Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Styret Skrivarstova Lagsoversyn Valnemnda Heidersmedlemer Årsmelding 2014-2016 Lover Landsmøte Seminar Historie Grasrotandelen Gåver Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Lov for Noregs Mållag

Vedteken 21. juli 1978, med brigde frå 26. juli 1980, 29. juli 1982, 28. juli 1983, 25. juli 1985, 30. juli 1987, 30. juli 1988, 26. juli 1992, 31. juli 1993, 28. juli 1995, 27. juli 1996, 26. juli 1997, 25. juli 1998, 31. juli 1999, 30. juli 2000, 29. juli 2001, 28. april 2002, 25. april 2004, 30. april 2006, 29. april 2007, 27. april 2008, 29. april 2012, 21. april 2013 og 17. april 2016. 

I FØREMÅL
§ 1.1  Noregs Mållag vil arbeida for å gjera den norske målreisingstanken til røyndom.

II SAMSKIPNADEN
§ 2.1  Noregs Mållag er landssamskipnaden for laga i målrørsla. Eit mållag skal ha minst 10 medlemer.

§ 2.2  I Noregs Mållag kan den vera med som vil arbeida for målreisinga i samsvar med prinsipprogrammet og lova for samskipnaden.

§ 2.3  I regelen skal einskildlaga innanfor ein landslut samarbeida i eit fylkesmållag. Fylkesgrensene skal så langt råd samsvara med fylkesgrensene i Noreg. Ingen av dei noverande fylkeslaga i Noregs Mållag kan slåast saman eller delast mot deira eigen vilje. Fylkesmållaga må godta lova for Noregs Mållag, og grensene for desse laga skal vera godkjende av landsmøtet i Noregs Mållag. Eit fylkesmållag skal ha minst 3 lag.

§ 2.4  Yrkesmållag som er skipa for heile landet, kan vera med i Noregs Mållag når dei godtek lova for samskipnaden. Har eit slikt lag minst 3 einskildmållag, kan det få same rettane i Noregs  Mållag som fylkesmållaga, etter vedtak på landsmøtet.

§ 2.5  Der det ikkje er fylkesmållag, kan einskildlag takast opp beinveges i landssamskipnaden. Landsmøtet avgjer slike saker etter tilråding frå styret.

§ 2.6  Folk som bur slik til at dei ikkje har høve til å vera med i eit mållag, kan verta beinveges innmelde i Noregs Mållag gjennom fylkeslaget.

§ 2.7  Noregs Mållag kan til vanleg ikkje meldast inn i ein annan samskipnad. Noregs Mållag kan vera med i internasjonale samskipnader som har tilsvarande føremål som Noregs Mållag. Innmeldinga skal skje etter vedtak gjort av landsmøtet.

§ 2.8 Samskipnaden heiter Noregs Mållag på norsk, Nøørjen Gïelesiebrie på sørsamisk, Vuona Giellasiebrre på lulesamisk, Norgga Giellasearvi på nordsamisk og Norjan Kielijoukko på kvensk. 

III NORSK MÅLUNGDOM
§ 3.1  Norsk Målungdom er ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag. Einskildlag i NMU er einskildlag i Noregs Mållag, men NMU gjer eigne vedtak om tuft, arbeidsprogram og lover som laga i NMU arbeider etter. Desse vedtaka kan ikkje stri mot det breie grunnlaget som ligg i lovene og prinsipprogrammet til Noregs Mållag. Dette grunnlaget er sams for dei to organisasjonane.

§ 3.2  Norsk Målungdom svarar ei -1- krone for kvar medlem til Noregs Mållag.

§ 3.3  Landsmøtet til Norsk Målungdom vel ein representant til styret og ein representant til valnemnda i Noregs Mållag, begge med personlege varafolk. Vala skjer for eitt år i gongen.

§ 3.4  Tilhøvet mellom NM og NMU er nærare ordna gjennom samarbeidsavtalen.

IV PLIKTER
§ 4.1  Når eit lag er med i Noregs Mållag, har det skyldnad til, så langt det evnar, å gjera røyndom av dei måla samskipnaden set opp i prinsipprogram og arbeidsprogram.

§ 4.2  Fylkeslaga, dei beinveges innmelde laga og yrkesmållaga skal syta for å få lovene sine godkjende av Noregs Mållag. I tilfelle det er usemje innan styret i Noregs Mållag om godkjenning, skal saka leggjast fram for landsmøtet til avgjerd.

§ 4.3  Fylkesmållaga og yrkesmållaga skal senda melding til styret i Noregs Mållag om nyskipa og oppattskipa lag. Det same gjeld Norsk Målungdom.

§ 4.4  Alle laga skal på føreskriven måte senda årsmelding og andre meldingar om arbeidet
sitt til styret i Noregs Mållag innan dei fristar styret fastset.

§ 4.5  Noregs Mållag fører medlemslistene for lokallag og fylkeslag, og pliktar å senda ut desse med jamne mellomrom. Laga pliktar å kontrollera dei og senda inn tillegg og rettingar.

§ 4.6  Noregs Mållag har faste årspengesatsar som vert vedtekne på kvart landsmøte. Landsmøtet tilrår ein lokal- og fylkessats. Årspengane vert kravde inn av Noregs Mållag sentralt, men dei laga som bed om det, har høve til å krevja inn årspengane sjølve.  Familiemedlemer betaler halv sentralsats. Lag som også er med i Noregs Ungdomslag krev inn årspengane sjølve og betaler halv sentralsats. Medlemer i yrkesmållag som også er med i lokallag, svarar ikkje sentral sats gjennom yrkesmållaget. Heidersmedlemer i Noregs Mållag svarar ikkje årspengar til samskipnaden. Noregs Mållag skal innan 1. mars betala ut lokallags- og fylkeslagssatsen for årspengar som er betalte inn året før. Lag med lokal innkrevjing skal innan same dato betala årspengar for året før til fylkeslaget og Noregs Mållag sentralt.

V  LANDSMØTET
§ 5.1  Noregs Mållag held landsmøte annakvart år. Landsmøtet fastset saklista. Kvart fjerde år vert det vedteke eit langtidsarbeidsprogram for Noregs Mållag. Landsmøtet kan likevel vedta særskilt hovudoppgåve for komande toårsperiode.
Kvart landsmøte skal likevel ha føre desse sakene:
a) årsmelding for siste landsmøteperioden
b) årsoppgjer for dei to førre kalenderåra, med ettersynsmelding
c) budsjett for dei komande to åra
d) årspengar for dei to åra etter komande året
e) val i samsvar med lova

§ 5.2  Omframt landsmøte vert halde etter vedtak i styret, eller når det blir kravt av så mange lag at representasjonsretten deira svarar til ein tredel av dei som har møterett på landsmøtet. På slike landsmøte kan det ikkje gjerast vedtak i andre saker enn den/dei som var årsak til innkallinga.

§ 5.3  Innkallinga til landsmøtet skal styret senda ut skriftleg til einskildlaga, fylkesmållaga og Norsk Målungdom seinast tre månader før fyrste landsmøtedagen. Framlegg til sakliste og krav om å senda inn den landsmøteavgifta som styret har fastsett, skal sendast saman med innkallinga. Sakspapir, medrekna tilrådinga frå valnemnda, skal vera utsende minst ein månad før møtet. Når lokallag og fylkeslag (ved styre eller medlemsmøte) sender inn grunngjevne framlegg (lovbrigde, fråsegner og andre saker), og dei er styret i hende seinast to månader før fyrste landsmøtedagen, har styret plikt til å føra sakene opp på saklista, men det er landsmøtet som fastset saklista endeleg. Landsmøtet kan stryka saker frå saklista med vanleg fleirtal. Landsmøtet avgjer med vanleg fleirtal om det vil ha føre fråsegner som kjem inn etter fristen.

§ 5.4. Utsendingar til landsmøtet skal som regel veljast på årsmøtet til laget. Årsmøtet kan gje styret eller eit lagsmøte fullmakt til å velja utsendingar. Valet skal då kunngjerast i innkallinga til møtet. Utsendingane må vera medlemer i det lokallaget dei er valde som utsending for, jfr § 5.5.

§ 5.5  Einskildlaga med frå 10 til 50 betalande medlemer for førre kalenderår kan senda 1 utsending til landsmøtet, lag med frå 51 til 100 medlemer kan senda 2 utsendingar, og større lag kan senda 1 utsending for kvart påbyrja 100 medlemer, opp til 10 utsendingar. Fylkesmållag med opptil 300 medlemer kan senda 2 utsendingar. Større fylkesmållag kan senda 1 utsending for kvart påbyrja 300 medlemer, opp til 10 utsendingar. For Norsk Målungdom gjeld same reglane som for fylkesmållag.

§ 5.6  Røysterett på landsmøtet har styremedlemene i Noregs Mållag, utsendingar frå Norsk Målungdom, fylkesmållag og einskildlag som har sendt årsmelding og årspengar for siste året og betalt landsmøteavgift. Landsmøtet kan vedta at nyskipa lag som har betalt landsmøteavgift, skal ha ein utsending med røysterett. Kvar utsending har ei - 1 - røyst.

§ 5.7  Berre talerett på landsmøtet har utsendingar frå lag som ikkje har sendt årsmelding og årspengar for siste året.

VI STYRET MED ARBEIDSUTVAL OG ETTERSYN
§ 6.1.  Noregs Mållag har eit styre på 7 medlemer og 4 varamedlemer, valde av landsmøtet. Alle vert valde for to år. 1 av styremedlemene med personlege varafolk vert vald av landsmøtet i Norsk Målungdom, jf § 3.3. Styret har øvste ansvaret for samskipnaden mellom landsmøta.
Dersom ein tillitsvald vald av landsmøtet i eit særskilt ombod ikkje kan stetta funksjonane han/ho er vald for, kan styret velja ein ny person i ombodet mellom dei landsmøtevalde.

§ 6.2  Styret kan ha eit arbeidsutval på 3 medlemer, leiar og nestleiar skal i så fall vera mellom desse. Styret fastset arbeidsføresegner for AU. Styret skal ha minst 6 møte i året.

§ 6.3  Styret er vedtaksført når minst 5 er til stades, av desse minst 3 styremedlemer.

§ 6.4  Styret kan setja ned arbeidsutval og råd for ymse arbeidsområde og tilsetja tenestefolk som det ikkje ligg til landsmøtet å velja. Styret skal fastsetja instruks for dei tilsette.

§ 6.5  Noregs Mållag skal ha eit landsråd samansett av leiaren, nestleiaren, fylkesleiarane, leiaren i Norsk Målungdom, 1 representant for yrkesmållaga vald på fellesmøte mellom styra i dei og 1 frå Norsk Målungdom vald på deira landsmøte. Nestleiarane i fylkesmållaga, Norsk Målungdom og 1 representant for yrkesmållaga er varafolk til landsrådet. Landsrådet skal vera eit drøftings- og planleggingsorgan for samskipnaden og eit rådgjevande organ for styret. Landsrådet skal normalt ha eitt møte i året.

§ 6.6  Ettersyn skal veljast på kvart landsmøte.

§ 6.7  Året før kvart stortingsval skal styret leggja fram ein arbeidsplan for å påverka dei politiske partia i valåret. Denne planen bør vera drøfta på rådleggingsmøte med utsendingar for fylkeslaga og Norsk Målungdom.

§ 6.8  I alle landsmøtevalde organ skal begge kjønn vera med. Har eit styre eller ei nemnd 5 medlemer eller fleire, skal begge kjønn vera representerte med minst 40 %.

VII VALNEMNDA
§ 7.1  Etter tilråding frå styret i Noregs Mållag vel kvart landsmøte ei valnemnd på 5 medlemer med 3 varamedlemer. Leiar for nemnda vert vald særskilt. Nemnda sit til neste landsmøte. Ein av medlemene med personlege varafolk skal vera vald av landsmøtet i Norsk Målungdom, jf § 3.3.

§ 7.2  I arbeidsbolken førebur valnemnda vala på landsmøtet. Nemnda oppmodar fylkesmållaga, einskildlaga og medlemene om å koma med framlegg til valet. Nemnda må ha ferdig tilrådinga seinast seks veker før landsmøtet.

VIII LAGSBRUK
§ 8.1  Dei fylkeslaga og einskildmållaga i Noregs Mållag som eig, driv eller har partar eller luter i forretningstiltak som ikkje kjem inn under lagsrekneskapen, betalar kvart år eit tilskot - lagsbruksavgift - til organisasjonen. Tilskotet skal fastsetjast som del av omsetnaden. Nærare reglar er fastsette i "Føresegner for lagsbruk".

§ 8.2  Lagsbruk skal nytta nynorsk i verksemda si.


IX TRYGGING AV EIGA
§ 9.1. Lag som er med i Noregs Mållag må alltid disponera eiga i samsvar med laget sitt eige føremål og det føremålet som gjeld for laget som medlem i Noregs Mållag.

§ 9.2. Ved nedlegging av eit lag, gjeld dei reglar laget sjølv har vedtektsfesta om dette, likevel slik at eiga alltid må disponerast i samsvar med føremålet slik det er fastsett etter denne lova § 9.1.

§ 9.3. Dersom vedtektene til laget ikkje har reglar om nedlegging, men laget like fullt må reknast som nedlagt, skal Noregs Mållag ta vare på eiga til laget til dess det vert skipa eit nytt lag på same stad og/eller med same føremål. Dersom slikt lag ikkje er skipa innan 5 år frå Noregs Mållag tok over ansvaret for eiga, skal Noregs Mållag disponera eiga til beste for målarbeidet på staden det nedlagte laget verka og/eller i samsvar med føremålet til det nedlagte laget.

§ 9.4. Eit lag skal alltid reknast som nedlagt når laget ikkje har levert årsmelding innan den fastsette fristen dei tre siste åra.

§ 9.5. Dersom eit lag vert nedlagt i strid med dei reglar som gjeld for nedlegging av laget, eller skiftar føremål slik at laget ikkje lenger kan stå som medlem i Noregs Mållag, gjeld § 9.3. i denne lova tilsvarande. Det same gjeld dersom laget disponerer eiga i strid med § 9.1. Dersom eit lag vedtek å melda seg ut av Noregs Mållag med 2/3 fleirtal på to ordinære årsmøte etter kvarandre, gjeld ikkje § 9.3., så lenge laget ikkje skiftar føremål.
  
§ 9.6. Kostnadene Noregs Mållag har ved å ta hand om eiga til eit lag, skal dekkjast av eiga det vert teke hand om.

§ 9.7. Ankesaker med grunnlag i avgjerder under §§ 9.1 – 9.6 skal avgjerast med endeleg verknad av landsmøtet i Noregs Mållag.

§ 9.8. Dersom Noregs Mållag blir lagt ned, skal alle aktiva Noregs Mållag rår over gå til føremålet til organisasjonen.


X  LOVBRIGDE
§ 10.1  Denne lova kan landsmøtet brigda med 2/3 fleirtal. Framlegg til brigde må kunngjerast minst 1 månad føreåt. Framlegga kan ikkje endrast på landsmøtet dersom endringane fører til at meiningsinnhaldet vert endra.
 

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no