Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Styret Skrivarstova Lagsoversyn Valnemnda Heidersmedlemer Årsmelding 2016-2018 Lover Landsmøte Landsmøtet 2018 Landsmøte 2016 Landsmøte 2014 Landsmøte 2013 Landsmøte 2012 Landsmøte 2011 Landsmøte 2010 Landsmøteavgift Pakketilbod Sakspapir Praktisk Landsmøte 2009 Landsmøte 2008 Landsmøte 2007 Landsmøte 2006 Landsmøte 2005 Landsmøte 2004 Landsmøte 2003 Landsmøte 2002 Landsmøte 2001 Landsmøte 2000 Landsmøte 1999 Seminar Historie Gåver Målprisar Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

1.4 Fastsetjing av landsmøteføresegnene

LANDSMØTEFØRESEGNER

Frå 24. juli 1980, med brigde frå 29. juli 1982, 27. juli 1995, 29. juli 1999, 26. april 2002, 28. april 2006, 27. april 2007 og 25. april 2008.

§ 1 Straks saklista for landsmøtet er godkjend, kjem styret med framlegg om møteplan der tida ein har til rådvelde, er delt mellom sakene som skal drøftast. Det ligg på styret, særleg på møtestyraren, å prøva å halda tidsplanen.

§ 2 Når landsmøtet er sett, kjem styret med framlegg om 4 ordstyrarar eller møtestyrarar, som landsmøtet skal velja. Dessutan:
A Fullmaktsnemnd med ein frå styret eller skrivarstova og to utsendingar. Representanten frå styret kallar nemnda saman. Nemnda vel sjølv leiar. Fullmaktsnemnda skal sjå til at utsendingane er valde i samsvar med § 5.4 og § 5.6 i Lov for Noregs Mållag av lag med utsendingsrett etter denne paragrafen, og at utsendingsfullmaktene er utferda av den som laget har gjeve mynde til dette. Nemnda skal gje landsmøtet melding om arbeidet sitt og tilråding om å godkjenna eller vraka fullmakter.

B 6 møteskrivarar som har ansvaret for at møteboka frå landsmøtet blir rett. Referat frå landsmøtet skal vera ferdig reinskrive frå møteskrivarane si hand og underskrive innan 1. juli.

C Redaksjonsnemnd på 5 medlemer med varafolk for andre saker på landsmøtet. Nemnda skal:
1) Gå gjennom innkomne framlegg til vedtak og fråsegner.
2) Forma framlegg til vedtak og fråsegner etter oppdrag frå landsmøtet.
3) Arbeida saman framlegg som går i same lei, helst i samråd med dei som har levert framlegga.

D Redaksjonsnemnd for særlege saker (om naudsynt).

E Røysteteljarar med varafolk.

§ 3 Møtestyrarane deler arbeidet seg imellom. Møtestyraren skal til kvar tid ha ein hjelpar ved styrebordet - så langt råd er, ein av dei valde møtestyrarane. Møtestyrarane skal sjå til at den godkjende møteplanen blir følgd, og skal prøva å fordela tida som er til rådvelde for kvar sak, såleis at alle utsendingar har høve til å leggja fram sitt syn. Ut frå dette skal dei gjera turvande framlegg om nedsett taletid eller strek. Taletida blir fastsett med vanleg fleirtal når ikkje lover eller landsmøteføresegner seier noko anna. Utsendingar kan òg gjera framlegg om avgrensa tid.

§ 4 Møtestyraren kan ikkje vera med i ordskiftet. Vil han vera med i ordskiftet, tek varamøtestyraren over. Møtestyraren kan likevel svara på merknader om møtestyringa.

§ 5 Innlegg til saksførehavinga skal vera stutte, aldri over 1 minutt. Ordskifte om saksførehavinga kan møtestyraren stogga etter 10 minuttar, og skal stogga etter 15 minuttar.

§ 6 Møtestyraren avgjer korleis ein skal be om ordet. Det skal vera høve til føreåt å be om ordet til ei sak eller til einskilde punkt i ei sak.

§ 7 Framlegg skal setjast fram skriftleg. Styret skal sjå til at framlegg blir mangfalda før dei blir tekne opp til avgjerd, så sant det er råd.

§ 8 Møtestyraren eller hjelparen hans fører talelista. Utanom lista kan landsleiaren eller den han har gjeve mynde til det, og ordskifteinnleiaren få ordet for å svara på spørsmål. Tillitsfolk og tenestefolk skal elles følgja talarlista og fastsett taletid.

§ 9 Taletida er i ordskifta i utgangspunktet 5 minuttar, i særhøve 10 minuttar, men kan avgrensast med vanleg fleirtal. Det er høve til å be om replikk. Med det meiner ein ein kort kommentar (maksimum ein minutt) til siste innlegget.
Det er høve til 2 replikkar etter kvart innlegg. Det er høve til svarreplikk. Dersom det trengst, kan replikkretten avgrensast.
Møtestyraren kan, når det er tid til det, med samtykke frå landsmøtet, gjera unntak frå tidsavgrensinga.

§ 10 Dreg eit ordskifte ut, kan møtestyraren eller utsendingar gjera framlegg om å setja strek for talarlista. Før strek blir sett, må dei som vil koma med framlegg, få gjera desse kjende, og alle som har merknader til framlegg, eller som ynskjer å vera med i ordskiftet, få melda seg til talarlista.

§ 11 Med vanleg fleirtal kan landsmøtet vedta å halda prøverøysting.

§ 12 Ein røystar til vanleg med å syna fastsett røystesetel. Personval skal avgjerast med skriftleg røysting dersom det ligg føre meir enn eitt framlegg, eller nokon krev skriftleg val. Landsmøtet avgjer elles om det skal vera skriftleg røysting, i fall det kjem krav om slik røysting. Det skal røystast over tillitsombod plass for plass.

§ 13 Landsmøtet avgjer med vanleg fleirtal alle tvilsspørsmål om møtestyring der det ikkje er lovfesta eller vedtektsfesta reglar å følgja.

§ 14 Landsmøtet kan fritt gjera avvik frå desse føresegnene.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no