Landsmøteavgifta er sett til 1000 kroner, og reiseutjamninga er 1600 kroner. Det vil seie at lokal- og fylkeslag betaler inn 2 600 kroner for kvar utsending til landsmøtet. (1 300 kroner for NMU)
Frist for betaling av landsmøteavgift er 2. april. Landsmøteavgifta skal betalast til kontonummer 3450 19 80058. Merk innbetalinga med lagsnamn og gjerne namnet på utsendingane. Har du spørsmål? Kontakt økonomikonsulent Berit Krogh.
Kva dekkjer landsmøteavgifta?Pengane som er sette av til reiseutjamning, vert brukte til å dekkja reisekostnadene til kvar utsending, etter rekning som skal sendast Noregs Mållag sentralt. Om det samla sett er kravt inn for mykje pengar, vert restsummen delt likt pr utsending og betalt attende til laga.
Frå og med landsmøtet i 2006 vart det innført ei ny ordning for landsmøteavgifta. Bakgrunnen er eit ynske frå lokallag i Noregs Mållag om å vita på førehand kva som blir utgiftene i samband med landsmøtet. Styret i Noregs Mållag har difor avgjort at landsmøteavgifta skal dekkje både sjølve avgifta og reise til og frå landsmøtet.
Det er fleire fordelar med felles landsmøteavgift: Alle delegatane betaler likt, uavhengig av kor langt dei har reist. Sjølv om det kan kjennast urettvist å betale reiseutjamning når landsmøtet er i same by, vil det i eit perspektiv på fleire år jamne seg ut for dei fleste lokallaga. Utgiftene til landsmøtet vil også vera kjent for lokallaga i god tid før landsmøtet.
Merk!
Dei åra vi har hatt ordninga med reiseutjamning, har det vore eitt og anna døme på dårleg skjønn. Det har vore svært tydeleg informasjon om at ein skal reisa på rimelegaste måte (men fly er greitt), og at billettane skal tingast seinast 4 veker før landsmøtet, jf påmeldingsfrist. Det er leitt at sume utsendingar likevel tingar flybillett same veka som landsmøtet er, noko som gjer at kostnaden ved éin billett er 3 000 kroner, der andre frå same område reiser for under tusenlappen.
Dette går ut over andre lokallag, som sjølv reiser rimeleg for å halda kostnadene nede, men direkte finansierer unødig dyre reiser for dei som er sist ute med planlegginga, fordi den totale utbetalinga frå reiseutjamninga vert høgare.
Frå og med 2009 vil vi undersøkja prisen for flybillettar 4 veker før landsmøtet for alle aktuelle flystrekningar til Oslo. Om lag/utsendingar vel å tinga i siste liten og reisa på dyrare måte enn det som er tilgjengeleg i slutten av mars, må laga sjølve stå for mellomlegget.
Observatørar til landsmøtet er ikkje med i denne ordninga. Avgifta dekkjer ikkje overnatting, mat, kulturkveld og landsmøtemiddag.Om du har spørsmål om ordninga kan du kontakte dagleg leiar
Gro Morken Endresen.
Landsmøtehotellet kostar 890 kr pr natt for enkeltrom (m/ frukost) og 545 kr pr person pr natt i dobbeltrom.