Pakketilbod for mat og overnatting
I år har vi laga til eit pakketilbod på heile landsmøtehelga. Røynslene frå tidlegare år viser at det vert mykje administrativt ekstraarbeid når alle skal tinga kvar enkelt måltid og andre arrangement. Til landsmøtet i år har vi laga ei pakke som inkluderer overnatting fredag-sundag, lunsj alle tre dagane, middag og kulturkveld fredag og festmiddag laurdag kveld. Denne pakka kostar 3000 kroner i enkeltrom og 2600 kroner i dobbeltrom.
Fristen for pakketilbodet er 12. mars. Dei som ynskjer å kjøpa berre deltilbod, kan ta kontakt med skrivarstova før fristen går ut.
|
|