Sak nr 10 Fleirspråks- og morsmålspolitikk
Innleiingar ved Odd Monsson, Ivar Aasen-instituttet, Hilde Osdal. Høgskulen i Volda og Kamil Øzerk, Universitetet i Oslo.
Dette punktet er delt inn i tre tema; fleirspråk, morsmål og norsk for innvandrarar. På kvart underpunkt vert det ei innleiing på 20-25 minutt frå ein forskar som arbeider særleg med gjeldande tema. Det vert samla ordskifte etter innleiingane. Verdien av fleirspråkskunnskap • Innleiing ved Odd Monsson, høgskulelektor og instituttleiar på Ivar Aasen-instituttet, Volda
Verdien av morsmålskunnskap • Innleiing ved Kamil Øzerk, professor på Pedagogisk forskingsinstitutt ved Det utdanningsvitenskapelige fakultet, Universitetet i Oslo / professor II ved Sámi Allaskuvla (Samisk høgskule)
Norskopplæring for innvandrarar • Innleiing ved Hilde Osdal, høgskulelektor ved Høgskulen i Volda
Målsetjing Målsetjinga med punktet er å få eit ope ordskifte om nokre av dei viktigaste emna i framtidige ordskifte rundt norsk språk og språkpolitikk. Gjennom innleiingar frå leiande fagpersonar på desse områda vil vi sikre eit godt og kunnskapsbasert grunnlag for ordskiftet. Vi oppmodar utsendingane om å halde fram ordskiftet om desse emna i sine lokallag.
Det er ikkje lagt opp til å vedta ny politikk i saka, men ordskiftet vil leggje føringar for styret sitt arbeid den komande perioden. Til informasjon følgjer under eit utval av relevante utdrag frå gjeldande program, samt relevante vedtekne landsmøtefråsegner frå dei tre siste landsmøta.
Prinsipprogram for Noregs Mållag: Andre språkgrupper Røter i eige språk, eigen kultur og eigne tradisjonar gir folk tryggleik og eit godt grunnlag for eit likeverdig hopehav med andre. Noregs Mållag stør difor det arbeidet minoritetar i Noreg driv for språkleg og kulturell rettferd.
Arbeidsprogram 2008 – 2011 ”Meir nynorsk. Fleire målfolk” : Målrørsla må i særleg grad peika på at røynslene med nynorsk sidemål er særskilt relevante i eit fleirkulturelt Noreg med vesentleg større mangfald enn berre nynorsk/bokmål. I dei store, bokmålsdominerte byane handlar sidemål ikkje minst om integrering. Elevar med andre opphav enn det etnisk norske har moglegvis færre “klassiske” fordommar mot nynorsk. Dette opnar i så fall spanande rom for målrørsla. Det er avgjerande for framtida til nynorsk sidemål at større elevgrupper ikkje ”automatisk” vert stengde ute frå den nynorske skriftkulturen. Noregs Mållag skal arbeide for lik rett til nynorskkunnskap uavhengig av språkleg eller nasjonal bakgrunn. Dette arbeidet krev nært samarbeid med minoritetsspråklege sine eigne organisasjonar, der samarbeid om styrking av morsmålsopplæring òg vil vere viktig.
Internasjonalt program for språkleg og kulturelt mangfald Dei fleste stader i verda er folk fleirspråklege – fleirspråklege samfunn skapar fleirspråklege menneske. Talet på språk ein person meistrar, avheng den sosiale statusen til språkgruppa. Folk langt nede i det sosiale hierarkiet kan ofte språka til folk på same nivå pluss språka til dei høgare oppe, medan folk høgt oppe oftast ikkje kan språka til dei lenger nede, berre språka til folk med same eller endå høgare sosial status. Eit språk arvar status frå talarane.
<…>
Noregs Mållag [vil] ta kontakt og utvikle samarbeid med innvandrarar som er opptekne av si eiga språkstode i det norske samfunnet. Vi vil stø krava deira om betre morsmålsopplæring, og gjere det vi kan for at dei skal få ei norskopplæring der dei får høve til å lære meir om dei norske dialektane og det nynorske skriftspråket.
Landsmøtefråsegn 2009 ”Nynorsk for innvandrarar” I den seinare tid har innvandringa til Noreg auka sterkt. Mange nye landsmenn har slått seg ned i nynorskkommunar, og har trong til å læra seg norsk. Nyleg gjorde landsmøtet i Arbeidarpartiet vedtak om at løyvingane til norskundervisning for innvandrarar bør aukast monaleg. Landsmøtet i Noregs Mållag støttar dette fullt ut. Det er sjølvsagt at noko av desse pengane skal gå til nynorskopplæring for innvandrarar i kommunar som har nynorsk som hovudmål. Mange av innvandrarane ønskjer sjølv å læra nynorsk, slik at dei lettare kan slå rot i lokalmiljøet, og hjelpa borna sine med skulearbeidet. Det er urimeleg at dei blir avviste med at det ikkje finst læremiddel på nynorsk.
Noregs Mållag krev difor at Regjeringa og dei aktuelle kommunane og fylkeskommunane i fellesskap gjer noko for at dei nynorske læremidla som finst, skal bli tilgjengelege for dei innvandrarane dette gjeld, og at det blir produsert meir læremiddel for innvandrarar enn tilfellet er i dag.
Landsmøtefråsegn 2008 ”Gje minoritetsspråklege nynorskopplæring!” Minoritetsspråklege får oftast opplæringa si på bokmål, også i dei kommunane der ein nyttar nynorsk som hovudmål. Det er fleire negative konsekvensar av dette:
• Mange innvandrarar får vanskar med å forstå dialektar når skriftspråket ligg langt frå talemålet der ein bur, særleg dersom lærarane også nyttar bokmål som talemål i kommunikasjon. • Innvandrarforeldre får vanskar med å hjelpa borna sine med skulearbeid når dei nyttar to ulike skriftspråk. • Det generelle integreringsarbeidet kan verta vanskelegare. Språk og identitet heng saman.
Ei gjennomgåande grunngjeving for bruk av bokmål har vore at det ikkje finst tenleg opplæringsmateriell på nynorsk, og at det difor er lettare å nytta bokmål i opplæringa.
Det vil vera lettare for innvandrarar å nytta det språket dei møter der dei bur.
Kunnskapsdepartementet må syta for å få laga tenleg opplæringsmateriell på nynorsk for desse målgruppene.
Landsmøtefråsegn 2008 ” Gje morsmålsopplæringa eit lyft!” Landsmøtet i Noregs Mållag meiner morsmålsopplæringa i Noreg treng eit lyft. I Noreg er det mange minoritetsspråklege elevar som ikkje kan lese eller skrive sitt eige morsmål.
Manglande undervising i og på morsmål er eit problem, ikkje minst etter at opplæringslova blei endra slik at det er opp til kvar einskild kommune å avgjere kva norsklæreplan dei minoritetsspråklege elevane skal fylgje. Dei fleste har berre krav på morsmålsopplæring til dei er støe nok i norsk til å fylgje undervisinga på dét språket. I dag finst det knapt kommunar i Noreg som gjev skikkeleg morsmålsopplæring. Morsmålet til minoritetsspråklege blir altså ikkje sett på som ein ressurs i seg sjølv, og fokus er einsidig på det eigentlege språket, som er norsk. Dette er ei grov nedvurdering av kunnskapane elevane sit inne med. Opplæringa lyt byggje på ein premiss om at morsmålet i seg sjølv er viktig som grunnlag for fagleg og språkleg utvikling.
Landsmøtet i Noregs Mållag ber stat og kommunar prioritere morsmålsopplæring for minoritetsspråklege.
Landsmøtefråsegn 2007 ” Mangfald på norsk” Trond Giske har utropt 2008 til Mangfaldsåret, og Noregs Mållag ynskjer å gjera sitt til å gjera synleg og stø opp om det store kulturelle mangfaldet me har og ynskjer å ha i Noreg.
Språkleg og kulturelt mangfald er sett saman av mange ulike og særmerkte bidrag. Kvart språk må sikrast gode vilkår - dei må brukast og dyrkast.
Svært mange fyrstegenerasjons nordmenn kjem frå land med fleire språk, og ofte snakkar og/eller skriv dei fleire ulike språk før dei skal læra norsk. Dette meiner me er ein styrke heller enn ein veikskap i møtet med det norske språket og samfunnet. Mange innvandrarar viser stor forståing for den norske språkstoda med to skriftspråk og ulike dialektar.
Desse nye nordmennene må sikrast ei god og solid opplæring i norsk skule. Dei må få morsmålsopplæring som kan gjera dei sikre og trygge i sitt opphavlege morsmål. Samstundes må dei få lov å læra norsk – både bokmål og nynorsk – slik at dei blir betre i stand til å delta i samfunnet vårt.
Alt for ofte er bokmål det einaste språket dei får opplæring på og i, same kvar i landet dei bur. Sjølv dei som har gode norskkunnskapar vert rådde til å søkja fritak frå sidemål. Denne praksisen fører til einsretting, ikkje mangfald, og det hindrar integreringa av nye nordmenn.
Noregs Mållag krev at alt opplæringsmateriell skal liggja føre på nynorsk i tillegg til bokmål, og dette kravet gjeld også for vaksenopplæring.
I Noreg har me hatt språkleg mangfald både i tale og skrift også lenge før innvandringa byrja å skyta fart på slutten av 1960-talet. Før som no har det levd fleire folkegrupper her i landet med ulike språk. Men også innanfor norsk språk er det stor breidd og rikdom med levande dialektar og to skriftmål. Dette språklege mangfaldet må få ein sentral plass i Mangfaldsåret 2008.
|
|