Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. MAI 2013 Information in english


Nyhende Nyhendebrev Nynorskstafetten Sidemål Mållaget meiner Landsmøte 2013 Organisasjon Styret Skrivarstova Lagsoversyn Valnemnda Heidersmedlemer Årsmelding 2012-2013 Lover Landsmøte Landsmøte 2012 Landsmøte 2011 Landsmøte 2010 Landsmøteavgift Pakketilbod Sakspapir Praktisk Landsmøte 2009 Landsmøte 2008 Landsmøte 2007 Landsmøte 2006 Landsmøte 2005 Landsmøte 2004 Landsmøte 2003 Landsmøte 2002 Landsmøte 2001 Landsmøte 2000 Landsmøte 1999 Seminar Historie Grasrotandelen Lagsoversyn For lokallaga Barnehagekampanjen Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Klageportalen Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa Nyhende frå Noregs Mållag i RSS 2.0-format

Sak nr 7 Den språkdelte kulturen inn i barnehagen

Språkstimulering er ei av dei viktigaste oppgåvene for barnehagen. Stortingsmeldinga 41, Kvalitet i barnehagen (2008-2009) framhevar at dette er ei grunnleggjande oppgåve for barnehagane. For Mållaget som er oppteke av nynorsken spesielt og språkmangfaldet generelt, er dette oppløftande. Men vi må sikra oss at nynorsken vert ein del av språkmiljøet og språkstimuleringa i barnehagen.

Vi vil gjerne at ungar som veks opp i nynorskområde skal bli trygge i nynorsken så tidleg som mogleg. Og for ungar som har sin barndom i meir tradisjonelle bokmålsområde, er det viktig at dei møter nynorsken i bøker, songar og leikar. Og på den måten vert vande med at nynorsken er ein del av språkmangfaldet i Noreg.

I dag er det ikkje sjølvsagt at ungane møter nynorsk i barnehagen. Dei vaksne i barnehagen kan leggja til rette for språkstimulering ved å bruka bøker, språkleikar og songar aktivt. Og dette treng slett ikkje å vera berre på bokmål. Barn utviklar kulturell toleranse når dei vaksne er modellar for toleranse.

Saka om Den språkdelte kulturen i barnehagen skal gje kunnskap om korleis dei tilsette i barnehagane kan bruka det språklege mangfaldet i og rundt barnehagen. Det skal også gje inspirasjon til korleis mållaga kan arbeida for meir nynorsk i barnehagane. I tillegg til at det vil vere rom for å drøfta kva verkemiddel Mållaget rår over og kva som bør vera våre politiske krav til Kunnskapsdepartementet, dei offentlege barnehageeigarane; kommunane og dei private barnehageeigarane.

Noregs Mållag har sett i gang ein kampanje som heiter: Gjennom ord blir verda stor – kampanje for nynorsk i barnehagen. På landsmøtet vil vi presentera det politiske grunnlaget og planane for kampanjen, i tillegg til det nye materiellet retta inn mot tilsette i barnehagane, foreldre med ungar i barnehagen og til ungane. Dette skal vere materiell som kan brukast av alle laga våre over heile landet. Følg også med på våre kampanjesider på www.nm.no

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2013
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no