Sak 11 Val
Denne saka inneheld tre vedtakspunkt: 11.1 Val av styre 11.2 Val av valnemnd 11.3 Val av revisor
Sak 11.1 Val av styre
Landsmøtet valde dette styret: Leiar Håvard B. Øvregård 1 år (attval) Nestleiar Jens Kihl 1 år (ny) Styremedlem Bente Riise 2 år (attval) Styremedlem Helga Hjetland 2 år (ny)
Styremedlemene Aud Søyland og Jon Todal er (ikkje på val)
Styremedlem vald av NMU: Janne Nygård
Vararepresentantar til styret (alle for 1 år): 1. vara Terje Kjøde 2. vara Olav Kuvås 3. vara Marit Aakre Tennø 4. vara Reza Rezaee
Vararepresentantar vald av NMU (for 1 år): 1. vara: Maria Svendsen 2. vara: Jostein Avdem Fretland
Frå valnemnda, 15. mars 2010,
Oddmund L. Hoel (leiar) s. Ragnfrid Trohaug s. Jo Heinum s. Bodil Haug s. Bror Magnus Sviland Strand s.
Bakgrunn for kvar enkelt styremedlem: Håvard B. Øvregård: f. 1975 i Nordfjordeid, Nordfjord, busett i Oslo. Medlem i Studentmållaget i Oslo (SmiO). Prosjektleiar i Idrettsforbundet og student ved Universitetet i Oslo. Leiar i Kringkastingsringen frå 2006-2009. Tidlegare landsstyremedlem i Norsk Målungdom og styret i SmiO. Brei organisatorisk og politisk erfaring, mellom anna som leiar i Norges Gymnasiastforbund 95-96, styremedlem i Landsrådet for Norske barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) 86 -98, styremedlem i det europeiske ungdomsforum (European Youth Forum) 98 - 02, nestleiar i Høyres Studenterforbund (HSF) 04 -05, varamedlem til sentralstyret i Høgre 04 -05. Yrkesbakgrunn frå mellom anna Barneombodet, Verdikommisjonen, Studentradioen Radio Nova, Norsk Zoonosesenter, Det Norske Studentersamfunn og Norsk Folkehjelp. Nestleiar i Noregs mållag 2008-09, leiar sidan 2009.
Jens Kihl: f. 1986 i Oslo, busett i Oslo, bachelorstudent i sosiologi. Tidlegare sivilarbeidar, nestleiar og leiar (2007-09) i Norsk målungdom. NMU-representant i styret i Noregs Mållag 2007-09. Har vore medlem i målnemnda til Bondeungdomslaget i Oslo og styremedlem i Noregs Ungdomslag sidan 2009. Styremedlem i Landsorganisasjonen for norske ungdomsorganisasjonar 2008-09, ungdomsdelegat til generalforsamlinga i SN 2010, medlem i den norske UNESCO-kommisjonen sidan 2008, leiar i Sagene SV sidan 2009. Tilsett hjå Nei til EU frå sumaren 2008.
Bente Riise: f. 1962 på Hareid, Sunnmøre, busett i Oslo. Medlem i Mediemållaget, utdanna journalist. Har jobba i Oslo Kringkastar, NRK, Dagbladet, Dagens Næringsliv A-magasinet. Har vore redaktør i Psykisk helse i vel 10 år. Er no redaktør i Syn og Segn, og leiar i Norsk Tidsskriftforening. Har sete i styret i Dag og Tid AS, to år som styreleiar . har vore med i eit par utval i NM, leiar i Hareid frilynde ungdomslag og i Sunnmøringen i Oslo. HELGA HJETLAND: f. 1948, busett på Kyrkjebø i Høyanger, Sogn og Fjordane. Har vore lærar og rektor m.a. i Bergen og Høyanger, leiar i Sogn og Fjordane lærarlag 1988-94, leiar Norsk Lærarlag 1995-2001, leiar i Utdanningsforbundet 2002-2009. Medlem av Bjørgvin bispedømmeråd 1990-94, leiar 1994-95. No pensjonist og aktiv organisasjonskvinne.
Aud Søyland: f. 1954 i Gjesdal i Rogaland, er no busett på Leira i Valdres. Har hovudfag i nordisk språk og litteratur. Arbeidde i Norsk språkråd frå 1984 til 1986. Har sidan drive som frilans språkkonsulent, omsetjar og medredaktør for Alf Helleviks Nynorsk ordliste. Medforfattar av Nynorsk av hjartans lyst. Har vore leiar i Studentmållaget i Oslo, redaksjonsmedlem i Mål og Makt, og var leiar i Norsk målungdom 1981–1982. Arbeidde som lotteriansvarleg i Noregs Mållag i 1981, og som studieleiar ein kort periode i 1983. Er medlem i Studentmållaget i Oslo, og i Nord-Aurdal Mållag. Har vore leiar i valnemnda i Valdres Mållag dei siste ni åra, og har sete i styret i Noregs Mållag frå 2007. Har elles brei organisasjonserfaring, mellom anna frå folkemusikkrørsla og internasjonalt kvinnearbeid. Er aktiv i lokalpolitikken, og sit i kommunestyret i Nord-Aurdal for tredje periode (for SV).
Jon Todal: f. 1952 i Aure på Normøre. Har budd i Finnmark sidan 1980. Er no professor ved Sámi allaskuvla/ Samisk høgskole i Guovdageaidnu/ Kautokeino. Har tidlegare arbeidd i ungdomsskulen, den vidaregåande skulen og i lærarutdanninga. Har dei siste åra særleg arbeidd med faglege spørsmål knytte til stillinga for innfødde minoritetsspråk og truga urfolksspråk. Aktiv i målrørsla på 1970-talet, og var då mellom anna leiar av målungdommen i Trøndelag i to år. Var varamedlem til styret i Noregs Mållag ein periode på 1980-talet. Fast medlem i styret i NM frå 2007.
Terje Kjøde: f. 1941 i Ørsta, busett i Ørsta. Utdanna lærar (adjunkt) og har arbeidd ei årrekkje i skuleverket som lærar, i andre stillingar og dei siste åra som rektor ved Volda ungdomsskule. Har òg arbeidd som konsulent og rettleiar. Har fjernsynsutdanning og har arbeidd som journalist, mellom anna i NRK. Har vore lokal- og fylkespolitikar for SV, mellom anna 16 år i Ørsta kommunestyre og fylkesleiar. Brei bakgrunn frå ungdomslagsrørsla og idrettsrørsla, særleg fotball. Styreleiar for Ørsta kino i 12 år. Styreleiar for Dei nynorske festspela på 90-talet. No pensjonist.
Olav Kuvås: f. 1949 i Skaun kommune, Sør-Trøndelag. Landbruksskule, jurist, jobba i Landbruksdepartementet , 16 år som kontorsjef i Landbruksbanken og arbeider no som advokat. Aktiv i ungdomslagsrørsla, styremedlem i Skaun mållag – no leiar. Har vore med i styret i Trønderlaget i 6 år både som skrivar og nestleiar. Har hatt mange verv i frivillige organisasjonar og næringsorganisasjonar, og i politikken i Skaun kommune.
Marit Aakre Tennø: f. 1977 i Haram, Møre og Romsdal, busett i Luster kommune i Indre Sogn. 4. vara til styret i NM 2008-2010. Hovudfag i filmvitskap. Arbeidsrøynsle frå Noregs Mållag og Nei til EU. Driv for tida eige føretak og arbeider for det meste med bygdeutviklingsspørsmål. Har organisasjonsrøynsle frå NMU, Noregs Mållag og Nei til EU. Tidlegare styremedlem i Sogn og Fjordane Mållag.
Reza Rezaee: f. 1960 i Iran, busett i Oslo. 3. vara til styret i NM 2007-2010. Cand mag i sosiologi frå Blindern og vidareutdanning i Gerontologi og Leiing frå Høgskolen i Oslo. Kommunetilsett i Oslo. Aktivt med i ulike freds- solidaritets- og kulturorganisasjonar. Tidlegare internasjonal leiar i SV. Tidlegare bystyrerepresentant i Oslo, bydelspolitikar i Sagene bydel.
***
Sak 11.2. Val av ny valnemnd
Landsmøtet valde slik valnemnd for 2010-2011:
Åsmund Lien, leiar (ny) Fødd 1947, busett i Os i Hordaland, kultursjef i Os kommune Ragnfrid Trohaug (attval) Fødd 1975, busett i Oslo, forlagsredaktør barne- og ungdomslitteratur, Samlaget Jo Heinum (attval) Fødd 1969, busett i Oslo, politisk rådgjevar for stortingsgruppa til Arbeidarpartiet Veronika Bonaa (tidlegare vara) Fødd 1976, busett i Gjerdsvika (Sande), lektor ved Ulstein vgs
Valnemndsmedlem vald av NMU: Bror Magnus Sviland Strand
1. vara: Oddmund Hoel (leiar 09-10) Fødd 1968, busett i Jostedalen, høgskulelektor i historie ved Høgskulen i Sogn og Fjordane 2. vara: Marit Hovdenak (ny) Fødd 1950, busett i Bærum, seniorrådgjevar i Språkrådet 3. vara: Olav Kuvås (ny) Fødd 1949, busett i Skaun, advokat hjå Krogstad
To varafolk vald av NMU: 1. vara: Eva Holthe Enoksen 2. vara: Tone Rossow
Sak 11.3 Val av revisor
Landsmøtet gjorde slikt vedtak: Vardens revisjonskontor vert valt til revisor for 2010.
|
|