreisinga i årstal Formenn og leiarar Arkivet Gåver Målprisar Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Eva Marie Meling Mathisen:

Ut av den eine unionen!

 (03.06.2005)

I år er det 100 år sidan Noreg gjekk ut av unionen med Sverige. Eva Marie Mathisen, historiestudent ved Universitetet i Oslo og landsstyremedlem i NMU, skriv i denne kronikken om omstenda rundt unionsoppløysinga og kva rolle målrørsla spela i denne.

«Men, norske studenta, kva gott hev me havt av unionen… Nei eg veit inkje noke gott… Unionen er bygd paa urettvise… Difor seie eg som so: Dæ e rangt dette aa knytte folka meir i hop… Dæ, som den unge nordmann skal arbeide fyr i denne vegen, dæ e aa løyse bande millo Norge og Sverik. Dæ e dæ, som e mest logisk og klokast…. Difor vert framtidsmaale: unionsoppløysing og ein sann 17de Mai.»

Dette sa målmannen og anarkisten Olaus Fjørtoft i 1871. Det var heilt utenkjelege ord då, ingen andre enn han sa det, men det skulle visa seg at Olaus Fjørtøft fekk oppfylt framtidsmålet sitt: Unionsoppløysing. Det som var heilt utenkjeleg i 1871, kom til å skje i 1905.

Kvifor læra om 1905?
Det har ikkje vore vanleg å nytta mykje tid på 1905 i historietimane på skulen, med det resultatet at 1905 ikkje er noko alle veit like mykje om (vonleg vert det fleire i løpet av året!). Ein kan spørja kvifor, og eit svar ligg kanskje at unionen vart oppløyst so fredeleg. Ingen brukte vald, sjølv om krigsfaren var reell nok, og sidan då har me hatt – og kanskje nett av den grunn – eit godt forhold til nabolandet vårt.

Ein må òg leggja til at unionen ikkje kjendest undertrykkjande for alle nordmenn; det var ein union med mykje sjølvstende og fridom for båe landa. Difor har han heller ikkje vorte sett på so viktig som til dømes dansketida i norsk historieframstilling.
Men det går òg an å svara på klagemålet om at alt for fåe veit noko om 1905 ved å spørja kvifor ein skal det: Var det no eigentleg ei so viktig hending? For dei norske politikarane var stoda i 1905 viktig og realistisk nok. Det var opprusting av militæret på begge sider av grensa og det var ingen som var sikre på korleis det skulle gå, sjølv ikkje statsministeren Christian Michelsen.

Professor i statsvitskap Trond Nordby meiner at 1905 er like viktig som 1884 og innføringa av parlamentarismen. Han ser på 1905 som ei fullføring av parlamentarismen; Stortinget trossa kongen gong på gong og viste at dei hadde all makt. Dette meiner eg er eit godt svar på kvifor 1905 er viktig: Det handlar om å læra om den demokratiske utviklinga i Noreg. For målungdomar meiner eg det er ekstra viktig å vita kva som skjedde, av di det aukar sjølvtilliten vår som målfolk å vita kva som me som ein del av ei større rørsle var med på, og at ein kan bruka historia for å taka politiske standpunkt i si eiga tid.

Om sjølve unionen
Korleis var no denne unionen? Noreg var i union med Sverige sidan 1814, den dagen då Sverige fekk Noreg av stormaktene slik at det «storsvenske» synet om Sverige sitt hegemoni i Skandinavia vart retta opp etter tapet av Finland til Russland. Unionen med Sverige var ein laus og fast union på same tid, skriv historikar Jostein Nerbøvik. Det var ein laus union av di dei to landa hadde mykje sjølvråderett, men han var fast av di unionen var det altomfemnande emnet i norsk politikk. Unionen var inga hemsko, korkje for vanlege folk eller for handelsfolk, og økonomisk sett var han heller til det betre for oss. Men samstundes var det unionen ein las om kvar gong ein opna avis. (I alle fall viss dei las Den 17de Mai, som var hovudorganet til norskdomsrørsla, og andre radikale aviser kring venstrekoalisjonen.)

Unionen hadde eit noko innfløkt byggverk: Utanrikssaker vart handsama i det ministerielle statsrådet, og eit samansett statsråd tok hand om dei sakene «som angaa begge riger». Kvar av rika hadde altso sjølvråderett innanfor områda lovgjeving, militærstell og økonomi. Kongen var utan tvil det fremste symbolet på unionane, og Noreg hadde altso ein svensk konge, Kong Oscar II.

Liner i norsk politikk om unionen
Sjølv om spørsmålet om norsk sjølvstende ikkje vart aktualisert før i 1880-90-åra, kan me finna me tre liner i norsk politikk om unionen. Det var to hovudliner, som båe to gjekk inn for prinsipiell jamstelling mellom dei to rika. Den fyste var for jamstelling, men dei var ikkje viljuge til å gå i tingingar om unionen for å få det til. Det var venstrekoalisjonen sitt syn, med partiet Venstre i spissen, og dei la stor vekt på norske symbol som til dømes eit reint flagg (ut av «sildesalaten»). Den andre lina var òg for jamstelling, men her var ein villig til å forhandla med svenskane. Det var serleg Høgre som stod for dette synet, og dei var det unionistiske partiet i Noreg, sjølv om dette snur hausten 1904. Det tredje synet var eit krav om norsk lausriving frå Sverige, eit krav som vert oppfatta som radikalt og nasjonalistisk i samtida. I norskdomsrørsla var det mange som stod for dette synet, og det vart tydeleg utrykt i Den 17de Mai, med målmennene Rasmus Steinsvik og Arne Garborg som redaktørar.

Det vert feil å framstilla unionsoppløysinga som ein prosess der det berre er ein aktiv part: Noreg. Det er ein union med to partar, og sjølv om det er Noreg som riv seg laus, finn me mange aktørar som bidreg til prosessen på svensk side. Til dømes den svenske arbeidarrørsla. Svenske arbeidarar støtta dei norske kameratane sine i unionskonflikten, og mange svenske arbeidarar støtta opp om kravet om lausriving m.a. gjennom meir eller mindre organiserte arbeidarorganisasjonar. For mange svenske arbeidarar var eit viktig argument at ein såg på Noreg som eit førebilete for demokratisering, og ein vona at m.a. røysteretten kunne verta utvida slik som i Noreg.

Kva fører til unionsoppløysinga?
I 1884 får me parlamentarismen. Og det er frå dette året, då Venstre kjem i regjering, at temperaturen i ordskiftet om unionen stig.

12. mars 1885: Sverige gjer endringar i ordninga for ministerielt statsråd – altso statsrådet for utanrikssaker. Jamvekta mellom dei svenske og dei norske medlemmene av statsrådet vert endra, slik at det vert fleire svenskar i statsrådet enn nordmenn. Venstre-regjeringa protesterer og krev at det skal vera lik representasjon frå båe rika. No vaknar ein diskusjon som den norske utanrikspolitikken. Nordmennene får no ein svensk utanriksminister (som dei hadde hatt lenge). Kven skulle eigentleg ta seg av den norske utanrikspolitikken? Nordmenn eller svenskar? Korleis skulle dette ordnast?

Men korkje Venstre eller Høgre, når dei kjem i regjering att, klarar å få gjennomslag for kravet om ein eigen norsk utanriksminister, eller andre ordningar dei norske politikarane kan leva med. Og i 1891 går Venstre til val med saka om eit eige norsk konsulatvesen, men det dei eigentleg ville ha, var ein eigen norsk utanriksminister. Kravet er altso norsk kontroll over utanrikspolitikken til Noreg i unionen, og Stortinget krev faktisk at dei har ein norsk utanrikspolitikk dei må taka vare på. I Sverige vekkjer dette motstand, og det er ein av dei hendingane som får unionen til å skjelva. Det ein eigentleg diskuterte var union eller sjølvstende.

Krigsalternativet
Motstanden i Sverige er so hard at i 1895 trugar den svenske riksdagen Noreg med krig. Og når krigen står fram som eit røynleg trugsmål, gjev Stortinget seg og held kjeft.
Frå 1895 står Venstre fram som ein pådrivar for norsk militær opprustning. Sverige set òg i gong opprustning, dei er redde for Russland og «trugsmålet frå aust». Frå 1900-1902 vert dei sokalla grensefestningane bygd. Venstre får bygd dei langs grensa til Sverige i Østfold, og Venstre ynskjer at heile grensa på Austlandet skal verta eit samanhengjande grensefestningsnettverk. Og sjølv om dei ikkje er skikkelege festningar, og det ikkje er so mange av dei, skjønar alle kva det dreier seg om: Ein byggjer ut eit forsvar mot Sverige.

Provokasjon frå svenskane
Konsulatdiskusjonen held fram, og svenske og norske styresmakter forhandlar. I sumaren 1904 ser det ut som om dei skal verta samde, men i november 1904 kjem svenskane med ei provoserande tolking av forhandlingane. Dette gjer Stortinget rasande, og sjølv dei mest unionsvenlege i Høgre vert provosert og innser at det ikkje går an å forsvara unionen meir. Etter mykje strid om lineval i den borgarlege regjeringa, vert ho sprengd og Christian Michelsen vert beden om å laga ei ny regjering av kongen. Både i Riksdagen og i Stortinget vert det sett ned serskilde utval som skal arbeida med konsulatspørsmålet, og Spesialkomiteen gjev sin innstilling i Stortinget 10. mai. I innstillinga føreslår dei at eit eige norsk konsulatvesen skal opprettast og at det konsulære fellesskapet med Sverige skal seiast opp. Ein ny lov om konsulatvesenet vert vedteke i slutten av mai 1905. Kongen vil ikkje godkjenna lova, og regjeringa leverer inn dei førehandsskrivne avskjedssøknadane sine, som kongen nektar å innvilga fordi han ikkje ser seg i stand til å finna ei ny regjering under dei rådande forholda.

Luringane på Stortinget
Det er denne konstitusjonelle krisa dei utspekulerte politikarane i Stortinget utnyttar: Når ikkje kongen kunne finna ei ny regjering, var han ikkje norsk konge lenger, og unionen var ferdig. Snedig, kan ein seia. 7. juni 1905 les Carl Berner, stortingspresidenten, opp «oppseiingsbrevet»: «…at foreningen med Sverige under en konge er opløst, som følge af, at kongen har ophørt at fungere som norsk konge.» Reaksjonane let ikkje venta på seg: Sverige og andre land oppfattar 7. juni-vedtaket som ei revolusjonær, ulovleg og audmjukande handling. Både kong Oscar II og store delar av det svenske folket er opprørt over det dei oppfattar som eit respektlaust norsk kupp. Kongen nektar sjølvsagt å godkjenna oppseiinga, og på kvelden vert det skipa til store folketog i Stockholm til støtte for kongen. Det svenske Aftonbladet skreiv at 30.000 personar møtte opp for å hylla kong Oscar.

Folkerøystinga
Ut på sumaren kjem det krav om folkerøysting i Noreg om unionsoppløysinga. Dette utløyser ein voldsam agitasjon, der parti, organisasjonar, kyrkje, statsmakt deltek – alle er med på å få folk til å røysta nei. 13. august røyster 368.208 ja til unionsoppløysinga, berre 184 røysta nei. Valdeltakinga er på 85,4 %. Frederikke Marie Qvam og dei andre aktivistane i Landskvinnestemmerettsforeningen samlar inn, i løpet av 20 dagar, 280.000 underskrifter der norske kvinner støtta 7.juni-vedtaket. Sidan folkerøystingar ikkje var grunnlovsfesta (dette var den fyrste folkerøystinga i Noreg), meinte mange at kvinner òg burde få vera med å avgjera eit so viktig spørsmål.

Karlstadforhandlingar og motstand
Etter røystinga vert det so forhandlingar i Karlstad. Forhandlingane er tøffe, og krigsfaren blømer opp att. Eit sentralt spørsmål for styresmakterne i Noreg var òg korleis ein kunne unngå krig – eit emne som historikarar har vore fascinerte av lenge. Oppløysinga av den norsk-svenske unionen er eit ganske eineståande døme, det er få gonger at unionar og forbund har vorte oppløyste utan vald. Ein av årsakene var nok statsminister Christian Michelsen og dei andre i forhandlingsdelegasjonen sine gode forhandlingsevner. Resultatet av forhandlingane vart ein felles avtale som m.a. for Noreg innebar riving av ein del av dei norske grensefestningane. Kompromisset vart vedteke i Stortinget, og 26. oktober vart riksakta oppløyst og unionen formelt ferdig.

Harme målstudentar
Resultatet av Karlstadforhandlingane vekte harme mellom ein del i norskdomsrørsla. Mange såg på resultatet og forhandlingane som eit svik, og såg på forhandlingsdelegasjonen som feige og ettergjevande. Noreg burde gå ut av unionen utan å gje frå seg noko, meinte dei. Nokre av desse finn ein i Studentmållaget i Oslo (SmiO). Då SmiO-medlemene møtest etter sumarferien, er noko av det fyrste dei gjer å skipa til ein stor pipekonsert utanfor VG som dei meinte hadde gått for langt i «sjølvoppgjevinga». Tre av medlemene vart arresterte og fekk bot. SmiO freistar òg å få til motstand og opprør mot forhandlingane når dei føregår, men det lukkast dei ikkje med. Men det er ikkje berre i SmiO dei arbeider mot Karlstadforhandlingane, det same gjer Den 17de Mai. Avisa motset seg «forhandlingslina», og grensefestningane vert sjølve symbolet på motstanden mot svenskane; på den frie staten Noreg. Me hadde ikkje våga gå til 7. junivedtaket viss me ikkje hadde hatt grensefestningane, er redaktør Rasmus Steinsvik overtydd om, og legg ikkje skjul på skuffinga si over dei leiande menn.

Republikk eller monarki?
Ordskiftet om Karlstad tek fort slutt. I mellomtida hadde det gått føre seg løynde forhandlingar mellom norske styresmakter og prins Carl i Danmark. Svenskane hadde, som eit slags plaster på såret, fått tilbod om å lata ein av prinsane verta norsk konge, noko dei hadde avvist. For mange var nok ikkje statsforma det viktigaste spørsmålet. Sjølv republikanaren Jørgen Løvland, den fyrste utanriksministeren i Noreg, sa: «Vi skal gjøre saa litet som mulig med forfatningen, bortset fra unionen, det gjælder at begrænse sig til det. Det var hovedsaken.»

Men mange i norskdomsrørsla var harde republikkforkjemparar, og for Studentmållaget vart dette den store hovudsaka den hausten. Når ein ser på aktiviteten deira, kan ein lura på om det var nokon av dei som fekk gode karakterar til eksamen.

For republikktilhengjarane var eit viktig argument at ein republikk ville vera ei fullføringa av den demokratiske prosessen som var i gong. I tillegg var det mange som frykta slik galenskap, lauslivnad og pengesluk som monarkiet hadde stått for i mange skandinaviske og europeiske land. «Hoff og demokratisk liv og tankegang er som eld og vatn; dei kan aldri semjast…. Fristaten er den einaste statsform, som høver for eit upplyst folk med jamne folkelege livsvilkaar og eit fullt gjennomført folkestyre» stod det i eit av flogskrifta til Studentmållaget.

Ja til prins Carl
So vert det etter ynske frå den komande kong Haakon folkerøysting, og då vert det endå meir sus i agitasjonsarbeidet. Det vert val i november, og valdeltakinga er litt mindre enn sist, med 75,3 % deltaking. Nærmare åtti prosent røysta ja til at regjeringa skulle ta opp att forhandlingane med prins Carl av Danmark om å la seg velja til norsk konge, medan om lag 20 % røysta mot. Med andre ord: Det var nok ikkje eit spørsmål om republikk eller monarki i røynda, det var eit spørsmål om kven ein skulle forhandla med for å få ein norsk konge. Viss ein samanliknar dei områda der det var flest røyster for republikk ser ein eit samanfall med dei områda der ungdomslagsrørsla og norskdomsrørsla stod sterkast. 18. november vert prins Carl av Danmark norsk konge. Han byter ut dei seks danske namna sine med kongenamnet Haakon VII, og vert krona til norsk konge i juni 1906. Resten er ei kjend soge.

Den nye arbeidsdagen
Olaus Fjørtoft var den som formulerte slagordet «Ut or unionane!», slagordet til Noregs Ungdomslag i denne tida. Blandinga av den kulturelle og politiske nasjonalismen i dette kravet kallar Nerbøvik for det doble fridomskravet. Ein vil ut av den politiske unionen med Sverige og få politisk fridom for Noreg, og ein ville ut av den kulturelle unionen med Danmark – få fridom for det norske målet.

For norskdomsrørsla kunne no «den nye arbeidsdagen» koma, som Halvdan Koht skreiv i Syn og Segn på slutten av 1905. Ein kunne konsentrera seg om å koma ut av den kulturelle unionen, samla seg om nynorsk og andre oppgåver for den nye staten Noreg. Og so kan me læra av soga: Me lukkast med den eine unionen – kvifor skulle me ikkje lukkast med å koma ut av den andre?

Teksten har stått på trykk i Motmæle 1/2005, medlemsavisa til Norsk Målungdom.

Eva Marie Meling Mathisen
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no