Landsmøteavgifta er i år sett til kr 2600,- for kvar utsending, kr 1300,- for utsendingar frå NMU. Landsmøteavgifta dekkjer landsmøteavgift og reise for deltakarane. Opphald må betalast i tillegg, anten på faktura til Noregs Mållag eller direkte til overnattingsstaden.
Utsendingane kan velja om dei vil at Noregs Mållag skal tinga billettar og få rekninga sendt direkte hit, eller om dei vil tinga sjølv og senda reiserekning etter møtet. Meir informasjon om dette vert lagt ut her på nettsidene og kjem i eige skriv utetter vinteren.
Frist for betaling av landsmøteavgifta er 15. mars. Det vert ikkje sendt ut eigen giro for avgifta.
Pengane kan betalast direkte inn til konto: 3450.19.80058. Merk innbetalinga med landsmøte 2011, tal på utsendingar og lokallag.
Har du spørsmål knytt til betaling av landsmøteavgift er det rett å snakke med Berit Krogh. Du finn telefonnummer og e-postadresse i oversikta over dei
tilsette på skrivarstova.