Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Styret Skrivarstova Lagsoversyn Valnemnda Heidersmedlemer Årsmelding 2016-2018 Lover Landsmøte Seminar 2019 Vinterseminar 2017 Haustseminar 2017 Vinterseminar 2016 Haustseminar 2015 Vårseminar 2014 Haustseminar 2012 Dagsseminar 2012 Haustseminar 2011 Haustseminar 2010 Haustseminar 2009 Haustseminar 2008 Medieseminar 2007 Haustseminar 2006 Haustseminar 2006 Jubileumseminar 2005 Haustseminar 2004 Haustseminar 2003 Haustseminar 2003 Vinterseminar 2001 Haustseminar 2001 Vinterseminar 2000 Vinterseminar 1999 Vinterseminar Historie Gåver Målprisar Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk i næringslivet

Invitasjon til seminar om Nynorsk i næringslivet. Grand Hotel Terminus, Bergen, 16. – 17. januar 1999

Til målfolk og næringslivsinteresserte
Noregs Mållag inviterer medlemmer og andre interesserte til diskusjon om korleis vi kan styrkje bruken av nynorsk i næringslivet. Vi har invitert ulike representantar for bank, forsikring, reiselivsnæring og detaljvarehandel til å drøfte korleis dei praktiserer nynorsk og bokmål i lokal og nasjonal marknadsføring og korleis ein kan praktisere individuelt val av målform som del av kundeprofilen i til dømes bank og forsikring.

Seminaret er starten på ein kampanje for å få meir nynorsk i næringslivet. I første omgang tyder det å samle interesserte personar frå målrørsla og næringslivet, utvikle eit nettverk av ressurspersonar og peike ut kva utfordringar vi står andsynes. Vi erkjenner at dette er eit område Noregs Mållag har engasjert seg lite i dei siste tiåra, og at vi difor vantar den kompetansen vi treng. Dette vonar vi at både mållagsmedlemer og målvener i næringslivet kan hjelpe oss med å utvikle.

Vi ser fram til to utfordrande og spennande dagar der hovudspørsmålet er:

Er det pengar å tene på nynorsk?

Når dette spørsmålet er vel utgreidd og svart på, byr LNK og Samlaget på konferanse om språkteknologi på same stad. Dei som melder seg på begge tilskipingane, får ein gratis tre rettars middag sundagskvelden som premie. Vi ser fram mot eit vinterseminar til utvortes bruk!

Med vennleg helsing
NOREGS MÅLLAG

Liv Ingebrigtsen
leiar


PROGRAM
Laurdag 16. januar

1100 – 1110 Opning ved leiar i Noregs Mållag Liv Ingebrigtsen

1110 – 1130 Statssekretær Kjell Alvheim, Arbeids- og administrasjonsdepartementet: Det private næringslivet – skjerma for målstrid?

1130 –1215 Informasjonsdirektør Anne Karin Sveinall, Fokus Bank:Kan vi tene pengar på nynorsk? Korleis ta vare på nynorskporteføljen? Er det ein marknadsfordel eller ei marknadsulempe for Fokus Bank å vere tospråkleg? Blir kundane meir fornøgde når dei får kommunisere med banken på sitt eige språk?

1215 - 1300 Gruppediskusjon

1300 – 1400 Lunsj

1400 – 1430 Kommunikasjonsstrateg og tekstforfattar Øyvind Boska, Boska Reklame AS:Marknadsføring på nynorsk / nynorsk marknadsføring. Kva har nynorsken, kva har dialektane og kva har bokmålet? Kva ekstra er det nynorsken fortel? Om konnotasjonar og mytar som er knytte til språket.

1430 – 1500 Dagleg leiar Tron Bach, Sandven Hotel: Kan kvalitetane i språket utnyttast til betre marknadsføring? Kan mytane om nynorskingen som ”stø, ærleg, ekte, norsk” utnyttast som kvalitetsstempel, eller er det berre kjedeleg og bondsk med nynorsk? Røynsler med marknadsføring på nynorsk.

1500 – 1530 Kaffi

1530 – 1600 Styremedlem Egil Ytrearne, NKL / Forbrukarsamvirke:Har reklamespråket noko å seie for salet? Landsdekkjande og / eller lokalt tilpassa marknadsføring? Kva avgjer val av språk i marknadsføringa i eit språkblanda område?

1600 – 1700 Diskusjon

1930 Middag

Sundag 17. Januar

1000 – 1030 Konsulent Sigvat Morken, Gol: Næringsverksemd i eigen regi – historie eller framtid? Produktutvikling i Norske lagsbruk. Kaffistova 2000

1030 – 1100 Ann Margrethe Myhre, Suldal mållag: Kan målrørsla skape grunnlag for meir nynorsk i private bedrifter? Kva kan Noregs Mållag gjere og kva kan gjerast på lokalt hald?

1100 – 1130 Kaffi

1130 – 1230 Gruppediskusjon

1230 – 1330 Lunsj

1330 – 1400 Kontorsjef Laurits Godøy, Forbrukarkontoret i Molde: Språk som forbrukarspørsmål. Korleis kan kundane påverke språkbruken i private bedrifter? Er det legitimt å be om nynorsk?

1400 – 1500 Diskusjon, oppsummering og avslutning i plenum

1930 Middag for dei som skal vere over til konferansen måndag og tysdag

Tilskipar:
Noregs Mållag med støtte frå Fokus Bank ASA
Teknisk samarbeid med Landssamanslutninga for nynorskkkomunar (LNK) og Det Norske Samlaget

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no